
Standpunkt 3-2014
Standpunkt nummer 3-2014 er eit spesialnummer i høve 200-hundreårsjubileet for Grunnlova og 20-årsjubileet for folkerøystinga om norsk EU-medlemskap i 1994.
Avisa inneheld både kommentarar, intervju og bakgrunnsartiklar som set grunnlovsjubileet og jubileet for EU-røystinga inn i ein aktuell norsk og europeisk politisk debatt.
Avisa har artiklar om konsekvensar av EU-parlamentsvalet, om folkeleg motstand i EU-landa mot nedskjeringspolitikken, om sosial dumping og trygdeeksport og om konsekvensar av EØS-avtalen.
Jubileumsstoffet inkluderer ei biletutstilling frå kampen mot EU i 1994, ein kommentar om konsekvensar av den demografiske utviklinga frå 1994 til i dag på ein eventuell framtidig EU-kamp, utdrag frå Nei til EU si jubileumsbok og omtale om programmet for Nei til EU si jubileumsfeiring i 2014.