Du er her: Framside / Kunnskapsbank / Publikasjoner / NtEU Analyse / NtEU Analyse: TTIP – e...
Liv Signe Navarsete på Nei til EUs landsmøte

NtEU Analyse: TTIP – ein «gratis» veg ut av EU si krise?

«Økt vekst og kjøpekraft i EU og USA som følgje av TTIP (…)». «En TTIP-avtale vil sette standarder som kan utvikle seg til å bli globale».

Sitata ovanfor er henta frå debatt i Stortinget 26. mai i fjor og tilhøyrer regjeringa sin førre statsråd med ansvar for EØS-saker og tilhøvet til EU, Vidar Helgesen. Argumenta er ikkje Helgesen sine åleine. Same argumentasjon er ofte brukt av EU sine leiarar og av «superlobbyistar» i både Washington og Brussel. 

Ein «gratis» veg ut av finanskrisa?

EU er framleis inne i ei økonomisk krise. EU sitt regime med fri-flyt og fråvær av aktiv næringspolitikk har, saman med den katastrofale innføringa av euroen, skapt stor arbeidsløyse i ei rekkje EU-land. I ein slik situasjon er det kjærkome å kunne vise til ein plan ut av uføret: TTIP-avtala. Eit lekka dokument frå EU-kommisjonen i 2013 slo fast at EU, gjennom «sterk politisk kommunikasjon», skulle sikre at avtala blei ratifisert. Dette skulle gjerast gjennom å kommunisere det positive TTIP handla om – økonomisk vekst og global leiarskap. Dåverande handelskommisær i EU, Karel De Gucht,var ikkje smålåten då han allereie i 2013 slo fast at TTIP var «den billegaste stimuli-pakka du kan førestille deg ».

EU-leiarar var tidleg ute med å spå at TTIP ville skape vekst og arbeidsplassar. Dette er ikkje første gong frihandelsavtalar vert spådd å gje økonomisk vekst. Gabriel Siles-Brügge frå University of Manchester og Ferdi De Ville frå Ghent University presenterer i boka «The Truth about the Transatlantic Trade and Investment Partnership » ei omfattande analyse av forhandlingane og dei mest sannsynlege konsekvensane av TTIP-avtala. Dei viser til at same type modellar som vert nytta i analysa av TTIP vert og brukt både til å spå økonomiske gevinstar av EU sin økonomiske og monetære union og av NAFTA-avtala. Ein av dei mest velkjende modellane som føresa gevinsten av ØMU, spådde at EU sin indre marknad ville gje ein ekstra årleg økonomisk vekst på mellom 4,25 til 6,5 prosent. Allereie i 2007 var desse estimata halvert, og i dag ser vi at dei er totalt feil. Same  type modell føresa ein auka økonomisk vekst på 10,6, 2,1 og 13,1 % i høvesvis Canada, USA og Mexico som følgje av NAFTA-avtala. No peikar mange tvert i mot på at NAFTA kan ha ført til større ulikskap og tap av opp mot ein million arbeidsplassar i USA.

Veksten svarar til om lag ein kaffikopp i veka

Siles-Brügge og De Ville skriv at EU-kommisjonen fikk bestilt fleire økonometriske studiar meint for å vise dei økonomiske fordelane med TTIP. Dei viser at i følgje den mest siterte modellen kan TTIP gje ein auka økonomisk vekst tilsvarande 0,48 % i året i EU, medan den uka veksten vil bli om lag 0,39 % i USA. Denne veksten svarar til om lag ein kaffikopp i veka per europear. Dette kan neppe kallast ein avgjerande veg ut av finanskrisa.

Vel så viktig å merke seg er at uvissa i modellane er store. Det er ikkje overraskande, all den tid dei har feila fullstendig tidlegare. Siles-Brügge og De Ville skriv at uvissa i modellen referert til ovafor er større enn heile den estimerte veksten! TTIP kan dermed, til og med i denne modellen, gje negativ økonomisk vekst. Ein skal og hugse på at ein såkalla økonometrisk modell i stor grad er avhengig av trua til dei som lagar modellane, og korleis modellmakaren vel å leggje vekt på ulike faktorar. Det er liten grunn til å tru at nyliberale økonomar med sterk tru på frihandel undervurderer gevinstane i sine spådomar.

I fjor vår heldt den tyske økonomen Gabriel Felbermayr frå Senter for Internasjonal Økonomi, Universitetet i München, føredrag ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt. Her fortalde han at fleire økonomar no åtvara leiarane i EU mot å love fleire arbeidsplassar. Han verka ikkje sjølv å vere nokon motstandar av TTIP. Felbermayr understreka at sjølv om TTIP ikkje gav fleire arbeidsplassar, ville avtala kunne gje økonomisk vekst. Vekst utan arbeidsplassar vil fort gje auka ulikskapar. Ein eventuell vinsts av TTIP-avtala kan fort hamne på få hender – akkurat slik EU sitt fri flyt-prosjekt har gjort.

EU og USA til felles kamp for arbeidsrettar og miljø?

Fleire av EU sine leiarar marknadsfører no at dei og USA skal stå saman i kampen for standarar innan mellom anna arbeidsrettar og miljø. For få år sidan var eit sentralt argument mellom mange EU-tilhengjarar nettopp at EU var naudsynt for å styre globaliseringa, i stor grad som ei motvekt til USA. Følgjande sitat frå dåverande handelskommisær, Pascal Lamy, er illustrerande: «(..) there are two basic reasons to think that Europe is and will remain at the forefront of developing global economic governance. First, in the age of globalization, preserving our European social model – our specific combination of market economy, welfare state and democracy – requires action not only at the European level but also at the global level

Den «sosiale» modellen til EU blei sett på som meir etisk og sosialt ansvarleg enn USA sin turbokapitalisme. No, femten år seinare, er alt pratet om EU som ein motsats til USA forsvunne. No er tvert i mot argumentet at EU og USA har felles visjonar for sosiale rettar, og at me difor må gå inn i ein investeringsavtale som hindrar land i aust med «langt lavere standarder» å setje reglane for global handel.

Kva vil så effekten av TTIP vere på reguleringar innan miljø, forbrukarvern eller arbeidsrettar? Siles-Brügge og De Ville viser at den einaste måten TTIP der kan gje heving i globale standardar er dersom TTIP medfører harmonisering av EU og USA sitt regelverk. Det vil seie at reglar for både produksjon og sal av produkt i stor grad blir dei same i både EU og USA. Men om reglane skal gjerast lik, er det minst like sannsynleg at til dømes arbeidsrettar og miljølovgining i Europa vert senka ned til USA sitt nivå, som at dei vert heva.

Så framt EU og USA maktar å lage felles reglar som gir ei heving av standardar, kan dette gje tredjeland incentiv til å tilpasse sin lovgjeving til desse heva standardane. Harmonisering er derimot svært ressurskrevjande å få til i forhandlingar, då det medfører at minst ein part må gje opp sitt regelverk. Samstundes vil dette medføre ei vingeklipping av ulike institusjonar og tilsynsmynde, som neppe gir frå seg sitt mynde utan vidare.

Kan tilpasse seg den lågaste standarden

Gabriel Siles-Brügge og Ferdi De Ville peiker på at heller enn ei harmonisering, er det langt meir truleg at TTIP vil medføre ei gjensidig godkjenning av reglane i USA og EU. Gjensidig godkjenning vil seie at EU og USA beheld ulike reglar for produksjon, men at sal av produkt blir godteke i båe marknader. EU kan til dømes dermed framleis forby bruk av veksthormon i matproduksjon i Europa, men må godta sal av slike amerikanske produkt i eigen marknad.

Gjensidig godkjenning kan verte gjort på to måtar. Ein kan etablere regelverk med bilateral gjensidig godkjenning, som medfører at produkt produsert i USA og godtekne for sal der, også skal godtakast for sal i EU, og vice versa. Eit anna alternativ er gjensidig godkjenning også av produkt frå tredjeland. Dette vil seie at produsentar frå tredjeland får sine produkt godtekne for sal i både EU og USA, så fort produsenten først har får godkjenning for sal i ein av marknadane. Dersom TTIP medfører bilateral gjensidig godkjenning, står tredjeland ovanfor ein uendra situasjon (også i dag må produkt frå tredjeland verifiserast for sal i USA og EU separat). Siles-Brügge og De Ville slår samstundes fast at dersom TTIP medfører gjensidig godkjenning også ovafor tredjeland, vil ikkje TTIP heve globale standardar, men tvert i mot fungere som eit «race to the bottom». I eit slikt tilfelle vil produsentar tilpasse seg den lågaste standarden i USA eller EU, og gjennom dette få tilgang til både marknader.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook