Oddvar Skre. Her frå landsmøtet i Nei til EU i 2014. Foto: Tori Aarseth

Oddvar Skre til minne

Me har ikkje berre mista eit verdfullt medlem i fylkesstyret, me kjenner alle på at me og har mista ein god ven, ein god samtalepart. Me vil takka Oddvar for ein formidabel innsats i Hordaland Nei til EU, og me kjenner på sorg og sakn.

Vårt kjære fylkesstyremedlem gjennom mange år, Oddvar Skre, døyde 2. juli 2022. Me har mista eit aktiv, kunnskapsrikt, klokt, empatisk og humørfylt styremedlem, og me kjenner alle på ei stor sorg. Gjennom veldig mange år var Oddvar aktiv i Nei til EU, frå han starta der tidleg på 90-talet, først i lokallaget i Bergen og deretter i fylkesstyret. Han var fylkesleiar i åra 2002–2009, og deretter aktivt styremedlem heilt fram til i vår då han etter kvart måtte gje tapt for sviktande helse.

Me viste at Oddvar var sjuk. Likevel kom det som eit sjokk på oss då me fekk vita at livet hadde teke slutt. Oddvar var ein nær person, det var alltid godt å ha han med seg, enten det var i styremøte, på seminar, på Etne-marknaden der han deltok mange gonger, eller i sosialt lag over eit godt måltid. Oddvar var uvanleg kunnskapsrik, ikkje berre innanfor dei sakene som Hordaland Nei til EU arbeider med, men på så utruleg mange andre område. Nemnast kan naturvern, målsaka, kultur- og sogearbeid, korsong m.m. Me var heldige som fekk ha han hos oss, og me visste at me måtte dela han med mange andre. Rett som det var måtte Oddvar av garde til eit anna møte, for han var og sjølv innstilt på å dela seg over mange interessefelt. Oddvar sin lune veremåte, hans gode humør, hans skarpe penn og gode replikk var alle eigenskapar me fort lærte oss å verta glade i.

Sjølv vart eg kjent med Oddvar for knappe 10 år sidan, men det vart fort slik at eg syntest at eg hadde kjent han heile livet. Han var lett å koma inn på, og lett å snakka med enten det var om felles interesseområde, som me hadde mange av, eller meir nære og personlege ting. Var det noko attende i historia som måtte friskast opp, var det lett å spørja Oddvar, han kunne vera som eit vandrande arkiv, me visste at me fekk svar hos han. Like lett var det å be han skriva ein uttale, ei fråsegn eller eit lesarbrev til ei avis.

Me har ikkje berre mista eit verdfullt medlem i fylkesstyret, me kjenner alle på at me og har mista ein god ven, ein god samtalepart. Me vil takka Oddvar for ein formidabel innsats i Hordaland Nei til EU, og me kjenner på sorg og sakn. Det vert eit stort tomrom som me vil merka alle når han ikkje lenger er med oss i alle dei ulike samanhengane der han tidlegare var sjølvsagt. Det er ofte prisen for å ha kome nær på eit menneske slik me opplevde at me gjorde med Oddvar gjennom eit særs godt og langt samarbeid.

Takk for den du var Oddvar! Du vil alltid ha ein plass i hjarta våre. Varme tankar går til Gyri og familien.

Hordaland Nei til EU

Fylkesstyret v/leiar Toril Mongstad


 

Stort bilde i toppen: Oddvar Skre. Her frå landsmøtet i Nei til EU i 2014. Foto: Tori Aarseth (© Nei til EU)

reLATERT

Se alle arrangementer

Rådsmøtet feiret 20 år med nei-flertall

26. april 2025

Nei til EUs råd feiret at det i april 2025 har vært 20 sammenhengende år med nei-flertall på meningsmålingene om EU-medlemskap.

Rådsmøte 26.–27. april

26. april 2025

Her kan du følge vedtak fra Nei til EUs rådsmøte på Klækken Hotell i Hønefoss.

Inderøy Nei til EU er stiftet

03. april 2025

På et stiftelsesmøte 20. mars ble Inderøy Nei til EU stiftet. På stiftelsesmøtet ble et styre valgt og som ledes av Anders Hals.

En stor nei-kunstner har gått bort

02. april 2025

Rolf Groven gikk bort 26. mars i år. Nei til EU har hatt et nært forhold til Rolf Groven gjennom mange år og vi er svært stolte eiere av to ikoniske bilder som Groven har malt.

Inderøy Nei til EU er stiftet

02. april 2025

På et stiftelsesmøte 20. mars ble Inderøy Nei til EU stiftet. På stiftelsesmøtet ble et styre valgt og som ledes av Anders Hals.

Tom Ragnar Berg gjenvalgt som leder i Buskerud Nei til EU

23. mars 2025

På årsmøtet i Buskerud Nei til EU som ble avholdt på Hønefoss 15. mars 2025 ble Tom Ragnar Berg gjenvalgt som leder. Les mer om årsmøtet her.

Vedtekter Buskerud Nei til EU

23. mars 2025

Buskerud Nei til EUs vedtekter ble sist endret på årsmøtet i mars 2025.

Bærebjelker for Nei til EU

21. feb. 2025

Her kan du lese Nei til EUs bærebjelker – første gang vedtatt på landsmøtet 29. november 1992, med tillegg fra landsmøtet 15. november 1998, og revisjon fra landsmøtet 13. november 2016.

Over 150 nye medlemmer på striden om EP4

31. jan. 2025

Nei til EU har fått over 150 nye medlemmer siden nyheten kom om at Arbeiderpartiet vil fremme tre direktiver fra EUs energipakke 4 til vedtak i Stortinget.

– Om vi organiserer breitt så vinn vi

27. nov. 2024

Standpunkt samla i 2019 alle dei gjenlevande Nei til EU-leiarane til samtale om jubileet: – Den viktigaste lærdomen frå 1994 er at det er mogleg å utfordre den etablerte politiske og økonomiske makta, sa Stein Ørnhøi, leiar i Nei til EU 1995–1997.

Nei til EUs arbeidsplan 2025–2026

18. nov. 2024

Vedtatt av Nei til EUs landsmøte 8.–10. november 2024.

Nei til EU søker politisk rådgiver – vikariat

18. nov. 2024

*** Avsluttet *** Vi søker et selvstendig og kunnskapstørst menneske som vår nye politiske rådgiver. (1. februar 2025 til 15. oktober 2025 i 100 % stilling).