
Hva kan Island lære av Norge?
I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.

Besøk frå Island
I dagane 21.-23. juli hadde Hordaland Nei til EU besøk frå Island. Ragnar Gestsson og Hildur Jonsdottir hadde teke turen til Norge, og på programmet deira sto også tur til Bergen og besøk til Hordaland Nei til EU. Det var Haraldur Ólafsson, som er leiar av Heimsyn, som hadde gjort oss i nei-rørsla merksam på at Ragnar og Hildur kom til Norge, og at dei ønskte kontakt med NtEU. Ragnar og Hildur er ihuga nei-folk sjølv om dei ikkje er medlemer i Heimsyn.
Det var heilt naturleg for meg som fylkesleiar i Hordaland Nei til EU å invitera dei til å bu hos meg. Fylkesstyret hadde førebudd seg godt, og 22. juli samla me fleire frå eige styre, Frode Mannsåker, Jane Nordlund og Sigmund Simmenes. Men ikkje nok med det, frå Vest-Agder NtEU stilte leiar Magnar Nomedal og nestleiar Dordi Nancy Johannessen, og frå Ungdom mot EU kom Kim Rene Hamre, tidlegare leiar i UmEU, og kjæresten Sara Sorri (frå Finland).
Terje Kollbotn, påtroppande vara til Stortinget (Rødt), var med via nettet. Maken til engasjement for energipolitiske saker som denne mannen har skal ein leita lenge etter!
Programmet var omfattande og likevel uformelt og ope for fleksibilitet undervegs, og eg nølar ikkje med å seia at heimen min vart gjort om til ein politisk verkstad desse dagane i juli.
Det vart diskusjonar både seint og tidleg, og det vart gjort mange videoopptak der dei fleste deltok og på ein tydeleg måte gav uttrykk for synspunkt på ulike tema. Alle desse opptaka skal Ragnar og Hildur klippa og redigera og leggja ut på ulike sosiale plattformar. Dette vil verta gjort i samarbeid med folka i Heimsyn.
Me håpar og trur at dette kan vera med på å få til eit NEI den 29.8., slik at Island ikkje går vidare med medlemskapsforhandlingar.
Aktuelle tema
Suverenitet
Island har litt over 400.000 innbyggjarar. EU har 450 millionar innbyggjarar. Reknestykket er enkelt. Sjølv om små land får særfordeler når talet på representantar i EU-parlamentet skal avklarast, vil Island få tilnærma null påverknad når EU-politikk skal avgjerast.
Fisk
La oss sjå på dette med fisk. EU har eit stort behov for å få auka tilgang til fiskeressursar. Deira eigne er i reduksjon grunna overfiske og tap i bestand. Fiskeriindustrien i EU treng råvarer, ellers vert det tap av arbeidsplassar.
EU-kommisjonen har eksklusiv kompetanse på fisk, dette, sett litt på spissen, betyr at kommisjonen avgjer unionens fiskeripolitikk. Dette seier alt om kva Island kan venta seg, total overnasjonal styring i fiskeripolitikken. Vil Island det? Ønskjer det islandske folket at kontroll og styring av den viktigaste ressursen deira skal overlatast til EU? Neppe.
EU lokkar med særordningar, men her må islendingane vera på vakt. Irland fekk og særordning på fiskeriområdet, men kommisjonen var einerådig då dei endra dette nokre år seinare. Irland vart den store taparen.
Energi
Island har tilgang på rein og rimeleg energi. Det er noko EU også treng. Om det vil vera mogeleg med kabel-samband slik me har det i Norge, er i dag uvisst. Det er lange avstandar. Men, kan Island vera interessant for oppbygging av energikrevjande datasentre? Annan industri? Det kan for så vidt ha ei viss interesse, men ved eit medlemskap vil det vera EU som får råderetten over islandsk energipolitikk, og Island vil i verste fall importera heilt andre straumprisar enn det landet i dag opererer med. Det er nok å sjå til Norge for å vita at slik er det.
Vil det islandske folk gjeva dette godet frå seg og overlata styringa til EU? Neppe.
EØS-avtalen, folkestyre og konsekvensar av medlemskap
Island har, som Norge, EØS-avtalen som tilknytningsform til EU. Avtalen grip meir og meir inn i det nasjonale sjølvstyret, ikkje minst fordi dei folkevalde syner liten eller ingen vilje til å bruka det som vert kalla handlingsrommet. Det er knøttlite, men det er der. Dessutan er det framleis mange rettsakter i EU som ikkje er EØS-relevante.
Eit medlemskap for ein så liten stat som Island vil truleg innebera totalt tap av suverenitet og fullstendig overnasjonal styring.
Det må det islandske folket ta inn over seg før det er for seint.
Heller enn å vurdera medlemskap burde det islandske og det norske folket gå saman om å kreva ein handelsavtale heller enn den politisk overstyrande EØS-avtalen. EU inngår handelsavtalar med mange land i resten av verda, ingen av desse ville ha funne seg i ein EØS-liknande avtale som krav for å handla med unionen.
Innimellom diskusjonar og filmopptak vart det og tid til fleire felles måltid. Til middag var det fisk! – det skulle berre mangla etter all praten om denne viktige og smakfulle ressursen som både Norge og Island, enn så lenge, sjølve bestemmer over.
Ragnar og Hildur tok farvel tidleg om morgonen den 23. juli i trygg forvissing om at me står med dei vidare i kampen om det i verste fall skulle verta eit ja til medlemskapsforhandlingar 29.8.
Enn så lenge vil me ikkje tenkja på det. Det islandske folket må seia NEI!

I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.

Tore Flo, styremedlem i Hordaland Nei til EU, har eit flott og godt innlegg i Klassekampen 10. juli. Dette som eit svar til Ragnhild Thielemann, medlem i Europeisk Ungdom, som ønskjer ny folkerøysting om EU-medlemskap. Du kan lesa innlegget her:
Tor Sander, leiar i Bergen Nei til EU, har delt eit flott og godt innlegg på FB. Dette har inspirert Heimsyn, Islands Nei til EU, og innlegget er delt på deira side av Frosti Sigurjonsson. Der er det både på norsk og islandsk. Stor takk til Tor Sander for dette. Slik kan me støtta Island i kampen mot EU-medlemskap. Innlegget kan du lesa her.