ARRANGEMENT
Mandag 03. mars 2025 kl. 17:30 - 19:30 Biblioteket i Odda

Ope møte i Odda

Gode medlem i Nei til EU i Ullensvang! Nei til EU i Hordaland inviterer deg til ope møte 3. mars kl 17.30 – 19.30 (20.00 om det vert nødvendig). Møtet vert på biblioteket i Odda.

Frå fylkesstyret vil leiar og nestleiar delta. Det vert innleiing om den aktuelle politiske situasjonen der norsk tilslutning til EU sin 4. energimarknadspakke, tettare tilknyting til EU, ACER og EU sin energiunion er tema. Det sterke krefter som ønskjer at Norge igjen blir medlem av EU med presidentvalet i USA som ein av grunnane for dette. Nei til EU er i vekst og er ei viktig motkraft mot ytterlegare norsk tilknyting til den Europeiske Unionen gjennom EØS-avtalen.

Nei til EU har mange medlemer i Ullensvang, men har ikkje noko aktivt lag lenger. Under EU-kampen i 1994 var det velfungerande lag i både Jondal, Ullensvang herad og Odda. I det opne møtet måndag 3. mars, ønskjer me og å drøfte korleis eit lokallag i nye Ullensvang kommune kan kome på plass. Kanskje klarar me å skipa eit interimsstyre? Det er og høve for interesserte å teikna medlemskap på det opne møtet.

Hjarteleg velkomen skal du vera! Inviter gjerne med deg vener og kjende for å få aktuell informasjon frå Nei til EU.

Det er ikkje påkravd med påmelding, men gje oss gjerne ei attendemelding om du kunne tenkja deg å delta på dette møtet.

 

Beste helsing

Hordaland Nei til EU Toril Mongstad, fylkesleiar, 90026044, toril.mongstad@online.no Sigmund Simmenes, nestleiar, 97178471, sigmund@simmenes.no

reLATERT

Se alle arrangementer

Kommende arrangementer

arrangement
Tirsdag 27. jan. 2026 kl. 17:00 På nett

AU-møte 27. januar 2026

Møte i Nei til EUs arbeidsutvalg.
arrangement
Fredag 30. jan. 2026 kl. 10:00 - 15:00 Clarion Hotell Trondheim, Brattørkaia 11.

Formøte Trondheimskonferansen 2026

LO i Trondheim og omegn, LO i Oslo, Faglig utvalg i Nei til EU og Sør-Trøndelag Nei til EU arrangerer formøte på Trondheimskonferansen.
arrangement
Fredag 13. feb. 2026 - Søndag 15. feb. 2026 Nei til EU kontoret, Grønlandsleiret 31, Oslo

Styre- og stabssamling 13.–15. februar 2026

Fellesmøte mellom styret og sekretariatet i Nei til EU.
arrangement
Lørdag 14. feb. 2026 kl. 10:30 - 15:00 Folkets hus, Sandnes

Rogaland Nei til EU - årsmøte 2026

Velkommen til årsmøte!