Du er her: Framside / Kunnskapsbank / Publikasjoner / NtEU Analyse / NtEU Analyse: Sjølvråd...

NtEU Analyse: Sjølvråderett viktigaste Brexit-grunn

Reaksjonar frå media og breie politiske lag kan tyde på at Storbritannia har vorte ein nasjon av rasistar, og at det var difor dei røysta for å gå ut av EU. Men målingar viser at omsynet til sjølvråderetten var den viktigaste grunnen for å røyste Leave.

Ein grafikk frå lordashcroftpolls.com vart vidt spreidd på sosiale media dagane etter britane røysta Leave. Grafikken, basert på ei meiningsmåling utført på røystingsdagen, viste at av veljarane som meiner multikulturalisme er negativt, så røysta 81 prosent Leave og 19 prosent Remain. Av dei som meiner immigrasjon er negativt så røysta 80 prosent Leave og 20 prosent Remain.

I kommentarane vart denne grafikken brukt for å vise at dei fleste av dei som røysta Leave var rasistar.

Det er ingen tvil om at enkelte på Leave-sida spelte på framandfrykt i valkampen. Og vi har sett bileta av trakassering av britar med utanlandsk opphav etter at folkerøystinga var over. Slikt må vi ikkje bagatellisere eller forklare bort. Men i kva grad er dette representativt for Leave-veljarane?

 

Tala gjev eit anna inntrykk

Nederst i nettsaka der grafikken var publisert låg eit 304 siders dokument med alle tala frå meiningsmålinga grafikken var basert på. Ut frå dokumentet kan vi lese ei meir nøktern historie.

Det er ingen tvil om at dei som røysta Leave var meir skeptiske til både multikulturalisme og immigrasjon enn dei som røysta Remain, men tala er ikkje like dramatiske. 52 prosent meiner multikulturalisme er positivt eller både positivt og negativt, medan 48 prosent meiner i varierande grad at multikulturalisme er negativt. 38 prosent meiner immigrasjon er positivt eller både positivt og negativt, medan 62 prosent meiner i varierande grad at immigrasjon er negativt. 

Koplinga mellom rasisme og skepsis til multikulturalisme og immigrasjon er også ganske dryg.

 

Livet har vorte dårlegare for mange

Litt av forklaringa kan vi kanskje finne i spørsmålet om livet i Storbritannia har vorte betre eller verre dei siste 30 åra. 42 prosent av dei som røysta Leave meinte livet hadde vorte betre, mot 73 prosent av dei som ville bli. Motsett meinte 58 prosent av dei som røysta Leave at livet hadde vorte verre. Berre 27 prosent av dei som røysta Remain meinte livet hadde vorte verre.

Disse tala kan tyde på at dei som røysta for å gå ut av EU ikkje har fått teke del i velstandsutviklinga som Storbritannia har hatt dei siste åra. Den økonomiske veksten har vore stor, men ulikskapen har også auka, og store grupper har vorte pressa ut av arbeidslivet eller må klare seg med usikre og dårleg betalte jobbar. Det er ikkje vanskeleg å forstå at disse gruppene meiner den store arbeidsinnvandringa til Storbritannia har vore negativ. Og at det bidrog til  at dei røysta Leave.

 

Sjølvråderetten likevel viktigast

Trass i alt fokuset på temaet, så var det ikkje motstanden mot immigrasjon som var den viktigaste grunnen for å røyste Leave (sjå biletet til høgre).

Den viktigaste grunnen, med stor margin, var prinsippet om at avgjerder om Storbritannia skal takast i Storbritannia. Den nest viktigaste grunnen var at å gå ut av EU vil gje den beste sjansen til å få kontroll over immigrasjonen og over grensene. Den tredje viktigaste grunnen var at ved å bli verande ville ein vil ha liten kontroll over korleis EU utvidar medlemskapen og makta si.

Den viktigaste for dei som røysta Remain var at risikoen for økonomien, for arbeidsplassane og prisar var for stor ved å gå ut av EU. 

Og det er nettopp dette røystinga handla om. Veljarane har vegd sjølvråderett og fridom mot økonomisk uvisse. Og for eit fleirtal vog sjølvråderetten og fridomen tyngst. 

© lordashcroftpolls.com

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook