Gå til hovedinnhold
Av Fredrik Tønnesen, leiar av SVs EU/EØS-utval

EU-regelverk på sokkelen – kva skjer nå?

20. mars 2026
Analyse
EØS
Energi og naturressurser
Arbeidsliv og faglig politikk
Over natta vart verkeområdet til EØS-avtala utvida med 2 millionar kvadratkilometer. Korleis enda me her, og kva kan konsekvensane av dette verta?

19. februar kom EFTA-domstolen med ei fråsegn som kan få enorme konsekvensar for forholdet vårt til EU, og som i ytste konsekvens kan setja heile EØS-avtala i spel.  Over natta vart verkeområdet til EØS-avtala utvida med 2 millionar kvadratkilometer. Korleis enda me her, og kva kan konsekvensane av dette verta?

Bakgrunn for saka

To innleigde arbeidarar har teke bemanningsbyrået Saga Subsea til retten for å sikra lik lønn som sine fast tilsette kollegaar. Saka enda til slutt hjå Høgsterett, som bad EFTA-domstolen om ei rådgjevande fråsegn. Argumentet til Styrke, som representerer dei to arbeidarane, er at EU sitt vikarbyrådirektiv krev at innleigd arbeidskraft skal lønnast etter same vilkår som fast tilsette. I utgangspunktet verkar dette som grei skuring. Utfordringa er at dei to jobbar på ein oljeplattform.

Etter synet til Saga Subsea og den norske staten skal ikkje EU-direktiv som vikarbyrådirektivet gjelda på norsk kontinentalsokkel, og difor heller ikkje på oljeplattformar. Regjeringa argumenterer for at EØS-avtala omfattar norsk territorium, og at vanleg praksis i internasjonal folkerett er å definera territorium som landområde, luftrom og kystfarvatn, men ikkje kontinentalsokkel. Høgsterett valde difor å beda EFTA-domstolen vurdera dette prinsipielle spørsmålet.

Konklusjonen til EFTA-domstolen er klokkeklar. Alle område under norsk jurisdiksjon der aktiv næringsverksemd finn stad, må reknast som del av EØS-avtala sitt verkeområde. Stikk i strid med vurderingane til alle norske regjeringar sidan avtala vart signert. Høgsterett har til gode å gjera si vurdering, men fleire ekspertar på feltet reknar det som lite sannsynleg at dei kan gå i mot vurderinga til EFTA-domstolen. Om dette synet vinn fram, vil EØS-avtala og dei EU-direktiva og -forordningane som er del av henne, òg gjelda for til dømes oljenæringa, leverandørindustrien og reiarlagsbransjen. Kva konkrete konsekvensar kan dette få?

EU sitt helikopterregelverk (HOFO)

Det mest nærliggjande, og noko av det mest betente lovverket, handlar om helikoptertransport til arbeidsplassar på sokkelen. I dag er dette lagt under norsk lovgjeving, men EU har pressa på for at det felleseuropeiske regelverket skal innførast. EU sitt helikopterregelverket vil svekka tryggleiken til helikopterpassasjerane gjennom å svekka krava til tilsyn. Med det nåverande norske regelverket er det norske myndigheiter som fører tilsyn med bedrifter som driv helikoptertrafikk, men med det nye lovverket kan tilsyn førast i heimlandet til verksemda som tilbyd tenestene. Dette fylgjer konkurranselogikken som EØS-avtala og EU er tufta på, men svekkjer tryggleiken til passasjerane etter di andre europeiske land kan ha mindre omfattande tilsynsordningar enn me har i Noreg.

CRMA og gruvedrift på havbotnen

Forordninga for kritiske råvarer og mineral (CRMA) lèt EU-kommisjonen peika ut strategiske prosjekt for utvinning av kritiske råvarer. Om kommisjonen peiker ut slike prosjekt vil det leggja press på nasjonale myndigheiter for å godkjenna prosjektet. Om sokkelen nå er omfatta av EØS-avtala, er det ingenting som hindrar kommisjonen frå å peika på gruveprosjekt på havbotnen som strategisk viktige, og difor leggja press på avbrotet i gruvedrift på havbotnen som vart vunne gjennom i forhandlingane om statsbudsjettet. EU-parlamentet har stilt seg kritiske til gruvedrift på havbotnen tidlegare, men har dei siste åra snudd i fleire viktige spørsmål på miljøfeltet.

Målet til CRMA er å få kontroll over verdikjeder og gjera EU mindre avhengige av råvareleverandørar som Kina og India. På lang sikt kan EU-kommisjonen difor velja å utfordra norsk suverenitet i spørsmålet om gruvedrift på havbotnen.

Grøn omstilling på marknaden sine premiss?

Det er tverrpolitisk semje om behovet for grøn omstilling og utvikling av meir miljøvenleg teknologi og industri. Eit stort og viktig spørsmål er på kva for premiss denne omstillinga skal gå føre seg. Fleire tar til orde for ei omstilling som fylgjer dei same prinsippa som dei store industrieventyra på 1950-, 60-, og 70-talet, slik som vasskraftutbygginga og oljeeventyret. Desse prosjekta var kjenneteikna av sterk politisk og offentleg styring, og av ein tanke om at dei store gevinstane skulle gå attende til arbeidarar og til fellesskapet, ikkje til industrieigarar og spekulantar.

Om sokkelen nå vert underlagt EØS-avtala, vil han òg leggjast under dei fire fridommane: Den frie marknadstenkinga som er sjølve kjernen i EU-prosjektet. Dette vil gjera det umogeleg å stilla om petroleumsverksemda på sokkelen til nye, miljøvenlege industriar med den politiske kontrollen og det offentlege eigarskapet som i si tid gjorde Noreg om til ein av dei rikaste og mest avanserte industrinasjonane i verda.

Konsekvensar for EØS-avtala

Det er for tidleg å seia noko konkret om kor store konsekvensar dette vil ha for EØS-avtala og forholdet vårt til EU. Det er uklart i kor stor grad EU vil velja å utfordra Noreg på viktige spørsmål knyta til olje- og gassverksemda på sokkelen, særleg i ei tid der EU er særs avhengige av norsk olje og gass. Likevel: Dersom synet til EFTA-domstolen vinn fram, vil Noreg ha mista juridisk ryggdekning for å halda verksemda på sokkelen fri for EU-lovverk. Me vil vera avhengige av velvilje frå Brussel for å unngå at dei viktigaste næringane våre vert utfordra og underlagt lovverk som Stortinget ikkje sjølv ynskjer å innføra.

Då EØS-avtala vart underskrive, vart det hevda at ho ikkje ville utfordra nasjonal suverenitet. Sidan den tid har me sett at stadig fleire politikkområde vert styrte frå Brussel heller enn av Stortinget. Nå kan skipsfarten og olje- og gassnæringa, sjølve kronjuvelane i det norske industrieventyret, stå for tur.

Igjen er det verdt å spørja seg om det finst måtar å samarbeida med Europa på som tek vare på det norske folkestyret, og som gjer det mogeleg å ta politiske avgjerder som trassar den frie marknadstankegangen som EU er tufta på.

Stort bilde i toppenEn av Equinors plattformer på olje- og gassfeltet Heidrun i Norskehavet (Foto: Elisabeth Sahl & Lizette Bertelsen / Equinor.)