Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Vervestand i Bergen: –...
Sølvi Helene Møinichen (t.v.) og Anna Nordlund frå Hordaland Nei til EU på vervestand i Bergen sentrum.
© Sindre Humberset

Vervestand i Bergen: – Veldig kjekt å stå på stand

– Det er mykje kjekke folk som stopper og veldig kjekt å stå på stand sammen med andre hyggelege Nei til EU-folk, seier Sølvi Helene Møinichen.

Laurdag 22. april kom underteikna tilfeldig over den fine standen til Hordaland Nei til EU ved Hovudbiblioteket i Bergen sentrum.

– Det var ein grei stad å stå ved biblioteket. Det er mykje kjekke folk som stopper og veldig kjekt å stå på stand sammen med andre hyggelege Nei til EU-folk, seier Sølvi Helene Møinichen (til venstre på biletet).   

I tillegg til Sølvi Helene Møinichen og Anna Nordlund, stod også Jane Nordlund på Nei til EU-standen, men ho var oppteken på anna hald då underteikna besøkte standen.

Anna Nordlund er samd med Sølvi i at det var kjekt å stå på stand.

– Vi fekk snakka med masse kjekke folk i alle fall, sjølv om det var iskaldt. Vi fekk 10-12 underskrifter også. For meg var det fint å stå på stand med Jane og Sølvi, fordi eg ikkje har stått på stand for Nei til EU sidan sist folkerøysting. Dei er relativt mykje meir oppdatert enn meg, smiler ho.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook