Minneord etter Tarald Oma

Tarald Oma var leiar for Nei til EU i Rogaland i 1993 og 1994; ein organisasjon med 14 tusen medlemmer. På same tid var Nei til EU aktivistorganisasjon med stadige aksjoner.

Hovedkvarteret i Øvre Holmegata i Stavanger kokte av hektisk aktivitet i tri etasjar størsteparten av døgnet. Styremedlemene hadde mykje meir å gjera enn i sitja i styret.

Bonden Tarald frå Oma på Jæren var aldri hektisk. Han brukte ikkje for mange ord, høyrde godt etter kva andre hadde å koma med. Han hadde stor sans for ulike miljø og personar. Ein kunne merka at den velrøynde organisasjonsmannen var kulturmenneske. Ymse slag utspel frå ja-sida og ei aparte nei-gruppering blei aldri problem. Slikt tok fylkesleiaren med stor ro og godt humør.

Styret brukte lite sakspapir. I staden var styremøta grundige og kunne bli lange. Alt var lagt ope fram.

Det som kunne sjå ut til å gå over stokk og stein, var under fast, men ledig styring.  I denne kampen var folk trygge på kvarandre og på leiaren med det rolege oversynet. Tarald Oma var rett mann i rett tid på rett plass. Ein vinnar mellom vinnarar.

Anders M. Andersen

Tarald Oma var ein kjend kar på Jæren, bonde, lokalhistorikar og kulturpersonleghet. 2002 tok han initiativ til eit nasjonalt Garborg-senter på Bryne i Time kommune. 2017 fekk han kulturprisen i Time kommune. Han var òg aktiv i Time mållag, og i mange år leiar for Time historielag. Tarald Oma var gift med Tora Aasland, stortingspolitikar for SV, fylkesmann i Rogaland 1993-2013. Tarald blei 84 år gammal.

Leiv Olsen