Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Vett 2-2009: EUs polit...
Forsiden Vett 2-2009

Vett 2-2009: EUs politi- og justissamarbeid – i dag og i morgon

Med sine tusenvis av sider med avtaletekstar, forordningar og handbøker, kan vi ikkje gå inn på alle sider ved Schengen her og heller ikkje alle detaljane. Dette VETT-heftet fokuserer på utviklinga på området dei siste elleve åra, spesielt i asyl- og flyktningpolitikken samt kva vi kan venta oss framover om eller når Lisboa-traktaten vert gjennomførd. Del ein gjev ei kort innføring i Schengen-samarbeidet, og del to utdjupar asyl- og flyktningpolitikken, serskilt fylgjene av Dublin II-forordninga.

Med Schengen er Noreg knytt til store delar av EUs politi- og justissamarbeid. Vi har gjeve frå oss mykje av sjølvråderetten på sentrale område for ein kvar stat – som grensekontroll og visumpolitikk. Likevel har vi ingen røysterett når EU vedtek ein stadig meir omfattande sams politikk. Men Noreg står utanfor viktige område – som det meste av asylpolitikken, lovleg innvandring, sivilrett og antiterrorarbeidet. Her kan vi føra den politikken vi sjølv ynskjer.

Ja-sida meiner det er eit argument for å melda oss inn for å få ein minimal innflytnad gjennom røysteretten. Vi meiner det er eit argument for at vi skal halda oss utanfor og seia opp Schengen-avtala, slik at vi kan ta attende makta over eigen politikk og samfunnsutvikling.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook