Gå til hovedinnhold

Stifting av lokallag i kommunene Time og Klepp.

12. sep. 2019
Pressemelding
Organisasjon
EØS
Norsk EU-debatt
Rogaland Nei til EU er på offensiven og stiftar lokallag i kommunene Time og Klepp.

- Så lenge EU-tilpassinga held fram, trengst aktive lokallag i Nei til EU. Stikkord: ACER, jernbanepakke 4, Hjelmeng-utvalet, sosial dumping, kabotasje med utanlandske trailarar på norske vegar — og nye framstøytar kjem på løpande band, seiar leiar i Rogaland Nei til EU, Leiv Olsen.

Det blir klart for fleire at det ikkje var nok at me sa nei til norsk medlemskap i EU, me må seia opp EØS-avtalen. Det vil stå eit viktig slag om den på landsmøtet til Fellesforbundet no i oktober. Same korleis det landsmøtet endar, må kampen halda fram, og det som i lengda vil avgjera, er aktiviteten på grasrota, seiar Leiv Olsen.

-Me har eit godt grunnlag for stifting av lokallag då vi allereie har over 240 medlemmar i dei to kommunane, seiar Leiv Olsen. Men om du ikkje er medlem men ynskjer å bli det, kan du melda deg inn her: Bli medlem

Rogaland Nei til EU kallar inn til møte torsdag 10. oktober 2019 kl. 19:00 for på nytt å stifta lokallag i Time og Klepp. Stiftingsmøtet blir halde på garden til Jens Peter Hansen og Berit Braut i Brautvegen 14, 4341 Bryne

Saker:

1.    Velkomst ved Leiv Olsen, leiar for Rogaland Nei til EU

2.    Stifting av lokallaget

3.    Val av styret for lokallaget

Vel møtt.

Leiv Olsen, leiar

Rogaland Nei til EU

Admiral Cruys gate 24

4012 Stavanger

leolsen(att)online.no

tlf. 948 29 008