Marte Gjestvang Olimb og resten av staben pakkar 600 velkomstpakkar til nye medlemer.

522 nye medlemmer i vervekampanjen!

– Hurra, vi klarte det! Gratulerer til dykk alle, var kommentaren frå verveansvarleg Karl-Sverre Holdal då det endelege resultatet frå dei to kampanjevekene var klart. 

21 Pakkedugnad Marte
Marte Gjestvang Olimb pakkar 600 velkomstpakkar til nye medlemer. 

Nei til EU klarte å nå den målsetjinga som organisasjonen sette seg om å verve 500 nye medlemer i løpet av kampanjevekene 20. april til 4. mai. 

– Når vi har registrert dei siste innkomne vervingane, så landa vi på heile 522 nye medlemer i løpet av dei to kampanjevekene vi no er ferdige med. Dette er svært bra og noko vi alle kan vere stolte over.  Det er første gongen på fleire år at vi har nådd målsetjinga som er sett for kampanjevekene, slår Holdal fast. 

– Medlemsvervinga som er gjort er ein kombinasjon av verving frå ringelister, og vervingar via sosiale media. Det er verving frå ringelister som har gitt flest medlemer.

Hordaland beste vervelag

Hordaland er eit av dei fylkeslaga som sjølv har verva frå ringelistene, og som gjennom heile kampanjen har vore i topp på denne lista over vervingar i fylka. 

– Når vi no summerer opp kampanjen, så tronar dei i toppen, seier Holdal. 

Andre fylke som har vervet sjølv frå listene er Hedmark, Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland. I Finnmark og Nordland har det vore ein kombinasjon av å verve sjølv og å bruke den sentrale vervaren.  I tillegg er det ein del enkeltmedlemer som har bidrege til vervinga.

5 på topp-lista

Her er oversikta over nye medlemmer fordelt ned på fylka. 

  • Hordaland med 84 nye medlemmer.
  • Nordland med 64 nye medlemmer.
  • Finnmark med 43 nye medlemmer.
  • Buskerud med 36 nye medlemmer.
  • Hedmark med 32 nye medlemmer

Den videre plasseringa ser slik ut: Vestfold 30, Akershus 26, Oppland 26, Sør-Trøndelag 26, Nord-Trøndelag 25, Rogaland 21, Møre og Romsdal 19, Oslo 16, Østfold 16, Telemark 15, Sogn og Fjordane 14, Vest-Agder 11, Troms 10 og Aust-Agder 8.

I denne kampanjen viste ringevervinga seg å gi fantastisk gode resultat. 

22 video Thomas
Videoar med blant andre Thomas Haug ble brukt på sosiale media og nettsidene.

– Vi må gje ros til Magnus Westbye, som vi hadde engasjert som ringeverver. Av de 522 nye medlemene så har han vervet heile 236. 

Vervekampanjen var planlagt og førebudd i lang tid, men på grunn av smittefaren måtte opplegget endrast på kort varsel. Heldigvis var hovuddelane av kampanjen fullt mogleg å gjennomføre. Verving på sosiale media og ved hjelp av telefonverving kunne gjennomførast som planlagt. Standsverving var ikkje mogleg, og materiell som var planlagt til det, blei kansellert. 

På førehand blei det produsert seks videoar og mykje anna innhald til posting på Facebook og Instagram. Vi planlagde daglege postar på Facebook og Instagram gjennom heile kampanjen. Lenke til innmeldingssida gjekk igjen i alt vi la ut i kampanjevekene.

Vervinga held fram!

Kampanjevekene er over for denne gongen, men det betyr ikkje at det er slutt på vervearbeidet. 

– Sjølv om kampanjen er over, så må de fortsette vervearbeidet. Neste etappe er å nå målsetjinga som er sett for hele året, avsluttar Holdal.

Sjå dei fine videoane våre!

Sjå videoar og bilete frå kampanjen på Instagram og Facebook.

Standpunkt 2-2020

Denne kommentaren har stått på trykk i Standpunkt 2-2020.

Stort bilde i toppen: Marte Gjestvang Olimb og resten av staben pakkar 600 velkomstpakkar til nye medlemer. (Foto: Eivind Formoe)

reLATERT

Se alle arrangementer

Gunn Bodil Mathisen valgt til ny leder i Finnmark Nei til EU

26. mai 2023

På årsmøtet som ble avholdt 25. mai ble Gunn-Bodil Mathisen fra Bjørnevatn valgt som ny leder i Finnmark Nei til EU.

Strøm og landbruk i Heidal

12. mai 2023

Flotte omgivelser og gode diskusjoner når Sel og Heidal Nei til EU inviterte til åpent møte på tradisjonsrike Øvre Aaseng gard.

Ny leder i Nord-Trøndelag Nei til EU

03. mai 2023

Jon Olav Forbord ble valgt til ny leder for Nord-Trøndelag Nei til EU på fylkesårsmøtet 25. mars 2023. 

Nytt styre

28. april 2023

Styret i Østfold Nei til EU 2023

310 nye medlemmer på en uke

27. april 2023

– Midtveis i kampanjeperioden er vi på veldig god vei til å nå målet for vervekampanjen, sier verveansvarlig Karl-Sverre Holdal. 

Pangstart for vervekampanjen

20. april 2023

Nei til EUs vervekampanje har starta veldig bra med 105 nye medlemer etter to dagar verving, seier verveansvarlig Karl-Sverre Holdal. 

Møre og Romsdal Nei til EU ruster opp med gigantstyre

19. april 2023

Nei til EU i Møre og Romsdal har hatt fylkesårsmøte i Ålesund, 15 april, og vedtatt å trappe opp kampen mot EØS avtalen. Nå er planen å øke informasjonen om hva EØS-avtalen har medført, og også finne fram til yngre grupper som må nås gjennom nye kanaler. Du kan lese mer i hele artikkelen.

Åpent møte og årsmøte i Oslo Nei til EU ble avholdt 15. februar 2023

12. april 2023

Møtene ble arrangert på Hovedbiblioteket i møterom «Nøklevann».  På det åpne møtet var det 32 personer til stede. 

NtEUs Landsmøte 11.-13.11. Clarion Oslo Airport, Gardermoen.  

28. mars 2023

Oslo Nei til EU deltok med full delegasjon på landsmøtet, dvs. 7 delegater: Delegasjonsleder, Andreas Tharaldsen. Delegater, Lill Fanny Sæther, Berit Hein Moen, Vilde Dalen Andresen, Dag H. Berg, Paul F. Dietrichson og Arnfinn Schjalm. Delegasjonen besto av både nye og erfarne delegater og fungerte veldig bra, det var god stemning og samarbeidet gikk veldig fint. 

Jostein har skrive historia om EU-kampen i Gloppen

24. mars 2023

– Den viktigaste saka for Nei til EU no er energipolitikken. Vi har ikkje lenger lov til å drive med eigen energipolitikk, seier Jostein Hansen. Han har gitt ut bok om historia til EU-kampen i Gloppen kommune.

Energiduell på Grünerløkka

01. mars 2023

I overkant av 20 interesserte hadde møtt opp for å følge debatten om EUs energiunion –  dyrere strøm eller grønnere Europa. 

Medlems- og organisasjonsrådgiver (100 %) 

22. feb. 2023

**Avsluttet** Nei til EU søker engasjert organisasjonsrådgiver med ansvar for medlemsregister og vervetiltak i 100 % stilling.