Nei til EUs vervekampanje har starta veldig bra med 105 nye medlemer etter to dagar verving, seier verveansvarlig Karl-Sverre Holdal.
Vervekampanjen går i år frå 17. april til 1. mai. I denne perioden skal heile organisasjonen ha eit ekstra fokus på verving, heilt frå styret og staben til fylkeslag og lokallag.
– Målet er 500 nye medlemer i løpet av kampanjevekene og å nå 20 000 medlemer innan året er over, seier Karl-Sverre Holdal.
Les mer om kampanjen her:
Vervekampanjen vart sparka i gang på rådsmøtet i Nei til EU 16. april.
Folkestyre, solidaritet og miljø
– Vervekampanjevekene i år er retta inn mot omnråda folkestyre, solidaritet og miljø, seier Holdal, og viser til nye kampanjesider på nettsidene som presenterer dei viktigaste argumenta for organisasjonen.
Holdal framhevar at Facebook og Instagram vil vere viktig arenaer for å formidle budskap i kampanjen.
(Artikkelen held fram under bildet)
– Her har vi ei kampanje med delebilder med emneknaggen #mittnei som vi håper resten av organisasjonen deler på sine eigne sider på sosiale media.
– I løpet av kampanjevekene vil vi dele bilder av aktivistar og tilliltsvalde i Nei til EU som viser fram dei viktigaste nei-argumenta sine.