Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Vil ikkje miste makt t...
Lars Arne Ryssdal

Lars Arne Ryssdal, generalsekretær i Høgre, kommenterte målinga på Nei til EUs rådsmøte 24. oktober.

Vil ikkje miste makt til Brussel

Standpunkt 1-2011: Høgre-veljarane seier nei til EU:

Sentio si meiningsmåling frå oktober viser at også for Høgre-veljarar er motstand mot overføring av makt til Brussel den viktigaste grunnen til å seie nei til EU-medlemskap.

I ein artikkelserie har Standpunkt hatt fokus på partiet som med ein viss rett har vore rekna som det einaste reine ja til EU-partiet: Høgre. Dei aller fleste Høgre-veljarane har vore for EU-medlemskap sjølv når fleirtalet i folket har vore solid på nei-sida. Men i løpet av hausten 2010 har også Høgre-veljarane snudd. I september var det 38 prosent ja og 50 prosent nei blant Høgre-veljarane.

Men kva er grunnen til at Høgre-veljarane seier nei til norsk EU-medlemskap? I målinga som Sentio tok opp i oktober hadde Nei til EU fått lagt inn eit ekstra spørsmål til Høgre-veljarane for å finne ut kvifor dei seier nei til EU. 

Lars Arne Ryssdal, generalsekretær i Høgre, kommenterte målinga på Nei til EUs rådsmøte 24. oktober.

‒ Materialet frå Sentio er interessant. Høgre sjølv har ikkje denne kunnskapen, sa Ryssdal.

Dei spurde svarar at den viktigaste grunnen til at dei er mot norsk EU-medlemskap er at Noreg ville verte mindre sjølvstendig med EU-medlemskap (15 % svarar dette), deretter kjem argumentet om at “vi har det bra som vi har det” (også 15 %). På tredje plass kjem økonomiske problem og uro i Europa (11 %).

Ryssdal saknar spørsmål om konsekvensen for fiskeria som grunnlag for nei i materialet. Han meiner også at det i meningsmålinga burde vore stilt spørsmål om standpunktet er prinsipielt eller om det er situasjonsbestemt, altså at EU-medlemskap «ikkje er rett no».

Høgre-framgang og EU-krise

Ryssdal viser til at Høgre på nittitalet gjekk tilbake i dei områda av landet der nei-sida står sterkt.

‒ Høgre har no ein framgang på brei front, også i Nord-Noreg og på Vestlandet. Dette er ei delforklaring på framgangen for nei-sida blant Høgre sine veljarar, seier Ryssdal.

‒ Nei-haldninga er i tillegg knytta til finanskrisa i Europa. Økonomi er difor viktig for nei-haldninga. Dette er ein situasjonsbestemt skepsis mot EU-medlemskap, i motsetnad til dei Høgre-sympatisørane som har rapportert «selvbestemmelseretten» som den viktigaste grunnen til at Noreg ikkje bør gå inn i EU, meiner Ryssdal.

Inga endring i EU-standpunkt

Generalsekretæren avviser at Høgre vil endre politikk i EU-spørsmålet.

‒ EU-spørsmålet vil neppe vere avgjerande for mange i Stortingsvalet i 2013. Høgre ønskjer å gå inn i ein breiast mogleg regjeringskoalisjon, men EU-standpunktet til partiet vil neppe verte påverka av kven ein er i koalisjon med, seier han.

‒ Ein norsk EU-medlemskapsprosess vil truleg ikkje vere aktuell dei første to-tre åra. Det var 22 år mellom dei første folkerøystingane, og det er mykje som tyder på at det minst vil gå 22 år til den neste, trur Ryssdal. Neste EU-røysting vil altså neppe kome før 2016.

‒ Men om opinionen skiftar, vil EU-medlemskap kunne verte viktigere for Høgre, og EU-spørsmålet kome høgare opp på agendaen, slår han fast.

Lars Arne Ryssdal slår også fast at det er viktig å ha ein fundamental EU-debatt i Høgre.

‒ Alle er velkomne til å drøfte. Det er også plass for Høgre-medlemer med nei-standpunkt, understrekar han.

Fordommar

På spørsmål om har EU-tilhengarane har fordommar mot motstandarane, meinte Ryssdal at dette nok går begge vegar.

‒ Det finnes fordommar frå Oslo 3 mot nei-folk. Men eg trur at fordommane også går motsett veg. Det er også fordommar om ja-folk frå nei-sida, sa han.

Ryssdal vart også beden om å kommentere påstandane Paal Frisvold kom med i Finansavisen om at Nei til EU er den brunaste organisasjonen i Noreg.

‒ Tida er vel ute for «Holmgang-debattar» og svart/kvit-tenking. Grunnlaget for eit meir nyansert syn er tilstades. Både ja-sida og nei-sida har vel tilhengarar dei ikkje er stolte av, svarte Høgre-generalsekretæren, utan direkte å kommentere utspelet til Frisvold.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook