
Hva kan Island lære av Norge?
I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.
11. mars hadde Hordaland Nei til EU årsmøte. Mange medlemer møtte opp, og mesteparten av desse vart med på felles middag etter møtet.
Roy Pedersen, leiar i Nei til EU, og Frankie Solberg Rød, leiar i Ungdom mot EU, helste årsmøtet.
Protokoll frå årsmøtet kjem på heimesida når denne er godkjent og signert.
Årsmøtet valde nytt styre, ny valkomité og revisor.
Toril Mongstad vart attvald som leiar, og med seg i styret har ho:
Agathe Børretzen, John Dale, Kim René Hamre, Anna Nordlund, Gunnar Rutle, Sigmund Simmenes, Hildur Straume. Det vart vald 4 varamedlemer: Ann Jorunn Hillersøy, Oddvar Skre, Brigt Ottar Valen, Frode Mannsåker.
Ny valkomité er: Jane Nordlund, leiar, Daniel Ducrocq, Jorunn Skistad Holsen.
Revisor Frank Mo vart attvald.
Tusen takk til alle som har stilt til attval, og like mange takk til dei nye som stiller i styret. Hjarteleg velkomne skal alle vera. Takk for innsatsen til dei som gjekk ut av styret.
Valkomité og revisor skal og takkast for godt og grundig arbeid.
Eg vil og takka årsmøtet for tilliten dei viste meg ved å velja meg som leiar for nok eit år.
Som nemnd var det godt frammøte, det var veldig kjekt å samlast fysisk igjen, og middagen etter møtet vart ei hyggeleg stund med god mat, talar og kjekt samvær.
12. mars var det seminar, også her var det svært god oppslutnad, godt over 30 møtte. Den eine gode innleiinga vart følgd av neste gode innleiing, og det var mange tema på programmet:
Roy Pedersen starta med å snakke om EØS og arbeidsliv. Idar Helle, utgreiar i De Facto, tok for seg spørsmålet: Får me seld varene våre utan EØS-avtalen? Politisk rådgjevar i Nei til EU, Arne Byrkjeflot, innleia om Energipakkar, ACER, straumprisar og nasjonal styring. Folkestyre og demokrati under EØS-regimet vart eit interessant samspel mellom John Dale, fylkesstyremedlem og tidlegare stortingsrepresentant, og Frankie Solberg Rød, leiar i Ungdom mot EU. Saman gav dei to oss spanande perspektiv knytt til dette viktige temaet.
Dei frammøtte deltok aktivt med innspel, kommentarar og god debatt.
Ein god lunsj vart det og plass til.
No er det berre å halda fram med det gode, viktige og interessante arbeidet som Hordaland Nei til EU står ovanfor. Vedteken arbeidsplan og toppaktuelle saker dannar grunnlaget for det vidare arbeidet.
Eg ser fram til eit kjekt og godt samarbeid i fylkesstyret.

I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.

Kvifor vil EU har Island som medlem?
Det er god grunn til å stilla dette spørsmålet no ca 5 veker før det islandske folket skal ta standpunkt til om landet skal (re)opna forhandlingar om medlemskap i EU. Folkerøystinga skal vera 29. august.
Spørsmålet kunne og vore stilt på vegne av Norge, men denne gongen er det Island det skal handla om.
Det viktige er at me snur merksemda og spør kva EU vil tena på å få Island som medlem. Det er diverre ei kjennsgjerning at ja-folket får dominera ordskiftet i presse og media, og derfor vert det altfor ofte lagt vekt på fordeler ved medlemskap samstundes som ulempene vert verande i det skjulte. Les meir...

Tore Flo, styremedlem i Hordaland Nei til EU, har eit flott og godt innlegg i Klassekampen 10. juli. Dette som eit svar til Ragnhild Thielemann, medlem i Europeisk Ungdom, som ønskjer ny folkerøysting om EU-medlemskap. Du kan lesa innlegget her: