
Nei til EU gratulerer AUF med fortsatt nei til EU-medlemskap
Pressemelding fra Nei til EU, 17.10.2026

I Klassekampen 30. mai avviser professor Janne Haaland Matlary ny folkerøysting om eit eventuelt medlemskap i EU. Grunngjevinga er enkel, det norske folket er ikkje i stand til å ha ei meining om ei så kompleks sak som EU.
Tenk det! Dette er ikkje berre nedlatande, det er og ei fullstendig neglisjering av folkets demokratiske rett til å ha ei meining.
Diverre er ikkje slike synspunkt ukjente for oss som kjempar mot medlemskap i Den europeiske unionen. Me vert ofte stempla som styrte av kjensler og med manglande kunnskap om faktiske forhold.
Samstundes er Matlary sjølv kritisk til korleis EU-systemet fungerer i dag, men ho set si lit til at Norge som medlem kan vera med på å endra EU, for ei endring er nødvendig slik ho ser det.
I motsetnad til ja-folket, finn ikkje me på nei-sida det realistisk å tru at Norge med sin representasjon i det gigantiske EU-systemet, vil kunna utgjera ein nødvendig forskjell. Den påståtte handa på rattet er ein illusjon ja-folket klamrar seg til.
Me trur på folkestyre og suverenitet for ein kvar nasjon. Me seier ja til samarbeid og nei til union.
Og me seier ja til folkerøysting fordi me har større tru på det norske folket enn det Matlary gjev uttrykk for.

Pressemelding fra Nei til EU, 17.10.2026

Idéene om EU som en forsvarsunion har blusset opp de siste par årene. Interne forhold i EU og nye europeiske initiativer gjør dette imidlertid til en usannsynlig tanke.

Få med deg debatten fra Litteraturhuset i Trondheim mellom Morten Harper fra Nei til EU og Tommy Reinås og Lars Gaupset fra Europabevegelsen Trøndelag.