
Gummiparagrafen
Det bør bekymre flere enn EØS-kritikerne at regjeringen vil gi overvåkingsorganet ESA økt myndighet til å ilegge norske firma bøter og begrense handlingsrommet for statsstøtte.

Rett nok har EØS-avtalen ein tilleggsprotokoll om kvotar og tollsatsar for fiskesal mellom landa. GATT-reglane om toll gjeld òg. Men dei særlege vilkåra for fiskeeksporten står i handelsavtalen frå 1973. Den avtalen blir regelmessig oppdatert, sist i 2016. I den siste oppdateringa står det: «Særbestemmelsene som gjelder for innførsel til Den europeiske union av visse fiskeslag og fiskevarer med opprinnelse i Norge, er fastsatt i denne protokoll og i vedlegget til protokollen.»
Dei står med andre ord ikkje i EØS-avtalen, men i ein tlleggsprotokoll til handelsavtalen frå 1973, og den avtalen vil gjelda også om EØS-avtalen blir sagt opp. Noko som seinast blei bekrefta av NHO-direktør Tore Myhre på konferanse i Stavanger 27. mai i år.
Marknadssituasjonen er viktigare enn dei minimale tollsatsane. Når det gjeld fisk, er det seljars marknad, og då er det kjøpar som blir ramma viss tollsatsane aukar.
Om Norge seier opp EØS-avtalen, vil det ikkje endra på vilkåra for fiskeeksporten. Me vil neppe merka nokon forskjell.
Folk skal visst ikkje vita at me har to handelsavtalar med EU, både handelsavtalen frå 1973 og EØS-avtalen, og at den gamle handelsavtalen gjeld den dag i dag — den er aldri sagt opp. Dei som vil, kan sjølv sjekka dette ved å gå inn på lovdata.no:
Avtale mellom Norge og Det europeiske økonomiske fellesskap (EF), datert 14.5.1973
Tilleggsprotokoll til Avtalen mellom Norge og Det europeiske økonomiske fellesskap, datert 3.5.2016
Er det for mye å håpa at EØS-tilhengarar skal halda seg til saklege argument? Skal ein tru dei, er EØS-avtalen årsak til alt som er godt i Norge. Det neste blir vel at me kan takka EØS-avtalen for sola og godvêret.
Stort bilde i toppen: Leiv Olsen.

Det bør bekymre flere enn EØS-kritikerne at regjeringen vil gi overvåkingsorganet ESA økt myndighet til å ilegge norske firma bøter og begrense handlingsrommet for statsstøtte.

Det er stor oppstandelse over det siste påfunnet til EU-kommisjonen (EU-regjeringa): De foreslår at EU skal kunne kreve 25 prosent av de inntektene EU- og EØS-land har av de s.k. «flaskehalsinntektene» ved overføring av strøm via kabler eller ledninger.

Nå skal vi begynne å se oss rundt, heller enn å blindt høre på EU-kommisjonen og overvåkningsorganet ESA.