Gå til hovedinnhold
Av Ingunn Gjerstad, leiar i LO i Oslo

Eit fagleg nei til EU i 2026  

27. mars 2026
Arbeidsliv og faglig politikk
Norsk EU-debatt
EØS
Dei mest ihuga i Europabevegelsen og Retning EU seier at det aldri har vore så tunge grunnar for å søke medlemsskap i EU. Men få sluttar seg til frå våre kretsar i fagrørsla.

Vett 1 2026

Denne artikkelen kommer fra Vett nr. 1 2026 Arbeid for alle. Kjøp heftet her!

Formålet med EUs forløpar, Kull- og stålunionen i 1951, var handelssamarbeid. Med Romatraktaten av 1957 vart det ein tollunion og felles marknad der varer, tenester, kapital og arbeidskraft kunne bevege seg fritt. Formålet om å gjere EU til verdas mest konkurransedyktige økonomi, opp mot USA og Asia, vart forsterka i Lisboa-strategien i 2000.  Euro-LO, Europas sosialsektor- og miljøorganisasjonar kom i ein felles uttale i mars 2006 med denne omtalen av EU:

«EUs medlemsland prøver i alt for mange tilfeller å underby hverandre med lavest mulig lønn, de mest fleksible arbeidsforhold, de svakeste arbeiderrettighetene, den laveste sosiale beskyttelsen og den laveste profittbeskatningen.»[1]

I november i fjor kom Euro-LO med ein krass rapport som oppdaterer stoda i medlemslanda kva angår vekst og utvikling. Den viser at arbeidarane får mindre og mindre av det som blir skapt i EU.[2]

Rollar i folkestyret

Fagrørsla har fleire rollar i folkestyret. Ei er å dele makt og pengar som bidreg til å sikre velferd for oss alle, samtidig som vi bidreg til å løyse samfunnets behov for at arbeid vert utført forsvarleg for menneske og miljø. Vi i fagrørsla ser på dei politiske institusjonane i nasjonalstaten og arbeidsgjevarsida som partar der vi og freistar, og nokre gongar får til,  gode kompromiss og balanse mellom arbeid og kapital.

Mitt faglege nei kviler på motstand mot at EUs arbeidslivspolitikk handlar om det motsette, konkurranse mot botnen. At arbeidsfolk skal konkurrere om lågast mogeleg pris og vilkår for arbeidskrafta si, slik tømmerfløytarane gjorde, før fagforeiningane vart stifta. Denne metoden står i konflikt med vårt organiserte arbeidsliv, der partane forhandlar løn og andre vilkår kollektivt.

Vår metode bidreg til mindre sosiale forskjellar, sterkare arbeidarrettar og ryddige forhold. Difor er så mange som halvparten her i landet med i fagforeiningar. Når EUs politikk legg opp til å blande lovovreguleringer inn i forhandlingssystemet, særleg gjennom minstelønnsdirektivet, vert vi svakare. Då vert det og dårlegare oppslutning om  fagorganisering.

Deltaking i val etter klasse

Ei anna rolle som særleg vi i LO tek på oss er å oppfordre folk flest til å delta i folkestyret, bruke stemmeretten og velje politikarar som fattar vedtak som treff  basisbehova våre som innbyggarar. Ei stemme  tel like mykje uansett kor mykje du tener og har i formue. Ved norsk medlemsskap i EU vil makt og påverknad i viktige saker kome lenger unna oss. Det kan bli fleire som opplever å ikkje kunne påverke samfunnsutviklinga. I vala til EU-parlamentet, der  norske parti vil få om lag 14 medlemer utifrå folketalet, var det ved siste val i 2024 om lag 50 prosent som deltok.[3]

I stortingsvala våre deltek om lag 80 prosent av dei som har stemmerett, og vi kjem høgt på FNs demokratiindeksar. Om mange mister trua på stemmesetelen vil dei som freistar å kjøpe seg politisk innflytelse få meir makt. Vi såg det i valkampen i fjor for første gong spele seg ut i stort omfang. Tre kampanjeorganisasjonar finansiert frå næringsliv og arbeidsgivarsida støtta opp om høgresidas valkamp. Deira kampanjar gjekk nesten Trump ein høg gong. Det kom mange feilaktige påstandar og reknestykke om t.d. skattepolitikken regjeringa har. I Norge har vi prosessar no som skal regulere aktivitet som gir meir påverknad for dei med pengar, for å unngå svekka demokrati.

Interessepolitikk via lobbymakt

I boka  Nei til EU – argumenter for en ny generasjon skriv Freddy Andre Øvstegård om lobbymakta, gjennom intervju med ulike stemmer i fleire EU-land. Institusjonane i EU har vidopne dører for lobbyverksemd. For å halde oversikt og regulere næringsliv likt i eit så stort område som EU er, trengs det store ressursar. Næringslivslobbyistar kjem ofte inn som «ekspertar» tidleg i politikkutviklinga. Dei tek både kompetanse og sterke pengeinteresser med seg inn i arbeidet. Når EUs formål og politiske prosjekt er å sikre frie marknader og konkurranse kan det vi i fagrørsla reknar som viktig arbeidarvern og velferd kome i vegen for konkurranseevna. Det ser vi og i rapporten frå Euro-LO.

Den britiske organisasjonen OXFAM kom nyleg med ein viktig rapport om pengar og politisk makt. Det kjem fram at det er fire tusen (!) gonger så sannsynleg at ein milliardær innehar politiske verv enn vanlege folk. Og at 12 personar eig meir enn 4 milliardar menneske til saman.[4]

For fagrørsla er internasjonal solidaritet ein grunnstein

Vi deltek i demonstrasjonar i andre land og støttar fagleg kamp, utan medlemsskap i unionen. Vi påverkar våre parti når det gjeld nasjonal og internasjonal politikk. Eit døme er at tre veker etter at dei tre største byane i Norge hadde «anerkjenn Palestina som stat» som hovudparole i 1.maitoget i 2024, opplevde vi at vår regjering og storting gjekk inn for saka. Det er noko tyngre å få slutt på oljefondets investeringar i Israel, tross LOs kongress og vår bruk av politisk streik i november i fjor. Men Oljefondets totale portefølje i Israel er redusert frå 61 selskap frå utgangen av juni 2025, til 29 ved utgangen av året.

Den europeiske unionen er organisert etter formålet sitt. Å sikre fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft. Ein konkurranseøkonomi ovanfor resten av verda gir tøffare konkurranse mot botnen, og ikkje eit godt organisert arbeidsliv. Fagorganiserte i EU-land ber oss stå utanfor og samarbeide over grensene om våre felles formål. Slik kan vi bidra til meir demokrati, fellesskap og solidaritet.

Tips til meir lesing i notane og i boka Nei til EU – argumenter for en ny generasjon av Freddy Andre Øvstegård, Forlaget Manifest 2024.

Noter

[1] 30 år med EØS-avtalen, rapport fra Folkestyreutvalget, Nei til EU 2023, side 27.

[2] «Alt blir verre for arbeiderne i EU», Fri Fagbevegelse 18.12.2025, https://frifagbevegelse.no/magasinet-for-fagorganiserte/alt-blir-verre-for-arbeiderne-i-eu-6.158.1182535.12a481ddcd

[3] «Turnout by year», European Parliament 06.09.2024, https://results.elections.europa.eu/en/turnout

[4] «Resisting the Rule of the Rich», Oxfam 19.01.2026, https://www.oxfam.org/en/research/resisting-rule-rich

Stort bilde i toppen: For fellesskap: – EUs arbeidslivspolitikk handlar om konkurranse mot botnen, skriv Ingunn Gjerstad, leiar i LO i Oslo. Her på ein demonstrasjon saman med nestleiar Harald Braathen.