Alver Nei til EU er stiftet, og har aktivitetsplan for sommaren klar.

Nystarta Alver Nei til EU legg opp til ein ambisiøs og entusiastisk aktivitetsplan framover mot valet.

Alver Nei til EU blei stifta 9. mai i år, og blir leia av Toril Mongstad. Med seg i styret har hun Tom Eddie Borge, Tronn Eriksen, Anna Nordlund, Jane Nordlund, Leiv Vetås, Elin Holmås Fanebust, Svanhild Monstad, Torbjørn Taranger, Olav Torheim.

Den 26. august inviterer me til folkemøte i Rådhuskantina i Knarvik. Morten Harper kjem og skal innleia om EØS/EU, kommuneval og kommunalt sjølvstyre. Me vil invitera listetoppar i alle dei politiske partia i den nye kommunen Alver og utfordra dei i synet på Hjelmengrapporten, Meldepliktsdirektivet, lokalt sjølvstyre mm.

Me har lagt planar for standsaktivitet i heile den nye kommunen, innbyggjarane vil sjå oss ofte og på ulike sentra. I tillegg vil fleire av oss delta på ein større Næringslivskonferanse den 4.9. Me vil neppe få løyve til å ha  stand der, men me kan ta ordet og stilla spørsmål. Endeleg vil me også møta opp på dei ulike politiske møta som kjem framover mot valet.

Me held fram med gjenvervingsarbeidet, og det går utruleg bra. Mange positive attendemeldingar og mange som vil ordna opp i ubetalt kontingent. Verving av nye medlemmer er også eit viktig arbeid, ikkje minst når me står på stand.

Så er me også utruleg stolte av at Nordhordland har fått status som Norges første biosfæreområde, det skjedde i Paris 19. juni. Om dette vil ha nokon innverknad på Nei til EU sitt arbeid, vil tida visa. Positivt er det uansett.

Styret i Alver Nei til EU

Leiar Toril Mongstad og resten av gjengen