ÅRSMELDING FOR HORDALAND NEI TIL EU
Frå årsmøtet 15. mars 2024 til årsmøtet 14. mars 2025
Innleiing
Hordaland Nei til EU har hatt eit aktivt år der informasjonsarbeid og kunnskapsformidling av ulik slag og på ulike arena har dominert. I tida frå årsmøtet 15. mars 2024 og fram til årsmøtet 14.mars 2025 har fylkesstyret hatt 15 styremøte, eit styreseminar og to sosiale samkome knytt til styremøta i juni og desember. Styremøta handsamar vanlege styresaker samt utarbeider planar for aktivitetar som studiesirklar, opne seminar, deltaking på andre aktivitetar i regi av Nei til EU eller andre aktuelle organisasjonar, medlemskontakt, kampanjar stand mm. I tillegg til eigen vedteken arbeidsplan er dei overordna arbeidsplanane til Nei til EU, vedtekne på Landsmøtet i 2022 og 2024, eit viktig utgangspunkt for aktivitetar i fylkeslaget.. Styret har medlemer som møter på fylkesleiarmøte, fylkesnettverksmøte, rådsmøte, landsmøte, i kontrollkomiteen, i lokallagsstyre samt på andre aktivitetar både lokalt og sentralt.
Fylkesstyret har lagt opp til å arbeida meir politisk aksjonsretta, og dette arbeidet vil halda fram i inneverande år. Dette vil verta omtala seinare i årsmeldinga.
Styret
Årsmøtet 24. mars 2023 valde følgjande styre:
Leiar Toril Mongstad Styremedlem John Dale
Styremedlem Hildur Straume
Styremedlem Jane Nordlund
Styremedlem Sigmund Simmenes
Styremedlem Anita Vadset
Styremedlem Sigmunn Rørvik
Styremedlem Tore Flo
Styremedlem og representant for UmEU Kim René Hamre
Vararepresentantar:
Første Agathe Børretzen
Andre Gunnar Rutle
Tredje Frode Mannsåker
På konstituerande styremøte etter årsmøtet vart Sigmund Simmenes vald som nestleiar. Til AU vart Jane Nordlund, Sigmund Simmenes og Toril Mongstad valde. Jane Nordlund vart vald til kvinnekontakt Hildur Straume held fram som ansvarleg for referatskriving og økonomi (kasserar). Frode Mannsåker held fram som rekneskapsførar. Vararepresentantane vert kalla inn til alle styremøta.
I januar 2025 valde Anita Vadset å trekkja seg frå styret grunna privat situasjon. Agathe Børretzen erstatta henne i styret, Gunnar Rutle vart 1. vara og Frode Mannsåker 2. vara.
I tillegg møter leiar i Bergen Nei til EU, Tor Sander, som observatør i styremøta.
Økonomi
Rekneskapen for 2024 er gjort opp med eit overskot på 95 699 kroner, mot budsjettert underskot på kr 24 500. Eigenkapitalen pr. 31/12-2024 var på 885 251 kroner. Fylket har god økonomi. Det kjem seg fyrst og fremst av at me har få lokallag som oppfyller krava til å få kontingentrefusjon. Difor betalar me inntil vidare m.a. for lokale tillitsvalde si deltaking på sentrale arrangement og andre kurs og konferansar, samt subsidierer deltaking for medlemmer på fylket sin årsmøtesamling. Samla sett var utgiftene markant lågare i 2024 enn i 2023, m. a. fordi det var mindre kostnader til aksjonar og kampanjar, mindre kostnad til NtEU sentralt, mindre deltaking på eksterne konferansar og mindre tilskot og støtte til andre organisasjonar. Dei som fekk støtte i 2024 var Hordaland Bonde- og småbrukarlag, og Kystopprøret.
Frank Mo vart attvald som revisor av årsmøtet i 2024.
Aktivitetar i fylkesstyret
Det har vore i alt 12 styremøte i perioden frå årsmøtet i 2024 og fram til årsmøtet 2025. Digital møteform har vore mykje nytta. Fysiske møte har funne stad i Raudt Hordaland sine lokale. Der leigar me arkivrom og har tilgang til gratis møterom.
AU har hatt fleire digitale møte og har i tillegg kommunisert på e-post i saker som har gjort krav på det.
25. og 26. oktober hadde styret eit styreseminar, dette vart kombinert med styremøte og delegatmøte for å førebu landsmøtet 8. til 10. november.
Fylkeslaget har arrangert ulike aktivitetar. Det har vore fleire samlingar i regi av Nei til EU sentralt som fylkesleiarmøte, rådsmøte, fagleg konferanse, kvinnekonferanse og landbrukskonferanse. Desse har hovudsakleg gått føre seg fysisk, med unntak av fylkesleiarmøta som er digitale. Fylkesstyret sine medlemer har delteke aktivt på mange av desse arrangementa. I tillegg deltek fylkesleiaren m fleire i fylkesnettverket som er ei uformell samling av fylkesleiarar frå alle fylkeslaga i landet. Alle møta i dette nettverket har vore digitale. Medlemer av fylkeslaget har og delteke på aktivitetar arrangert av andre enn NtEU.
Mykje av dette vil i det følgjande verta meir fyldig omtala.
Medlemsutvikling
Nei til EU har hatt nedgang i medlemstalet i 2024, dette gjeld og for Hordaland. Totalt var det 1847 registrert medlemer ved årsskiftet, talet inkluderer 103 medlemer som ikkje hadde betalt kontingent, noko som resulterer i 1744 betalande medlemer. Me driv eit aktivt vervearbeid, og purrar jamt og trutt for å få inn uteståande kontingent.Prosenten av ikkje betalande medlemer er redusert i 2024 Nyinnmeldte får alltid ei personleg velkomsthelsing frå fylkesleiar eller lokallagsleiar.
Medlemsutvikling i Hordaland Nei til EU
År | Talet på betalande medlemmer |
2024 | 1744 |
2023 | 1789 |
2022 | 1855 |
2021 | 1805 |
2020 | 1812 |
2019 | 1799 |
2018 | 1788 |
2017 | 1736 |
2016 | 1866 |
Medlemsutviklinga på landsbasis Nei til EU
År | Talet på betalande medlemmer |
2024 | 18490 |
2023 | 18661 |
2022 | 19715 |
2021 | 19500 |
2020 | 19583 |
2019 | 20303 |
2018 | 20845 |
2017 | 20707 |
2016 | 22517 |
Ved årsskiftet var det på landsbasis registrert 1686 medlemer som ikkje hadde betalt kontingenten for 2024.
Aktivitetar i eigen regi
Opne seminar
Det har vorte tradisjon å ha årsmøteseminar dagen etter årsmøtet og slik vart det også i 2024. 16. mars vart det arrangerte fylkesstyret eit seminar med tema:
- Energipolitikk og straumprisar med innleiing av Joachim Espe, Fellesforbundet
- EUs helseunion med innleiing av Arne Byrkjeflot, sentralstyret
- EU-politikk i ein global samanheng med innleiing av Helene Bank, spesialrådgjevar i Fagforbundet.
16. september vart det arrangert nok eit seminar. Programmet for seminaret var:
- Energipakke 4 og Fornybardirektivet v/ leiar i Oslo NtEU og sentralstyremedlem, Ole Kristian Setnes
- Folkestyreutvalets rapport om EØS-avtalen v/ leiar i NtEU, Einar Frogner
- NOU 2024: 7 om EØS-avtalen v/ leiar for samfunnspolitisk avdeling i Fellesforbundet, Line Eldring
Det har vore gode attendemeldingar på desse seminara, noko som syner det viktige i å driva kunnskapsformidling og informasjonsarbeid. Dei to seminara hadde mange frammøtte, mellom 40 og 50 personar deltok aktivt med innspel, spørsmål og kommentarar.
Stands- og verveverksemd gjennom året
Det har vore arrangert stand i Bergen, i Alver kommune og i Voss herad. Erfaringa er at det er vanskeleg å verva nye medlemer når me står på stand, men me får delt ut ein del aktuelt materiell, og me kjem i snakk med folk.
Aktivitetar på sosiale media
Arbeidsgruppa som arbeider med sosiale media har vore aktive gjennom heile året. Det har vore lagt ut videoar, informasjon om aktivitetar og oppmodingar om å delta aktivt på desse. Agathe og Hildur i arbeidsgruppa (SoMe-gruppa) har delteke på kurs i regi av Nei til EU om formidling via sosiale media. På heimesida har det og vorte lagt ut ymse informasjon.
Informasjon vert og sendt via medlemsregisteret hypersys. Då når me alle medlemer som har e-post, og til dels dei som har berre telefonnummer registrert. Me har oppmoda fleire til å informera om e-post adresser, og dette arbeidet har vore vellukka sjølv om det framleis er ein del medlemer som ikkje har e-post.
Lesarbrev.
Det har også i 2024 lukkast oss å få ein del lesarinnlegg på trykk, hovudsakleg i Klassekampen, men og i Nationen og i lokalaviser i fylket.
Auka samarbeid på tvers av fylka
Fylkesnettverket som vart etablert etter rådsmøtet i november 2021, har halde fram i 2024 og har vist seg å vera svært nyttig for informasjonsutveksling og erfaringsdeling. I tillegg er fylkesnettverket positivt for utvikling av samhald fylka i mellom og for å auka engasjementet for kampen vår i heile landet. Fleire fylke møter med meir enn ein representant, og me har lukkast godt i å få til ein god og fri debatt om aktuelle tema.
Ungdom mot EU
Kim René Hamre frå fylkesstyret er framleis leiar i UmEU, og han har halde fram med å vera aktiv og engasjert. Resultatet av dette arbeidet viser seg i auka medlemstal og i etableringa av lokallag kring om i landet.
Deltaking i aktivitetar i regi av Nei til EU sentralt og i fylkeslagsaktivitetar
Rådsmøte 20. og 21. april 2024, Oslo
Her møtte Sigmund Simmenes og Jane Nordlund som delegatar. Toril Mongstad møtte som direkte vald rådsmedlem, og Hildur Straume møtte som medlem i Kontrollutvalet.
Landsmøte 8. – 10. november, Scandic hotell Hamar
Til landsmøtet møtte ein delegasjon på 7 personar: Sigmund Simmenes, Jane Nordlund, Tore Flo, Agathe Børretzen, Anna Nordlund (Alver NtEU), Tor Sander og Mette Sivertsen (Bergen NtEU). Toril Mongstad møtte som direkte vald rådsmedlem, og Hildur Straume møtte som medlem i Kontrollutvalet.
Deltakarane våre gjer eit grundig forarbeid med fleire førebuande møte. Dette gjer at me kjenner sakene som skal handsamast, me førebur skriftlege saker og me er aktive med innlegg frå talarstolen. Toril Mongstad hadde vore med i arbeidsplangruppa før landsmøtet, og var med i den avsluttande arbeidsplankomiteen under landsmøtet. Vårt inntrykk er at kvaliteten på landsmøtet har utvikla seg i positiv retning.
Mette Sivertsen vart vald som styremedlem i sentralstyret. Toril Mongstad fekk ikkje attval til rådet.
Arbeidsgruppe “Kontroll på krafta”
Det er oppretta ei arbeidsgruppe i regi av Oslo NtEU. Gruppa er landsomfattande med kontaktpersonar frå fylka. Gruppa skal arbeida med problemstillingar knytt til Energipakke 4 og med særleg vekt på ACER. Frode Mannsåker deltar som kontaktperson for fylkesstyret. Mette Sivertsen frå Bergen Nei til EU deltar også i gruppa.
Fylkesleiarmøte
Det har vore 6 fylkesleiarmøte i 2024, alle digitale. Dette er korte møte, og dei er i regi av sentralt. Fylka rapporterer om aktivitetar og kan ta opp saker om det er ønskjeleg. Møta ber likevel preg av å vera reine informasjonsmøte, det er lite rom for debatt.
Kontrollkomitéen i Nei til EU
Hildur Straume sit som medlem i kontrollkomitéen i Nei til EU, attvald på landsmøtet 2024. Ho møtte på rådsmøtet i april og på landsmøtet i november 2024 samt på fysiske møte i komitéen i tilknyting til desse to sentrale møta.
Fondsstyret i Nei til EU
Hildur Straume sit i styret i kampfondet (kampfond til bruk ved ein eventuell ny folkeavstemming om tilknytingsforma vår til EU). Det har ikkje vore møter i kampfondet i 2024, men fondsstyret er blitt orientert på e-post når det har vore noko å melde; m.a. sluttrapporten for 2024, frå Landkreditt.
Kvinneutvalet i Nei til EU
Jane Nordlund er kvinnekontakt i fylkesstyret i Hordaland.
Nei til EUs kvinnekonferanse vart halden 19.oktober i Oslo. Tema var «Kvinner under press – EUs rolle i fattigdomsbekjempelse og flyktning- og asylpolitikken» Det eine undertemaet var “Fattigdom i Norge og EU med fokus på kvinners situasjon”. Eit annet tema var “Fattigdom og gapet mellom fattige og rike i EU”.Det var også innleiingar om menneskehandel/trafficking i EU og Norge. Jane Nordlund deltok på konferansen.
Kvinnekontakten har også representert Hordaland i 8.mars initiativet i Bergen. Vårt paroleforslag var også i år “Kvinner mot (at EU skal styre) strømmen” som også vart vedteken..
Årsmøte i Bergen Nei til EU
Lokallaget i Bergen avholdt årsmøte onsdag 17. april. 15 medlemmer stilte på årsmøtet, som startet med et foredrag av Richard Storevik, leder av Fellesforbundet Bergen og omland, om Fellesforbundets forhold til EU og EØS.
Aktiviteten i lokallaget har vært stor det siste året, men den nye arbeidsplanen, som ble vedtatt av årsmøtet, åpnet for enda større aktivitet det neste året frem mot Stortingsvalget. Lokalet har hatt et stabilt og godt styre i flere år, og heller ikke denne gangen ble det store utskiftninger. Tor Sander ble gjenvalgt som leder, sammen med et styre på 8 personer. Kasserer Nora Stegane la frem et regnskap som viste en sunn og god økonomi i lokallaget.
Årsmøte Alver Nei til EU
Lokallaget held årsmøte 30.5. Jane Nordlund og Toril Mongstad vart valde som styremedlemer saman med fire andre. Det var semje å ha ein uformell struktur utan vald leiar. Anna Nordlund tar ansvaret for økonomi. Aktiviteten i dette lokallaget kan med fordel aukast.
Fiskeripolitisk utval i NtEU
Toril Mongstad er medlem i utvalet. Gjennom heile 2024 har det vore god aktivitet i utvalet som har medlemer som og deltek i ein utvida allianse saman med ein del organisasjonar knytt til fiske, vern om ressursar, havvind, naturvern, miljøvern og fleire.
Landbrukskonferanse i Oslo
Til haustens landbrukskonferanse hadde ingen i styret høve til å møta.
Vervekampanjar og aktivitetskampanjar
Fylkeslaget deltok i den landsomfattande vervekampanjen våren 2024 og som strekte seg over fleire veker. Det er ikkje lett å verva fleire medlemer, og me meinar at organisasjonen må gjera seg meir attraktiv slik at folk får lyst til og ser nytta av å engasjera seg.
Industrikonferanse i regi av fagleg utval NtEU og Industriaksjonen 29. oktober i Oslo. .
Toril Mongstad deltok.
Deltaking i aktivitetar i regi av andre
Årsmøte i ArkiVest
Fylkesstyret v/ Frode Mannsåker deltok digitalt i årsmøtet for ArkiVest, 24. april 2024.
Høyringsvar
Fylkesstyret sendte høyringssvar til regjeringa om NOU 2024: 7, EØS og erfaringar med avtalen. Denne vart sendt i juli.
Fleire i styret deltok på eit seminar i regi av Fellesforbundet hausten 2024 då denne NOU-en var tema.
Kontor / lager
Hordaland Nei til EU leigar framleis lagerplass hos Raudt Hordaland i Hans Tanksgate. Bytte av rom vart gjort på vårparten og på dugnad. Adressa er framleis den same.
Organisasjon
Ved inngangen til 2024 var det tre lokallag i Hordaland: Askøy, Bergen og Alver. Laget på Askøy har lite aktivitet. Bergen gjennomfører styremøte, årsmøte, arrangerer stand og møte, og laga har jamn og god aktivitet gjennom året. Laget gjev og ut medlemsbladet Løvetannen.
I Alver NtEU har det vore mindre aktivitet i 2024, men nokre stand har det vorte.
Arbeid i styret – oppfølgjing av vedteken arbeidsplan
Me har lukkast med å gjennomføra mykje av det me vedtok i arbeidsplanen, det gjeld stand, seminar, aktiv deltaking i møte og konferansar, meir aktivitet på sosiale media mm. Men me slit framleis på eit par punkt, og det er særleg knytt til arbeidet med å få meir aktivitet kring om i fylket. Det har ikkje vorte oppretta fleire lokallag, og laget på Askøy er inaktivt. Me har rett nok kommunekontaktar i dei fleste kommunane, men nokon særleg aktivitet i desse kommunane har me ikkje. Hausten 2024 inviterte me til medlemsmøte i Voss. Oppslutnaden om dette var tilnærma null, det møtte 3 personar. Men me fekk oppretta kontakt med ordføraren, og me vidarefører kontakten med kommunekontakten i Voss. .
Styret har framleis politisk kvarter som fast post på sakslista. Der førebur styremedlemer korte innlegg om aktuelle politiske saker.
Den digitale plattforma for dokumenthandtering fungerer godt. Nye styremedlemer har fått innføring i korleis disken fungerer.
Fylkesstyret hadde felles middag etter siste styremøte før sumaren og etter styremøtet i desember, begge arrangementa heime hos fylkesleiaren. Styreseminaret baud og på høve til litt meir enn det faglege sidan seminaret gjekk over to dagar og deltakarane overnatta på seminar-hotellet.
Fylkesstyret har ikkje lukkast godt med alliansebygging. Sjølv om me har hatt god kontakt med enkelte sympatiserande parti, har dette ikkje kome inn i formelle former. Det er eit arbeidsområde som treng høgare prioritet. Det same gjeld samarbeid med fagrørsla.
2025 – så langt
Fylkesstyret har etablert ei aksjonsgruppe som skal arbeida målbevisst med valkamp 2025 og med hovudvekt på dei 3 hovudmåla i arbeidsplanen som vart vedteken på LM24:
- kamp mot medlemskap
- kamp for å få erstatta EØS-avtalen med ein jambyrdig handelsavtale
- energipakke 4 med særleg vekt på fornybardirektivet.
Gruppa er svært aktiv, det er møte stort sett kvar veke (digitalt), mange aktivitetar er planlagde, nokre er alt utførte og materiell er tinga.
Fylkesstyret har delteke på fleire arrangement, særleg knytt til årsmøta i ulike parti og organisasjonar.
16. januar deltok Toril Mongstad i eit mini-seminar i regi av Fellesforbundet Bergen og omlandet. Seminaret var ikkje så veldig relevant for oss, men det vart oppretta kontakt mellom forbundet og HrdlNtEU, og det var semje om å ha eit felles møte.
Toril Mongstad deltok og på årets Trondheimskonferanse, 31.1 – 2.2. Der var det formøte i regi av NtEU. På sjølve konferansen held Toril eit kort politisk innlegg om fiskeripolitikk og var elles aktiv på talarstolen i mange av sakene som var oppe til handsaming.
25. januar var det årsmøte i Bergen SV, Tore Flo held helsingstale frå HrdlNtEU
8. februar var det årsmøte i Vestland SV. Toril Mongstad held helsingstale frå HrdlNtEU.
15. februar var Toril invitert til distriktsstyremøte i Raudt Hordaland der ho hadde innleiing om EU, EØS og Energipakke 4.
8. mars var fylkesstyret godt representert i markeringa. Same dato held Toril helsingstale på årsmøta til Motvind Vest og Hordaland Senterparti.
Årsmøte i Hordaland SP 8. og 9. mars 2025, Bergen. Sigmund Simmenes deltok. Toril held helsingstale