Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / – Vi må ha alle med os...
Benedikte Pryneid Hansen og Per Martin Sandtrøen
© Sindre Humberset

Benedikte Pryneid Hansen og Per Martin Sandtrøen engasjerte landsmøtedeltakarane i kampen mot TTIP og TISA. 

– Vi må ha alle med oss i kampen mot TTIP og TISA

Benedikte Pryneid Hansen og Per Martin Sandtrøen engasjerte Nei til EU-landsmøtet for å stoppe handelsavtalane TTIP og TISA.

Kampen mot TTIP og TISA er ei av hovudsakene på Nei til EUs landsmøte. Nestleiar Benedikte Pryneid Hansen og Per Martin Sandtrøen, rådgjevar i Senterpartiet si stortingsgruppe, innleidde til eit handlingsretta seminar om dei to handelsavtalane.

– Eg er oppteken av handlingsalternativ. Det hjelp ikkje med mykje kunnskap om vi ikkje veit kva vi skal gjere med den, sa Benedikte Pryneid Hansen.

– Alliansebygging og folkeopplysning må til for å stoppe TTIP og TISA. Vi må få fleire organisasjonar og parti på bana. Det er viktig å få ein debatt i kommunestyra rundt om, for å få vedtak om til dømes TTIP- og TISA-fri sone, sa ho.

– Vi må ha alle med oss. Utan neifolka i Arbeiderpartiet vinn vi ikkje. Utan grasrota i LO vinn vi ikkje.

TTIP og TISA er viktige for kampen mot EØS, og omvendt.

– Om vi klarer målet vårt om å få opp brei debatt om utmelding av EØS, vil det verte mykje vanskelegare å få Noreg inn i TTIP og TISA.

– Vi har svært mange med oss. Vi har ei utfordring med å formidle disse svært kompliserte sakene med vanskelege forkortingar. Vi må gjere det enklare. Vi må vise at TTIP og TISA ikkje er laga ut frå interessene til folk.

– Tilhengarane prøver å gjere dette vanskeleg for oss. Vi skulle ikkje vite om dette. Vi skulle ikkje sitje her på hotellet i Svolvær å snakke om dette. Men det gjer vi, sa Benedikte Pryneid Hansen. 

Liknar på innføringa av EØS-avtalen

Per Martin Sandtrøen meiner debatten om TTIP og TISA kan minne om starten på debatten før innføringa av EØS-avtalen.

– Regjeringa ga berre ei vag framstilling av kva EØS-avtalen ville bety, og dei som var skeptiske til avtalen vart latterleggjorde, sa Sandtrøen.

– Vi er opptekne å halde på den nordiske modellen. Men også i dei nordiske landa aukar skilnadane. Den mest effektive måten å hindre aukande skilnadar, er å sikre at alle innbyggjarane har tilgang til like gode tenester. TISA-avtalen kan stikke kjeppar i  hjula for politikken for å motverke aukande skilnadar, sa han.

TISA trugar offentlege tenester

– Regjeringa seier at TISA-avtalen ikkje omhandlar offentleg sektor. Men korleis er offentleg teneste definert i teksten? Ei teneste levert i forbindelse med offentleg myndigheit er ei kvar teneste som ikkje er levert kommersiell basis, eller i konkurranse med ein eller fleire tilbydarar, seier Sandtrøen.

– Men i veldig mange tenesteområde finst det kommersielle tilbydarar, og dermed kan dei områda verte omfatta av TISA-avtalen. Til sist risikerer ein å stå att med berre politi, forsvaret og domstolane som unntekne frå TISA.

– Eg kan ikkje vite kva konsekvensane av TISA vil bli, men det er vanskeleg å tru på at det ikkje vil få nokon konsekvensar.

– På same måte fekk vi mange garantiar for kva område som aldri kom til å bli omfatta av EØS-avtalen. Arbeidsliv, alkoholpolitikk, eigarskapsbegrensingar skulle ikkje bli berørt. Men alle dei er no omfatta av EØS-avtalen.

– Dette er vanskelege saker, men eg har lært meg til å seie det slik: Denne prosessen er ikkje demokratisk. TTIP og TISA tener heller ikkje vanlege folk. Difor er eg mot.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook