Første møte var mandag 8. juni om ettermiddagen. Då hadde me avtale med Per Hetland i ESA. Han orienterte om ESA sitt arbeid. ESA har omlag 100 tilsette og desse skal kontrollera at dei tre EØS-landa, Noreg, Island og Lichtenstein, etterlever alt som kjem frå EU av rettsakter via EØS-avtalen. Kommisjonen sjølv kontrollerer og fører tilsyn med alle dei 27 nasjonalstatane i Den europeiske unionen.
Og for eit kontrollapparat! Me visste mykje frå før og fekk så definitivt stadfesta at EØS-avtalen er uendeleg mykje meir enn ein handelsavtale, slik den vart seld inn som til det norske folket. Dette handlar om politisk overstyring, det kan slåast fast som ein udiskutabel realitet. Me var litt overraska over å verta mottekne med ein viss arroganse, og me opplevde at spørsmåla, kommentarane og innspela våre ikkje vart sett på som verdt å svara på. Det som overraska mest var likevel utsagnet om at handelsavtalen frå 1973 neppe var ei sak for EU, og at den ikkje ville ha noko verdi ved ei eventuell oppseiing av EØS-avtalen.
Heldigvis har mottakinga vore heilt annleis hos dei andre institusjonane me no har vitja i Brussel.
Tirsdag 9. juni starta dagen hos Corporate Europe Observatory, der møtte med Olivier Hoedman, ein av dei 14 tilsette ved dette kontoret. Her fekk me ei veldig god innføring i kontorets iherdige arbeid med å avsløra både formelle og uformelle maktstrukturar i EU-systemet, med særleg vekt på den store og pengesterke lobbyen. Særleg interessant var det å få vita korleis Microsoft hadde diktert tekst i eit lovforslag om desse store teknologiselskapa, og korleis Kommisjonen ikkje ein gong hadde brydd seg med å gjera eigne justeringar i teksten.
Det er om lag 30.000 lobbyistar i Brussel til ei kvar tid, dei har eigne kontor og dei er mektige. Lobbyisme i seg sjølv treng ikkje å vera farleg, men det er innlysande at selskap med store kapitalkrefter når mykje lettare fram enn påverkarar som ikkje har kapitalmakt å stilla opp med. Me vart mottekne på ein svært venleg og imøtekomande måte, og me opplevde møtet som ein god dialog.
Me vil råda alle som les dette reisebrevet om å gå inn på heimesida til Corporate Europe Observatory og lesa meir om denne viktige organisasjonen.
Seinare på dagen hadde me møte med LO-Brussel, og der møtte me Robert Rene Hansen. Han informerte om kontorets rolle i Brussel. Me tok opp tema knytt til Vikarbyrådirektivet, minsteløn, arbeidsrettar generelt, den nye lova som er på trappene om enklare reglar for etablering av selskap (EU Inc) mm. God dialog og fin stemning også her.
Etter dette møtet bar det vidare til EU-parlamentet og møte med Per Klausen som er parlamentsmedlem frå Enhedslisten i Danmark. Der var det Pelle Christy Geertsen, presse- og Sekretariatschef som tok i mot oss, og som gav oss god informasjon om Parlamentet i forkant av møtet med Per Clausen. Clausen gav oss ei god innføring i Parlamentets arbeid. Han var og tydeleg på at Parlamentet har fått meir å seia det siste tiåret, og at dette er positivt fordi denne institusjonen trass alt er det folkevalde organet i EU. Også her opplevde me at det var veldig god dialog og stort rom for innspel og spørsmål frå oss.
Me var veldig godt nøgde med denne dagen.
I dag, onsdag 10. juni, har me hatt nok ein interessant dag der me har hatt møte med EU-delegasjonen og Vest-Norges Brusselkontor.
I møte med EU-delegasjonen var det orienteringar av Jørn Gloslie, Kristine Traavik og Thord Monsen. Me fekk vita mykje om delegasjonen sitt arbeid. Me tok opp spørsmål omkring det me meinar er suverenitetsavståing, maktubalanse, prosedyreforordninga som nettopp vart vedteken mm. I tillegg til nemnde saker, fekk me og kort informasjon om tryggleikssituasjonen og EU si rolle i denne. Thord Monsen gav oss ei særs god orientering om fiskeripolitikken i EU. Som kjent er ikkje fisk ein del av EØS-avtalen, men det er likevel fleire område i fiskeripolitikken vår EU har innverknad på.
Det viktigast me tok med oss frå denne orientering er følgjande: på fisk har EU eksklusiv kompetanse. Det inneber at nasjonalstatane skal retta seg etter Kommisjonen. Det er verdt å merka seg, og understreka, at slik vil det verta ved eit eventuelt norsk medlemskap. Og det er like viktig å stilla følgjande spørsmål: vil me ha det slik? Gruppa vår svarar eit samstemt nei på det spørsmålet. Havets ressursar skal me forvalta sjølve!
Det var eit godt møte og me kjente oss velkomne!
Til slutt i dag i det offisielle programmet vårt vitja me Vest-Norges Brusselkontor der Audun Lysbakken er den nye leiaren. Han tok oss vel imot og gav oss ei god innføring i kva dette kontoret si oppgåve er. Kontoret arbeider tverrpolitisk og for regionen (Vestland og Møre og Romsdal). Dei tek imot norske delegasjonar, driv informasjonsarbeid, arbeider for at me skal få noko igjen for kontingenten me betaler for å delta i den indre markanden, har god kontakt med medlemene som er både kommunar og bedrifter mm. Lysbakken tok og opp temaet tryggleikspolitikk under hovudoverskrifta: Brytningstid.
Dette vart nok eit hyggeleg møte, og etter dette hadde me ikkje fleire formelle aktivitetar på programmet denne dagen.
Så langt er me storveges nøgd med turen!