Haustkonferansen som vart arrangert 26. og 27. september på Litteraturhuset i Oslo, var ikkje ein konferansen om ja eller nei til EU. Det var ein konferansen der søkelyset vart sett på EU si utvikling over tid, korleis unionen fungerer i dag og ikkje minst i kva retning unionen går.
Me som arrangerte konferansen, var svært opptekne av å presentera eit bilete av EU som både kunne dokumenterast, forklarast og forståast. Hovudmålet var folkeopplysning, informasjon og å gje eit grunnlag for refleksjon. Til dette hadde me fått med oss mange svært kunnskapsrike folk som på sine respektive område gav gode innleiingar.
Me var opptekne av å få fram fleire syn. Derfor var det og lagt opp til panelsamtalar der det var rom for ulike meiningar og synspunkt.
Me arbeidde mykje med å få med oss folk frå ja-sida. Det var derfor svært overraskande for oss at ja-organisasjonar og ja-partia takka nei til å delta. Me tok kontakt med Europabevegelsen, NHO og fleire ja-parti. Ikkje berre var det vanskeleg å i det heile få eit svar, det vart mange purringar, og når svaret kom, var det nei stort sett over alt.
Det er lett for ja-sida å få plass i presse og media, mykje lettare enn det er for nei-rørsla. Der stiller dei velviljug opp og der får dei taletid. Dei vert sjeldan konfronterte med utfordrande spørsmål, og grunnlaget for slike debattar er det rådande synet på EU. Veldig ofte er ikkje nei-sida inviterte til desse innslaga, og om dei er inviterte, er dei underrepresentert i forhold til ja-sida. Spørsmål som sanksjonering, militarisering, usemje internt, avindustrialisering mm, tema som me tok opp på konferansen vår, er fråverande.
Kva debatt er det ja-sida etterlyser? Er det ein debatt der forhold som dei er komfortable med vert diskutert, eller er det ein debatt der alle realitetar kjem på bordet?
Det er absolutt grunnlag til å undra seg.