Årsmøte Sel og Heidal 2019
Det vert årsmøte og ope møte tysdag den 19.02.2019, kl 19.00 på Parken Grill og cafébar (Smuget)

19.februar2019
Det er ope møte fyrst der leiar i Oppland Nei til EU Jørn Grøtberg vil innleie om Jernbanepakke 4, kabotasjekjøring, brexit og EØS-avtalen i dag.
Vi diskuterer tema over ein kopp kaffe og kaker! Det er og viktig å ha gode spørsmål!
Etter det opne møtet, ca kl 20.00, vert det årsmøte med vanlege årsmøtesaker: årsmelding, rekneskap, handlingsplan, val og innkomne saker.
Det er fint om dykk sender inn skriftlege forslag minst ei veke før årsmøtet på e-post til Inga Marie Norderhus eller til 97168455.
Styret