| Publisert: 1. mars 2010 |
Sist oppdatert: 1. mars 2010 |
Soga om ei folkereising
Stikkord: Nei til EU, Norsk EU-debatt
Historiebok om norsk EU-kamp:Mot stormen og mot straumen kjempa nei-folk seg fram i 1994. No skal EU-kampen ut av gløymeboka og inn i historia.
– Dette skal bli eit praktverk om EU-kampen. Det skal ta for seg åra 1988–95, men også dra liner tilbake og framover, fortel Kjell-Erik Kallset, leiar av Nei til EU sin bokkomité.
Rådet i Nei til EU vedtok i oktober i fjor å utarbeide ei faghistorisk bok om førre EU-kamp. Det vart også vedteke å engasjere ein faghistorikar til å skrive boka, men tanken er at heile organisasjonen skal bidra.
– Vi vil prøve å få folk over heile landet til å sende oss materiale i form av bilete, historier og filmar, seier Kallset.
Udekt uver
Leiaren av bokkomiteen er ambisiøs. Han håpar å få fram så mykje som muleg av det som skjedde og vart sagt, og vil stille spådomar opp mot det som faktisk har skjedd. Han viser til at riksmedia ikkje gav eit dekkande bilete av situasjonen i 1994.
– Gro Harlem Brundland fekk full mediemerksemd da ho la røysta si urna på Bygdøy. Ho var strålande nøgd og kommenterte det gode veret. Trøndelagskysten derimot, hadde full storm. Der dreiv dei Aksjon frammøte, og eg håpar ein kan få fram korleis folk kjempa seg fram til lokala gjennom stormen. Verkelegheita ute ved røystelokala var heilt annleis enn på Bygdøy, konstaterer Kallset, som var informasjonssjef i Nei til EU i 1994.
Desentralisering i fokus
Dag Seierstad, medlem av bokkomiteen og styremedlem i Nei til EU i 1994, er også nøgd med prosjektet.
– Det er eit stort behov for å skrive Nei til EU si historie. Det er skrive overraskande lite i høve til kor viktig og omfattande dette var, og kor mange som deltok på begge sider, meiner han.
Ikkje minst er Seierstad oppteken av å få fram samspelet mellom det lokale og sentrale arbeidet i organisasjonen.
– Mange organisasjonshistorier legg mest vekt på landsmøte, styremøte og leiing.
Det å få fram særpreget ved den desentraliserte organisasjonen vår blir viktig, understrekar den mangeårige neiaktivisten.
– Største prosjekt sidan 1994
Bokkomiteen har vore i sving i lengre tid, både med økonomisk og fagleg planlegging. Utanom Kallset og Seierstad er komiteen sett saman av Tor Brostigen, Kristine Mollø-Christensen, Guro Fjellanger, Jo Stein Moen, Eva Nordlund og Nils Aarsæther, som alle var sentrale i 1994.
– Dette er heilt klart at det blir det største prosjektet organisasjonen har drive sidan 1994, meiner Kallset.
Han understrekar at det har vore viktig for komiteen å få dette til å bli eit faghistorisk verk.
–
Verket vil ha større fagleg tyngd. Det vil stå der som ein openbert viktig del av historia, meir enn journalistikken som ofte er forgjengeleg, seier komitéleiaren.
Felles forståing
Guro Fjellanger, som var generalsekretær i Nei til EU under EU-kampen, er overtydd om at boka vil ha ein viktig funksjon.
– Tidlegare leiar i Nei til EU, Kristen Nygaard, sa at det er viktig å ha ei felles forståing av verkelegheita. Det handlar om å vera samd om kvar ein står, seier Fjellanger.
Fjellanger meiner ho først og fremst kan bidra med eit vidt kontaktnett frå tida si i organisasjonen.
– Eg var med på heile løpet. Først som nestleiar i det som heitte Opplysningsutvalet om Noreg og EF frå 1988, deretter som generalsekretær frå 1991. Eg var sentral i organisasjonsbygging og reiste mykje rundt på fylkesårsmøte og liknande. Eg jobba også med den sentrale kampanjen og påverknad av media, forklarar ho.
Kampen mot eliten
Framover skal bokkomiteen mellom anna setja ned ei referansegruppe som skal følgje bokmanuset tett, og dei skal jobbe opp mot forlag. Heming Olaussen, leiar i Nei til EU, er spent på resultatet.
– Eg har store forventingar. Dette er eitt av dei største løfta Nei til EU har gjort, og det er veldig bra at fylkeslaga har gått inn med økonomiske garantiar. Det viser at prosjektet vekker begeistring i heile organisasjonen. Det blir eit historisk nybrottsverk, samstundes som det er meininga at det skal peike framover, seier han.
Olaussen meiner det er skrive altfor lite om vinnarane av folkerøystinga i 1994 og er klar på kva som er hovudføremålet med boka:
– Å få fram korleis makteliten kunne overvinnast i ei sak der dei sette inn alt dei hadde av ressursar for å vinne.
Av Marianne Granheim Trøyflat, marianne.gt@gmail.com
Tips en venn
|