
Nei til EU gratulerer AUF med fortsatt nei til EU-medlemskap
Pressemelding fra Nei til EU, 17.10.2026

Folkerøystinga 28. november 1994 ga som resultat at 52,2 prosent av veljarane røysta nei. Kvinner var meir skeptiske enn menn, og folk på bygda meir skeptiske enn i tettbygde område.
Den historisk høge valdeltakinga på 88,9 prosent gav tyngde til resultatet. For andre gong hadde folkefleirtalet stått mot det enorme presset.
Tiårsjubileet for folkerøystinga vart feira med stor konferanse, jubileumsavis, arrangement rundt i landet og ein fest på Rockefeller i Oslo.
I 2014 feira Nei til EU eit dobbeltjubileum. Då var det 20 år sidan folkerøystinga i 1994, og det var 200 år sidan Grunnlova vart vedteken. Jubileumsåret vart feira over heile landet med arrangement frå kampanjelanseringa 10. februar til avslutninga med jubileumsfest på Sentrum Scene i Oslo 28. november 2014. I mellom hadde vi mellom anna jubileumsstafett som var innom 122 kommunar.
Dag Seierstad si jubileumsbok vart lansert 25. november 2014. Bokprosjektet var eit svært stort løft for Nei til EU. No er historia skriven, og boka får ny aktualitet når vi neste år skal feire 25-årsjubileet.
Nei til EU inviterer no alle medlemer til å bidra med innspel til korleis jubileet skal feirast. Standpunkt vil følgje jubileumsfeiringa gjennom heile året.
Jubileumsboka Folket sa nei kan bestillast på Nei til EU sin nettbutikk.
Stort bilete: Festplassen i Bergen 25. september 1994. Foto: Per Lothar Lindtner og Unni Elisabeth Hovden.

Pressemelding fra Nei til EU, 17.10.2026

Idéene om EU som en forsvarsunion har blusset opp de siste par årene. Interne forhold i EU og nye europeiske initiativer gjør dette imidlertid til en usannsynlig tanke.

8. oktober døde Dag Seierstad, 90 år gammel. Gjennom sju tiår var han den fremste strategen, kunnskapsformidleren og ildsjelen i kampen mot norsk EU-medlemskap.