Gå til hovedinnhold

Norges Nei 50 år!

Arrangement
Norsk EU-debatt
Den 25 september 1972 stemte det norske folk nei til medlemskap i EF (nå EU) Det er snart 50 år siden, og Rogaland Nei til EU inviterer til en markering av Norges Nei 50 år, den 17. september kl. 14-18
17.september2022
Kl. 14.00–18.00Folkets hus i Sandnes, stor sal i 3. etasje, Kirkegata 1, Sandnes

25. september er det 50 år sidan folkefleirtalet stemte NEI til norsk medlemskap i EEC/EF, som i dag er EU. Dette folkets «Nei» blei gjentatt i 1994. Kampen er ikkje over, men er høgst aktuell den dag i dag.

På 50-årsdagen blir det ei storstilt markering i Oslo

Rogaland Nei til EU inviterer til å markera «Folkets NEI 50 år» i Sandnes laurdag 17. september:

Program:

Åpning av jubileumsfeiringen v/ Heidi Larsen, nestleder i Nei til EU

Foredrag ved Anders M. Andersen:

EEC-kampen 1972 i perspektiv.

Kortare innlegg frå folk som var aktive føre folkeavstemminga i 1972: Eldar Myhre, Leiv Olsen, Wenche I. Sola, Ole Langeland, Rolf Skjelstad (og kanskje fleire).

Filmklipp frå kampen om norsk medlemskap i EEC (no EU) i 1970-1972, blant anna med opptellinga av stemmene på valnatta på NRK, med pila som svingde mellom «JA» og «NEI».

Songar som blei dikta og sunge føre folkeavstemminga i 1972.

Kunstnarisk ved Espen Hana og Reiar Larsen.

Det kan bli fleire innslag enn dette, men det skal òg vera tid til drøs.

Enkel servering.

Tid og stad:

Folkets Hus, Sandnes, stor sal i 3. etasje 

laurdag 17. september kl. 14.00-18.00