
En stor nei-kunstner har gått bort
Rolf Groven gikk bort 26. mars i år. Nei til EU har hatt et nært forhold til Rolf Groven gjennom mange år og vi er svært stolte eiere av to ikoniske bilder som Groven har malt.

Pål leverte fast teikningar til Standpunkt under kunstnarnamnet Ukrut, frå 1997 til og med sist nummer i oktober i 2020. Dei første åra stod teikningane på baksida. Etter kvart vart dei flytta til andresida, der dei stod som ein kommentar til leiar-artikkelen. Pål samarbeidde først med Heming Olaussen, og deretter med Kathrine Kleveland om tema og innretning på leiarartikkel og teikning.
Under EU-kampen i 1994 laga Pål Hansen teikneserien AstEUrix – Valgets kvelertak, for Ungdomskampanjen mot EU. «Tegneserieheftet AstEUrix lagde jeg i akvarell. Rekord-opplaget tok kun tre uker å skape og distribuere. De Sandvigske samlinger, Maihaugen stilte ut originalene», skreiv Pål i ei oversikt over alt det mangfaldige han laga gjennom livet.
Då EU-kampen tilspissa seg var han med på å starte opp Ikke Dytt Nytt, ei sjølvstendig humoristisk dagsavis som vart delt breitt ut i Oslo-området, og som vi også fekk lese utover i landet. I Studentar mot EU i Bergen kasta vi oss over kvart nummer med stor glede. Pål teikna, koordinerte redaksjonen og hadde layout og design på avisa.
Eg blei sjølv kjend med Pål gjennom mange kreative prosessar for å vidareutvikle måten Nei til EU kommuniserte på. Vi snakka om logoar, design, utforming av bodskapen til langt på natt. Og Pål delte av dei uendelege historiene sine og viste oss det han hadde laga. Det var ekstremt lærerikt og veldig morosamt.
I 2008 blei Pål heidra ved å bli årets landsmøtekunstnar på Nei til EU-landsmøtet på Hell, og han heldt eit foredrag for landsmøtet der han presenterte arbeida sine.
Pål vil bli sakna, både av Nei til EU og meg sjølv.
Dette minneordet har stått på trykk i Standpunkt 1-2021.

Rolf Groven gikk bort 26. mars i år. Nei til EU har hatt et nært forhold til Rolf Groven gjennom mange år og vi er svært stolte eiere av to ikoniske bilder som Groven har malt.

Berit Ås vil bli husket som en modig og visjonær leder som aldri ga opp kampen for det hun trodde på.
