
Rettslig invasjon
Kan en domstol selv utvide EØS-avtalen med nytt EU-regelverk?

Forslaget vart fremma 22. oktober av Terje Kollbotn, vararepresentant for Raudt i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, saman med stortingsrepresentantane Bjørnar Moxnes, Hege Bae Nyholt og Remi Sølvberg frå Raudt.
– Målet er å leggje grunnlaget for å ta attende nasjonal styring over kraftpolitikken gjennom konkrete endringar i energilova, og samstundes gjere opp med konsekvensane av EUs tredje energimarknadspakke, seier Kollbotn om forslaget i ei pressemelding.
– Hovudbodskapen i forslaget er enkel: Dersom Noreg skal få attende demokratisk kontroll over krafta, må vi ta i bruk verkemiddel som enno ikkje har vore prøvde. Difor føreslår Raudt at regjeringa tek i bruk vernetiltaket i EØS-avtalen artikkel 112.
Artikkel 112 gir høve til å setje i verk tiltak når ein står overfor alvorlege økonomiske, samfunnsmessige eller miljømessige problem.
– Raudt meiner at kraftkrisa, dei høge straumprisane, rekordeksport av kraft i 2025, låg fyllingsgrad og den svekka politiske styringa av kraftressursane våre gjer at vi er i ein slik situasjon no.
Forslaget frå Raudt kjem etter at Senterpartiet tidlegare i oktober fremma forslag om at «Stortinget ber regjeringen kraftig redusere strømeksporten grunnet strømsituasjonen i Norge». Energipolitisk talsperson Maren Grøthe i Senterpartiet grunna forslaget med rekordlav fyllingsgrad i vassmagasina og høge og uføreseielege straumprisar.
– Vi mener det nå må tas politiske grep som sikrer nasjonal kontroll over strømeksporten, sa Maren Grøthe til NTB.
Forslaget frå Senterpartiet vart votert over i trontaledebatten og vart ikkje vedteke mot eit stort mindretal.
Kollbotn oppfordrar til å bruke det nye forslaget i den vidare kraftdebatten.
– Målet med dette forslaget er å invitere alle partia og alle representantar både i energi- og miljøkomiteen og i resten av Stortinget og elles i samfunnsdebatten i Norge til å løfte fram og løyse dei store utfordringane vi i dag opplever på kraftsektoren før det er for seint.
Les meir om bakgrunnen for forslaget på Stortinget si heimeside
Stort bilde i toppen: Terje Kollbotn, vararepresentant for Raudt i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, overleverer representantforslaget til Stortingspresidenten 22. oktober 2026.
© Skjermbilde: Stortinget

Kan en domstol selv utvide EØS-avtalen med nytt EU-regelverk?

Uttalelse fra Nei til EUs landsmøte på Hamar 6.-8. november 2026.

Fagforbundets leder Helene Harsvik Skeibrok høstet applaus med sin hilsen til Nei til EUs landsmøte.