
Arendalsuka: – Vi står på!
Bjarne Berntsen Lieng står på stand for Nei til EU under Arendalsuka og er en entusiastisk medlemsverver.
_(2).jpg?quality=100)
Ho er leiar i Hordaland Nei til EU, som er eitt av seks fylkeslag i Nei til EU som saman har teke initativ til Høstkonferansen «Hva er virkeligheten i dagens EU?». Konferansen finn stad på Litteraturhuset i Oslo 26. og 27. september.
– Kva er bakgrunnen for konferansen? Kan du seie litt om kven som står bak og korleis de er organisert?
– Initiativet kom frå Oslo Nei til EU som etter kvart lufta ideen for andre fylkeslag. Det vart etablert ei arbeidsgruppe med deltakarar frå seks fylkeslag, Akershus, Hordaland, Oslo, Sør-Trøndelag, Vest-Agder og Østfold.
– Felles for oss alle er at me ønskjer å synleggjera sider ved EU som presse og media sjeldan presenterer, og som er lite til debatt i EU-samanheng i landet vårt. Ja-sida her i landet presenterer EU ofte som eit glansbilete og ein union me nesten ikkje kan klara oss utan. Me stiller spørsmål ved om dette verkeleg er ein union me ønskjer å vera medlem i.
– Kva ønskjer de å oppnå med konferansen?
– Me ønskjer å auka kunnskapen om EU i det norske folket. Me ønskjer å bidra til at folk tar eit standpunkt bygd på realitetar og fakta. Me ønskjer ikkje minst å synleggjera dei sidene ved unionen som det ellers ikkje vert snakka om. I tillegg ønskjer me å synleggjera eigen organisasjon, Nei til EU, gjera oss meir interessante som ein viktig og kunnskapsrik aktør i det samfunnspolitiske ordskiftet.
– Kan du seie litt om programmet?
– Programmet er delt i tre hovudbolkar. I del ein tar me for oss ytringsfrihet, lobbyisme og maktkonsentrasjon i EU.
– Eg trur folk vil verta overraska når dei høyrer at EU sanksjonerer einskildpersonar som i det offentlege rom ytrar seg sterkt mot vedteken politikk i EU i sentrale og store politiske saker.
– I del 2 ser me på tema som energi, råvarer, industri, velferdsstat og suverenitet. Her får me innleiingar om avindustrialisering i EU, konkurranseaspektet, behovet for ulike ressursar som EU ikkje har tilgang på innafor unionen. Kva betyr det for tredjeland som handlar med EU, kven er avtalane til gunst for?
– I del tre ser me meir på det geopolitiske bilete og EUs rolle her. Me ser verknadene av USAs politikk når det gjeld tryggleik, og me drøftar opprustinga innafor EU. Mange vil hevda at EU må spela ei større rolle i tryggleikspolitikken og at NATO kan bli svekka. Det stiller me spørsmål ved.
– Kva gler du deg mest til av det som er på programmet?
– Alle delane av programmet er interessante, men kanskje gler eg meg mest til del to? Eg gler meg veldig til å få meir kunnskap om EU og unionens utvikling på område som ikkje er ein del av den offentlege debatten i Norge. Eg ser fram til innleiingane, og ikkje minst til debattane som skal følgja etter dei. Så gler eg meg til at dette kan skapa meir blest om Nei til EU, og at det kan hjelpa til med å setja oss meir på dagsorden, gjera oss meir synlege og ikkje minst verta oppfatta som ei viktig samfunnspolitisk stemme som det viktig å lytta meir til!
– Kor mange er det plass til på konferansen?
– Det er plass til 200 personar, og prinsippet er først til mølla, avsluttar Toril Mongstad.
Les meir om konferansen og sjå detaljert program på nettsida Geopolitisk Forum
Stort bilde i toppen: Høstkonferansen «Hva er virkeligheten i dagens EU?» finn stad på Litteraturhuset i Oslo 26. og 27. september.
© Foto: Premeditated, CC BY-SA 4.0

Bjarne Berntsen Lieng står på stand for Nei til EU under Arendalsuka og er en entusiastisk medlemsverver.

5. august fyller Dag Seierstad 90 år. Gjennom sju tiår har han vært den fremste strategen, kunnskapsformidleren og ildsjelen i kampen mot norsk EU-medlemskap.

Vestfold Nei til EU ønsker alle medlemmer en god sommer. Samle krefter - det blir nok av EU/EØS-utfordringer framover.