Årsmøte i Alver Nei til EU 25.08.2020

Protokoll frå årsmøte i Alver Nei til EU 25.08.2020 Start 18.00 I Kantina Nordhordlandshallen, Knarvik

Dagsorden:

Velkomst og opning v/Toril Mongstad

  1. Konstituering av årsmøtet v/Toril Mongstad
  • Godkjenning av innkalling og saksliste

Innkalling og saksliste ble godkjent

  • Val av møteleiar

Toril Mongstad ble valt til møteleiar

  • Val av protokollførar

Jane Nordlund ble valt til protokollførar

  • Val av to som skal skriva under protokollen

Liv Hopland van der Kooij og Daniel Ducrocq ble valde til protokollunderskrivare

 

  1. Årsmelding 2019

Jane Nordlund leste opp årsmeldinga som ble tatt til etterretning av årsmøtet

  1. Rekneskap 2019

Jane Nordlund redegjorde for rekneskapen som ble godkjent av årsmøtet. 

Toril Mongstad opplyste at det per dags dato er 212 medlemmer

  1. Arbeidsplan for 2020

Toril Mongstad gjekk gjennom forslag til arbeidsplan som ble vedtatt med følgjande merknader:

Det bør sendast ut epost til alle medlemmer når vi skal ha standsverksemd med invitasjon til å delta.

  1. Budsjett 2019

Jane Nordlund gjekk gjennom forslag til budsjett.

Årsmøtet vedtok budsjettforslaget.

  1. Innkomne framlegg og fråsegner frå årsmøtet

Fråsegn om Storbritannia ute av EU. Toril Mongstad refererte forslaget som ble vedtatt med 2 presiseringar.Fråsegn om EØS/EU og demokratiutvikling.  Toril Mongstad refererte forslaget som ble vedtatt.

Styret fekk fullmakt til å sende fråsegnene til lokalavisene Nordhordland og Strilen

  1. Val

Valnemnda la fram sin innstilling:

Styre:

Leiar: Toril Mongstad. Vedtatt

Styremedlemmer: Jane Nordlund, Ingrid Sødal Eidsnes, Mette Molderheim, Arnulf Hjelmtveit, Sten Erik Greve. Vedtatt

Varamedlemmer: Eldbjørg Bakke, Helga Styve Hellestveit, Arild Aase, Arnfinn Halland. Vedtatt

Revisor: Anna Valle. Vedtatt

Valnemnda tilrår at styremedlemmer vert prioritert som utsendingar til fylkesårsmøtet, og at styret får fullmakt til å ivareta dette. Vedtatt

Valnemnd: Liv Hopland van der Kooij og Daniel Ducrocq. Vedtatt

Viktig: Kort tid etter årsmøtet gav Stein Erik Greve melding om at han ikkje hadde sagt ja til å ta noko verv i Alver Nei til EU. Han inngår såleis ikkje i styret i lokallaget.

  1. Avslutning

Leiar Toril Mongstad takka for oppmøtet og møtet var heva ca kl 19.