
Hvorfor de stadige omkampene?
Ja-sida på Stortinget viser igjen sin stadige iver etter å komme inn i EU. Desto mer gledelig er det at et stort flertall i utenrikskomiteen innstiller på at forslaget ikke vedtas.

Fylkesstyret etablerte ei aksjonsgruppe tidleg i året, gruppa er sett saman av leiar i Bergen NtEU, Tor Sander, og arbeidsutvalet (AU) i fylkesstyret, Jane Nordlund, Sigmund Simmenes og Toril Mongstad. Me utarbeidde ein aksjonsplan som vart presentert og godkjent av styret, og etter det var det berre å gå i gang.
Det har vore møte og stand mange stader i fylket. Her kan nemnast Bergen sentrum, Knarvik i Alver kommune, Husnes, Odda, Voss, Askøy, Etne. Ekstra gledeleg er det at dette resulterte i revitalisering av lokallag i indre Hardanger, der den samanslåtte kommunen Ullensvang skipa lokallag for dei tre tidlegare kommunane Jondal, Odda og Ullensvang. Me har takka ja til å halda foredrag om kampsakene våre hos ulike politiske parti, og me har arrangert medlemsmøte fleire stader. Det har og vore postkasseutdeling av eigen-produserte løpesetlar. I vår hadde med fleire studiekveldar.
Me hadde det årlege årsmøteseminaret i mars i samband med årsmøtet vårt. Dette har vorte ein god tradisjon.
I byrjinga av august deltok AU på Etnemarknaden som gjekk over 3 heile dagar. Det vart og arrangert Motvind-festival i Etne då me var der, og Toril Mongstad held appell på denne festivalen. Me vart og intervjua av lokalavisa Grannar i Etne. Alt dette gjev oss stor moglegheit til å snakka om sakene våre og, ikkje minst, spreia informasjon og driva kunnskapsformidling. Inntrykket vårt er at det trengs i stor monn.
13. august arrangerer me seminar med politisk debatt. Me har to innleiarar, og denne gongen er det ein frå ja-sida og ein frå nei-sida. Me trur at dette vil gje folk eit betre grunnlag for å ta standpunkt. I den politisk debatten, stiller dei 9 partia som er representerte på Stortinget med kvar sin kandidat.
Framover vert det auka standsaktivitet, det er planlagt 6-8 stand, hovudsakleg i Alver og Bergen kommune, og meir utdeling av informasjonsmateriell i postkassar. Datoar for stand vil verta lagt ut på heimesida.
Me oppmodar medlemene våre til å delta på desse aktivitetane, og å koma innom oss når me står på stand. Men dette gjeld ikkje berre våre eigne, vel så viktig er det å prøva å overtyda tvilarane. Me oppmodar sjølvsagt til medlemskap i organisasjonen når me snakkar med folk.
Avslutningsvis oppmodar me alle til å setja seg godt inn i dei ulike partiprogramma. Sjå kven som støtter oss i kampen mot EU-medlemskap og for å få erstatta EØS-avtalen med ein normal handelsavtale der overnasjonal politisk styring ikkje inngår som eit vilkår for å handla. La oss stå saman for å ta vare på folkestyret og sjølvråderetten, og samstundes vera opne for godt samarbeid på tvers av landegrensene.
GODT VAL!

Ja-sida på Stortinget viser igjen sin stadige iver etter å komme inn i EU. Desto mer gledelig er det at et stort flertall i utenrikskomiteen innstiller på at forslaget ikke vedtas.

Det grønne skiftet sporer av når EU-kommisjonen vil forby landene å opprette nasjonalparker.
Etter at Reidun Berntsen Heggen flyttet sørover 1. oktober, har Tore Ruud fungert som leder. Han ble nå valgt som leder for kommende år. Evelyn Bjerkås ble valgt som nytt styremedlem. Ellers var det stort sett gjenvalg til de øvrige posisjonene.