Fred, fridom og framgang Grindheim?

Styremedlem Åsmund Ohnstad svarar Jan Erik Grindheim i Dag og Tid 12.12.25

Om framgang i EU.  

 

I Dag og Tid nr. 48 skriv Jan Erik Grindheim at han ynskjer Norge inn i EU, og han grunngjev dette med tre stikkord: Fred, fridom og framgang. Det er ikkje straks lett å sjå korleis og kvar denne framgangen skal koma. Han vil neppe koma på det økonomiske området.

  Skal me inn i EU, må me ta i bruk den felles valutaen euro. I 2005 var kursen på euro på eitt tidspunkt kr. 7,90. Ei vare som vart produsert i Norge til ein verdi av kr. 1000 og seld i euroområdet, vart då betalt med 126,50 euro. No nyleg var kursen på euro kr. 11,78. Ei vare til ein verdi av kr 1000 hadde då vorte seld i euroområdet for 84,88 euro, dvs. kring 30 % billegare enn i 2005. Svekkinga av krona mot euro har medverka til at både eksport og sysselsetjing har halde seg høgt i Norge.  

  Landa utanfor EU hadde, i følgje nettstaden trading economics, tidlegare i haust slike tal for arbeidsløyse: Norge 4,5 %, Island 4,4 %, Storbritannia 5 % og Sveits 2,9 %. Våre nære naboland innanfor EU hadde desse tala for arbeidsløyse: Danmark 2,6 %, Tyskland 6,3 %, Sverige 8,9 % og Finland 9,6 %. Vår eigen valuta har ein positiv effekt på produksjon, eksport og sysselsetjing, og ikkje minst gjev den oss høve til ein sjølvstendig rentepolitikk.

 

Åsmund Ohnstad.

Styremedlem i Hordaland Nei til EU