
Stand i Tromsø 3. oktober
Troms og Tromsø Nei til EU arrangerte stand i Tromsø i dag i nydelig høstvær. Selv om det var flere turister i Storgata enn tromsøværinger, ble det likevel delt ut brosjyrer og vervet noen nye medlemmer.
Eit av dei aktuelle tema som vert mykje diskutert er korleis me skal både forska på, utvikla og ikkje
minst, skaffa medisin mot Covid19, (namnet på sjukdomen som korona-viruset fører til), spesielt, og
medisinforsyning generelt.
Tidlegare, før EØS-avtala, hadde landet vårt Norsk Medisinaldepot (NMD), ei statleg eigd verksemd
som mellom anna, skulle sikra eit trygt beredskapslager av medisinar. Dette gjorde oss mindre
sårbare i høve til medisin-forsyning.
Kva skjedde med NMD?
Då EØS-avtala vart innført i Noreg i 1994, vart det klart at EU ikkje ville akseptera eit statsmonopol,
dette rokka ved grunnpilarane i EU sin politikk: fri flyt av varer, tenester, arbeidskraft og kapital,
deregulering av konkurransehemmande ordningar og fri etableringsrett. Monopolet måtte vekk. Alt i
1992, då EØS-avtala vart signert, vart NMD omgjort frå å vera ei statsbedrift til å verta
statsaksjeselskap. Dette vart gjort for å tilpassa seg EØS-avtala.
I 1998 vedtok Stortinget delprivatisering av Norsk Medisinaldepot, og 66% av aksjane vart selde. Men dette var ikkje nok. I 2001 vart alt seld til eit tysk firma, og i dag er det eit amerikansk selskap som eig det tidlegar NMD.
Me gav frå oss heile kontrollen. Det som i EU-samanheng vart sett på som eit ulovleg statsmonopol,
er no på eigarhender som i røynda representerer eit nytt monopol, det amerikanske storkonsernet
som tok over heile NMD.
Nei til EU kjempar for at Noreg ikkje skal verta medlem i EU, og for å seia opp den politisk over-
styrande EØS-avtala. Me vil ha likeverdige, tosidige handelsavtalar med dei me handlar med, utan
politisk diktat som ein av vilkåra for å handla.
Kva meiner du som no set og les dette?
Om du, som oss, meiner at me skal styra sjølve, ikkje berre i høve til medisinforsyninga, men og i
høve til andre særs viktige politikkområde, er du velkomen til å verta medlem.
I veke 17 og 18 har Nei til EU nasjonale verveveker. Me treng fleire som vil kjempa saman med oss.
Meld deg inn!
(Denne artikkelen vil også komme i Avisa "Strilen")

Troms og Tromsø Nei til EU arrangerte stand i Tromsø i dag i nydelig høstvær. Selv om det var flere turister i Storgata enn tromsøværinger, ble det likevel delt ut brosjyrer og vervet noen nye medlemmer.

Få med deg debatten fra Litteraturhuset i Trondheim mellom Morten Harper fra Nei til EU og Tommy Reinås og Lars Gaupset fra Europabevegelsen Trøndelag.
Telemark Nei til EU og Vest-Agder Nei til EU samlet inn om lag 900 underskrifter under Dyrsku’n i Seljord 11.–13. september 2026.