Du er her: Framside / Fylkeslag / Aust-Agder / Aktuelt / Presse og politikk / Olaf Gjedrem sin appel...

Aktiviteter

Flere aktiviteter

Olaf Gjedrem sin appell under Arendalsuka

– Sjølv om mandatfordelinga skulle verte den same som ved valet i 2013, så syner resultata at eit nytt Storting får 73 EU-motstandarar. Berre 38 seier no at dei er for medlemskap. Det er ei kraftig endring i positiv lei, sa Olaf Gjedrem, fungerande leiar i Nei til EU, i sin appell under Arendalsuka 2017.

Gode tilhøyrarar!

I 13 år har alle målingar synt at eit klart fleirtal i folket ikkje vil ha Noreg inn i EU.

Berre ein einaste stad i landet har det lenge vore fleirtal for EU-medlemskap. Dette er ikkje kva stad som helst, men i sjølvaste Stortinget. Når dei folkevalde er i slik utakt med folket som har vald dei, er det ikkje noko godt teikn.

Men det kan vere betring å spore! Nei til EU har òg føre dette valet gjort ei undersøking for å finna ut kva stortingskandidatene meiner om EU og EØS-avtala. Svara er både oppløftande og skuffande på same tid.

Eg tek det oppløftande først: Sjølv om mandatfordelinga skulle verte den same som ved valet i 2013, så syner resultata at eit nytt Storting får 73 EU-motstandarar. Berre 38 seier no at dei er for medlemskap. Det er ei kraftig endring i positiv lei!

Ei viktig årsak er at Arbeidarpartiet har tatt vekk målsettinga om EU-medlemskap frå programmet sitt og at Framstegspartiet har dreid i retning av et eit nei-parti. Dimed er det berre i Høgre at det enno er eit fleirtal EU-tilhengjarar. Men samstundes er det heile 58 mellom dei som kan få taburettplass på Tinget som ikkje har gjort seg opp ei meining eller ikkje vil svara på eit så sentralt spørsmål for landet. Korleis er det mogeleg?

Når det gjeld tilhøvet til EØS-avtala er spriken både innanfor og mellom partia større.

Berre 28 vil ha folkeavstemning om EØS-avtalen, medan heile 87 er imot. Her bør me særleg utfordra Framstegspartiet, som er tilhengjarar av at folket får «direkte beslutningsrett gjennom folkeavstemninger». Men så greier partiet ikkje å seie eit klart ja eller nei til folkeavstemning i høve til EØS. Kvifor ikkje? Om lag like mange stortingskandidatar er for som imot, og mange veit ikkje. Dette trur eg skuffar mange EØS-motstandarar som tenkjer røysta FrP.

Eg skal her ikkje slå dykk i houvudet med for mange tal. Eg rekk heller ikkje på denne stutte tida å nemne kva alle partia meiner. Kandidatundersøkinga finn de på nettsidene til Nei til EU og ho vert omtala nærare i fleire medier.

Det som er viktig for veljarane og for oss i Nei til EU, og som bør vere særs viktig for dei som blir valde inn på Stortinget, er at me vil ha klare svar på kva politikarane faktisk meiner før me legg røystesetelen i urna.

Me vil ikkje berre vite om dei er for eller imot EU og EØS. Det er mykje snakk om det såkalla handlingsrommet innanfor EØS. Difor ville me ha greie på kven som ynskjer å freiste ut dette handlingsrommet, i kva for saker og når og korleis dei vil gjere det.

To slik konkrete saker kjem opp i Stortinget i neste perioden. Den eine handlar om me skal la EU ta full styring over jernbanen i Norge og dimed gjera det uråd å reversere oppsplitting, anbudsutsetting og andre utslag av jernbanereforma. Det einaste verkelege handlingsrommet i EØS-avtalen er veto- eller reservasjonsretten. Den må eit nytt Storting bruke mot EU si fjerde jernbanepakke om me framleis skal ha nasjonal kontroll med og på skinnegangen.

Den andre saka er om Noreg skal underlegge seg EU sitt energibyrå ACER og med det la EU styre krafteksporten vår og strømprisane. Også denne suverenitetsavståinga kan stoggast med eit norsk veto. Dersom altså Stortingsfleirtalet vil.

Her syner tala at det rår stor uvisse mellom dei som skal representera oss, sjølv om dette handlar om eitt av Noreg sine viktigaste konkurransefortrinn. Om lag fire av ti veit ikkje kva dei skal meine, eller vil ikkje svara på, om EU skal få styre energistrøm og eksportkablar.

Det er urovekkande.

På den andre sida gler me oss over at tre av fire stortingskandidatar seier at dei vil bruka vetoretten meir aktivt. Det gjeld til dømes samtlige av kandidatane til KrF, Senterpartiet, SV, MDG, Rødt, Kystpartiet, NKP og eit overveldande fleirtal mellom representantane for Ap og FrP. Ja, nokre få frå Høgre også. Det er strålande!

Likevel kjenner me oss ikkje trygge. Kvifor?

Jau, av di hos dei som seier at dei vil nytta vetoretten oftare, som til dømes i KrF, så er det mange som ikkje vil nytta han når det gjeld jernbanepakka. Det gjeld overraskande også for Arbeidarpartiet, som er imot privatisering og sal av jernbanen. Jernbanepakka frå EU gjev pålegg om det som Arbeidarpartiet er imot.

Sjølv om berre nokre få av Ap sine kandidatar seier tydeleg at dei ikkje vil bruke vetoretten mot jernbanepakka, så er det allikevel berre ein av fire av dei som seier heilt klart ja til at dei vil trykke på vetoknappen. Det einaste fylket der kandidatane frå Ap er krystallklare på at dei vil reservere seg mot jernbanepakke 4 er frå eit fylke der det ikkje går tog: Finnmark.

Me ser at viljen til å bruke reservasjonsretten har ein lei tendens til å verte vekke når det kjem til dei konkrete EØS-sakene der han bør brukast. 3 av 4 stortingskandidatar vil bruka han meir aktivt. Men når det kjem til jernbanepakka frå EU, syner tala frå undersøkinga vår at berre 34 vil legge ned veto medan heile 73 allereie har funne ut at dei ikkje vil nytta vetoretten i denne saka.

Når politikarane over tid ikkje lytter til kva folket meiner, når dei forpaktar bort det nasjonale styringsrommet, da må det kome ein motreaksjon. Brexit er eit tydeleg døme på det.

EU og EØS-spørsmålet er avgjerande for korleis Noreg skal sjå ut i framtida. Me vil oppmode veljarane til å undersøka kva deira kandidater har svart – eller ikkje svart – på spørsmåla me har stilt dei. Ein bør òg spørre seg om kandidatar som ikkje vil svare eller ikkje har ei meining om så sentrale spørsmål, er verdige til ein plass på Stortinget?

Slik målingene ser ut no, òg dersom fleire av parti som slåss mot sperregrensa ikkje kjem over,  vil me få eit Storting med fleire EU-motstandarar, fleire som heller vil ha ein vanleg handelsavtale framfor EØS-avtalen, eit stort fleirtal som vil bruke vetoretten meir aktivt og fleire som vil bruke han når det gjeld til dømes Jernbanepakke 4.

Dette er bra. Men det er høgst uvisst om det er bra nok. Det er du som veljar som kan syta for at det er kandidatar med klar tale i EU- og EØS-spørsmålet som får din tillit.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook