Nyhetsbrev fisk 07-2006
I dette nyhetsbrevet kan du bl.a. lese om Nei til EUs stand på fiskerimessa Nor-Fishing 8.-11. august 2006, at torskeeksporten er større enn noen sinne og at oppdrett av "hvit fisk" øker.
frå Einar Jetne, sekretær i fiskeriutvalet i Nei til EU – 23.10.06
To nyheitsbrev kom ikkje – og eg er lei for det!
Forfattaren av nyheitsbreva var sjukmeld frå 14. august til 29. september i år på grunn av eit beinbrot, gipsing og legens ønske om at foten skulle bli halden på høgd med hjertet eller over – ei mindre god stilling når ein skal skrive nyheitsbrev.
Nor-Fishing
Verdas største fiskerimesser – Nor-Fishing fann stad i Trondheim i tidsrommet 8.-11. august 2006. Nei til EU (ved fiskeriutvalet) hadde eigen stand på messa.
Svært mange besøkte standen vår på Nor-Fishing, deriblant fiskeriminister Helga Pedersen. Ho tok seg god tid og syntest informasjonsmateriellet vårt var interessant.
Det ferske materiellet vårt gjaldt både marknadshindringar i forhold til EU, WTO og ressursovervakingsregime i EU og i Noreg. Det siste vart presentert i fakta-ark 1 og 2-2006. Desse finn du via kunnskapsbankens temaside om landbruk og fiskeri .
Torsken
IntraFish meldte 16.10. at EU aldri har importert meir torsk, verken i volum eller verdi enn i første halvår 2006. – Og Noreg er suverent største leverandør. EU sin samla torskeimport var på 203.000 tonn til ein verdi av nesten ein milliard euro.
Gjennomsnittsprisen på atlanterhavstorsk på EU-marknaden var 4,58 euro i første halvår. Samtidig oppnådde norsk torsk ein gjennomsnittspris på 5,56 euro.
Kritisk for torsk i EU-hav
Mens EU-marknaden etterspør meir torsk enn nokon gong før, er situasjonen for den levande torsken i EU-hava kritisk. Havforskarane foreslår 0-kvote for torsk i Nordsjøen og hevdar at rekrutteringa av småtorsk er så dårleg at berre absolutt 0-fangst i 2007 og 2008 kan bringe bestanden opp på berekraftig nivå i løpet av 2-3 år.
Det internasjonale havforskingsrådet, ICES, hevdar derimot at sei- og hyse-bestandane i Nordsjøen er i god forfatning.
Ikkje berre raud, men også kvit oppdrettsfisk i butikkane
I Noreg aukar oppdrettet av torsk, steinbit og kveite frå år til år. Også i utlandet skjer det eit raskt aukande (og mykje større) oppdrett av kvitfisk. IntraFish hadde 19.10.2006 eit oppslag om kvitfiskslaget ”pangasius” som er på rask innmarsj på EU-marknaden.
Dette fiskeslaget kan konkurrere med torsken i matfatet. I fjor oppdretta Vietnam 376.000 tonn pangasius. I 1997 var produksjonen av dette fiskeslaget i oppdrett i Vietnam på 40.000 tonn og i 2004 på 200.000 tonn. I år eller neste år kan oppdrettet av pangasius i Vietnam bli større i volum enn lakseoppdrettet hos oss. EU importerer omtrent 50 % av all pangasius som blir eksportert frå Vietnam.
Fiskemarknaden er global, både for norsk og vietnamesisk oppdrettsfisk.
Oppdrettstorsken
I fjor vart det slakta knappe 600.000 tonn opp­drettslaks og vel 60.000 tonn oppdrettsaure. Den tredje viktigaste norske oppdrettsfisken var torsk med vel 7.400 tonn slaktevekt. Samanlikna med laks og aure er dette lite, men slakta vekt vart meir enn dobla frå 2004 til 2005.
Det er vanskeleg å spå om framtida, men investorar spår når dei investerer. Nyleg vart det første norske torskeoppdrettselskapet , ”Codfarmers” (som trass i det lite norske namnet har det meste av produksjonen sin i Gildeskål i Nordland) børsnotert. IntraFish skriv i dag at Oslo Børs prisar Codfarmers til 400 millionar kroner. Dette må avspegle ei ekstrem tru på framtida for torskeoppdrett trass i at Codfarmers i fjor ikkje slakta meir enn 250 tonn torsk. I år blir det slakta 1.400 tonn og i 2008 er målet 13.000 tonn.
Ikkje berre her til lands, men også i Canada, på Island og Shetland er interessa for torskeoppdrett stor trass i at biologiske problem knytt til dette oppdrettet lang frå er løyste.
Marknadane for produktet er derimot svært god, og utsiktene endå betre: Kvotane internasjonalt på ville kvitfiskartar går ned, etterspørselen etter sjømat aukar og torsk er ein veletablert art i mange marknader.
Litt norsk statistikk
For få dagar sidan offentleggjorde Statistisk sentralbyrå fangststatistikk for dei viktigaste fiskeslaga for 1. halvår 2006.
I volum gjekk fangstane ned for dei fleste fiskeslaga, sa­manlikna med 2005. Men verdien gjekk opp!
Total fangst i tonn rund vekt var på 1.309.425 i år mot 1.454.323 i fjor. Sterkast nedgang var det for kolmule, frå 672.609 tonn til 584.608 tonn. Samtidig var det sterk verdioppgang for kolmula, frå 462 millionar kroner til heile 685 millionar. For sei var det registrert ein fin oppgang både i volum og verdi.
Samla verdi av norsk fiskefangst i første halvår 2006 var på knappe 5,9 milliardar kroner.
Den globale oppvarminga
Den globale oppvarminga er følbar når det gjeld havtemperaturane, og med varmare hav vandrar varmekjære fiskeslag nordover. Og det gjer også dei fiskeslaga som ikkje elskar varmt hav. Desse vandringane over dei seinare åra var tema på det internasjonale havforskingsrådet, ICES, sitt møte i Maastricht 19.-23. september i år.
Meir informasjon om kva som vart drøfta på møtet kan interesserte finne på Internett: http://www.ices.dk/indexfla.asp
Frå denne nettsida kan de også leite dykk fram til nokre av dei klimarapportane som låg til grunn for diskusjonane i rådet.
Fôr til oppdrettsfisken
I Kina blir det oppdretta store mengder planteetande karpefisk, men det meste av havoppdrettet gjeld fiskeslag som treng stort innslag av marint animalsk fôr. Det meste av fôrråstoffet har derfor vore industrifisk av ulikt slag, blant anna lodde, tobis og kolmule hos oss og anchovita m.v. i andre delar av verda.
Ei raskt veksande oppdrettsnæring globalt treng nye fôrkjelder. Dette er bakgrunnen for Kjell Inge Røkke si store satsing på tråling etter kril i Sørishavet, ei interesse som storfiskaren John Fredriksen deler, jamfør eit oppslag på nettsida til IntraFish i dag.
Noreg, EU og laksen
I vår anka Noreg antidump­ingstiltaka til EU mot norsk laks inn for WTO. EU har frist til 30. oktober 2006 når det gjeld å svare på Noreg sitt første prosesskrift til WTO.
Når svaret frå EU kjem, har tredjeland (USA, Canada, Japan, Kina og Sør-Korea) frist til 6. november til å kome med innspel. WTO sitt ekspertpanel skal i midten av desember samle partane til eit felles møte som vil strekke seg over fleire dagar. I dette møtet skal partane blir hørt – og panelet vil stille spørsmål som det må bli svart skriftleg på.






