Gode medlemer.
Me har hatt vårt siste styremøte i 2025, 8. desember, og det har vorte ein tradisjon å kombinera dette siste styremøtet med sosialt samver og lutefiskmiddag. For meg som fylkesleiar er det ekstra kjekt å invitera heim til meg privat. Kvelden vart som vanleg svært hyggeleg med innslag av kunnskapstevling, gode historiar, diskusjonar mm.
Me har gjort ein del endringar i måten me arbeider på i styret. Det vert no sett av meir tid til politikk. På punktet politisk kvarter har me funne ut at eit kvarter er alt for lite. Dette er no utvida til maksimum 90 minuttar, og ansvaret for oppgåva går på omgang. Det inneber at styremedlemene må setja seg inn i eit politisk tema knytt til dei viktige kampsakene våre, formidla dette på ein god måte, og deretter opna for gode diskusjonar, kommentar og spørsmål.
Styret vårt er samde om at kampen for å få ein normal handelsavtale i staden for EØS-avtalen, er det viktigaste framover. EØS-avtalen vert meir og meir overgripande, norsk lov og rett taper terreng. Folkestyret forvitrar. Me har handelsavtalen frå 1973, den gjeld framleis, og den er jamt og trutt oppdatert. Oppseiingstida for EØS-avtalen er 12 månader.
Me vil intensivera arbeidet med formidling av informasjon og fakta, og me har som mål å byggja opp kunnskapsnivået omkring EØS-avtalen, utviklinga i EU, kva det kostar demokratiet å heile tida måtta sjå til Brussel når våre folkevalde skal utforma politikk på viktige samfunnsområde, og mange andre saker som er aktuelle. Det er særs interessant å følgja med på den meir intensiverte debatten om EØS-avtalen, og me noterer at fleire stiller seg skeptiske til denne. Det er ein trend me håpar vil vara.
Me har starta opp med debattkveldar der me innleiar om sentrale tema, og deretter har god tid til spørsmål, refleksjonar og debatt. Kom gjerne med innspel på tema du ønskjer at me skal ta opp.
Det vert årsmøteseminar 21. mars, og det er planen vår å ha minst eit større seminar til i 2026.
Det er alltid eit ønskje å få etablert fleira lokallag, og dette arbeidet vil halda fram. Me ser at me kan ha betre kontakt med medlemene våre, det å ha innlegg på denne heimesida kan vera ein del av dette arbeidet.
Som fylkesleiar deltek eg i ei arbeidsgruppe saman med fleire fylkeslag som arbeider med å organisera ein større konferanse i Oslo i september 2026. Tema for konferansen vil vera situasjonen i EU, no og framover, EU si rolle i internasjonalt arbeid, handel, internt i EU og globalt, rolla til EU i eit tryggleiksperspektiv mm. Tanken er at dei fylka som ønskjer det og får det til, kan arrangera liknande konferansar i sine distrikt.
Fylkesnettverket, der fylkesleiarane møtes på nett ein gong i månaden, held fram. Det er nyttig, interessant og sosialt. Me utvekslar erfaringar og drøftar felles strategi på spesifikke område.
På årsmøtet i fjor lufta fylkesstyret ideen om ein Brusseltur for styret. Me trur at det vil vera nyttig, og at me kan få betre kunnskap om korleis EU arbeider, og ikkje minst kva vår rolle som eit land utanfor EU skal spela. Me arbeider vidare med planleggjing av denne turen, og det vil verta foreslått å setja av budsjettmidlar for turen i budsjettet for 2026. Dette skal handsamast på årsmøtet 20. mars.
Ein annan viktig programpost på årsmøtet er val. Ta veldig gjerne kontakt om du kunne tenkja deg å stilla som kandidat til styreverv. Me formidlar vidare til valkomiteen.
På rådsmøtet i november i år fekk me gjennomslag for eit forslag om gjennomgang av organisasjon vår, styringsorgana, internkommunikasjon og samhandling, fylka si rolle mm. Arbeidet er alt i gang, og vil verta framlagt til debatt og vidare framdrift på rådsmøtet i april 2026. Alle fylka er bedne om å koma med innspel i god tid før rådsmøtet. Fylkesstyret vårt er alt i gang med å sjå på dette.
Neste år er det og landsmøte, det går av stabelen i november. Om det ovannemnde arbeidet vil krevja vedtektsendringar, kan dette først koma opp på landsmøtet i november.
Me går eit spanande år i møte, både lokalt, regionalt og nasjonalt, og ikkje minst i Den europeiske unionen. Fylkesstyret lovar å følgja med!