
Østfold Nei til EU på kraftmarkering
Torsdag 26. mars var det seminar og fanemarkering om strømpriskrisa i Oslo.

Skriv under på og støtt oppropet her
VESTLANDSOPPROP MOT NORSK TILKNYTNING TIL ACER, ENERGIUNIONEN I EU.
Vasskrafta har vore grunnlaget for utviklinga av Norge som industrinasjon sidan tidleg på 1900-talet. Rimeleg, rein og fornybar vasskraft har gjennom norsk konsesjonslover vore eit industripolitisk verkemedel for etablering og utvikling av industriarbeidsplassar og industrisamfunn i store deler av landet, ikkje minst på Vestlandet.
EU har vedtatt sin tredje energipakke, der EU sin Energiunion skal ha ei overordna rolle i nettutvikling og den europeiske kraftmarknaden i EU/EØS-området. Den norske regjeringa har foreslått at Norge blir tilknytta EU sin Energiunion gjennom ACER(Agency of Cooperation og Energy Regulators). Etter ein høyringsrunde, skal denne saka bli avgjort i Stortinget i mars 2018.
Dersom dette blir vedtatt, vil det svekke råderett og kontroll over vasskrafta og norsk kraft- og industripolitikk. Dette vil kunne få dramatiske konsekvensar gjennom auka straumprisar og nettleige for både forbrukarar, kraftforedlande industri og andre næringar.
Den landbaserte prosessindustrien har store miljøjøvenlege investeringsplanar og eit utviklingspotensiale for auka sysselsetting i distrikta. Fleire eksportkablar frå Norge til EU og auka kraftprisar i Norge basert på den europeiske kraftbørsen vil legge press på løns- og arbeidsvilkåra i industrien og undergrave industriell verdiskaping og utvikling. Dette vil og få negative ringverknader for mange industrisamfunn og industrikommunar, ikkje minst på Vestlandet.
På denne bakgrunn oppmodar vi Stortinget om å:
Terje Kollbotn (Leiar), Ørjan Andersson (Sekretær), LO i Indre Hardanger
Det vil også bli kraftmarkeringar på Vestlandet, med hovedmarkering i Odda, på ein felles aksjonsdag som er torsdag 15. februar kl. 18.00
Oppropet med namna på alle som førebels har slutta seg til, vil bli overlevert til LO sitt representantskapsmøte og Energi- og miljøkomiteen i Stortinget den 27. februar.
Støtte fra organisasjoner sendes til sekretær Ørjan Andersson på e-post avdeling.44@ttinorway.com, eller mobil (402 88 241) helst innan 26. februar - og i alle fall i god tid før slutthandsaming av saka i Stortinget 16. mars.
Her kan du laste ned oppropet, følgeskriv og ei utgreiing om ACER
Initiativ til Vestlandsopprop mot ACER
Følgeskriv vedrørende Vestlandsoppropet

Torsdag 26. mars var det seminar og fanemarkering om strømpriskrisa i Oslo.

Det er stor oppstandelse over det siste påfunnet til EU-kommisjonen (EU-regjeringa): De foreslår at EU skal kunne kreve 25 prosent av de inntektene EU- og EØS-land har av de s.k. «flaskehalsinntektene» ved overføring av strøm via kabler eller ledninger.

Selv om EU-regler forbyr konkurransevridende offentlig støtte og styring av strømprisen, er det en rekke EU-land som har ulike former for strømstøtte både til husholdninger og næringsliv, viser en gjennomgang fra Stortingets utredningsseksjon.