Høyringssvar til Bygningsenergidirektivet

Styresmaktene innfører direktiv som får store konsekvensar for husstandar, kommunar, fylkeskommunar og stat. Suvereniteten vert svekka, folkestyret forvitrar. Avgjerdsmynde vert overført til kommisjonen i Brussel. Høyringssvar frå Hordaland Nei til EU v/fylkesstyrets leiarToril Mongstad, kan du lesa her:

Høyring om EUs bygningsenergidirektiv 2024/1275

Frå: Hordaland Nei til EU v/ fylkesstyrets leiar, Toril Mongstad

Dato: 29. desember 2025

Høyring av EUs bygningsenergidirektiv 2024/1275.

Me viser til departementets høyring om EUs reviderte bygningsenergidirektiv med svarfrist 5. januar 2026. 

Det første store spørsmålet som melder seg når me les dette direktivet er:

Kva har dette med EØS-avtalen å gjera?

Avtalen som vart seld inn som ein handelsavtale i byrjinga på 90-talet, og som skulle regulera handel på tvers av grensene, er no meir og meir ein overnasjonal, politisk styringsmodell der byråkratiet i Brussel detaljregulerer nasjonalstatane i unionen og dei landa som er knytt til EØS-avtalen. Direktivet er ein del av Energipakke 4 (Rein energi-pakke), der tre direktiv så langt er vedtekne og eit direktiv og fire forordningar står att å vedta. Dette vil knyta oss endå tettare til EUs energiunion, noko som berre vil svekka norsk sjølvråderett på dette viktige samfunnspolitiske området. Direktivet er sterkt inngripande i nasjonalstatanes eigen politikk. Direktivet er lite fleksibelt, og ein ser fullstendig bort frå at det er svært ulike tilhøve i EU-landa. Det får så vera. Men at Norge som eit land utanfor EU skal måtta  innretta seg etter det EU-byråkratane i Brussel avgjer, er svært alvorleg.

Det er innleiingsvis i dette høyringssvaret naudsynleg å peika på fleire heilt klare og opplagte realitetar som norske folkevalde synes å oversjå fullstendig:

  • Norge er ikkje medlem i Den europeiske unionen. Det norske folket har sjølv avgjort det gjennom folkerøystingar i både 1972 og i 1994.
  • Norges relasjon til EU er gjennom EØS-avtalen samt ei rekkje tilleggsavtalar, avtalar som i utgangspunktet var meint å skulle regulera handel og grenseoverskridande tilhøve relatert til handel.
  • Norske styresmakter er for lite kritiske til kva som vert definert som EØS-relevant, og synes å ha som hovudregel at det som kjem frå EU i form av ulike rettsakter og regelverk skal sjåast som EØS-relevant.
  • Norske styresmakter sin servilitet i EU-samanheng har gjort Norge til eit underbruk av EU, og dei folkevalde tener ikkje lenger norske interesser primært. Lojaliteten til EU synes viktigare enn lojaliteten til det norske folket.

Med dette som innleiing vil me be om at norske styresmakter seier nei til  bygningsenergidirektivet, og me vil grunngje dette standpunktet kortfatta i teksten under:

Direktivet gjev detaljerte reglar for korleis både eksisterande bygg og nybygg skal utformast for å bidra til minst mogeleg energibruk, og til minst mogeleg utslepp som skadar miljøet. Alle nye bygg skal vera null-utsleppsbygg i 2030, med krav om solenergi frå solcellepanel hovudsakleg på tak. For offentleg bygg er fristen 2028.  Alle veit at det ikkje er solskin kvar dag i landet vårt og at klimaet er svært varierande gjennom året og frå landsdel til landsdel. Det vil gjera behovet for tilgjengeleg balansekraft kontinuerleg og aukande etter kvart som det vert bygd fleire bygg som satsar på ikkje-fossil kraft.

Dette er reglar som både det offentlege og privatpersonar skal retta seg etter. Det har som konsekvens at Plan- og bygningslova truleg må endrast på fleire punkt, det inngripande vil skje på lokalt, regionalt og nasjonalt plan. Slik vert Den europeiske unionen ein styringsinstans som grip inn på alle nivå.

I 2050 skal alle bygg vera i energiklasse A. I dag er 6 av 10 bygg plasserte i energiklasse D eller lågare. Det er gjort estimat av kva det vil kosta å oppgradera til klasse A, oppgraderingar som for private bygg må betalast av huseigar sjølv. Det er så langt ikkje konkrete planar for støtteordningar til huseigarar som ikkje har økonomi til å klara dette, og når me snakkar om kostnader på opp mot ein halv million, avhengig av kva bustadtype som skal oppgraderast, seier det seg sjølv at langt dei fleste er avhengige av lånefinansiering. Dei eksisterande støtte ordningane frå t.d. Enova er småpengar i denne samanhengen.

Det er detaljerte krav til når eksisterande bygg skal vera utslepps-frie, og sjølv om det er eit stykke fram til det endelege målet skal vera nådd, er det heller korte fristar når me ser på kva konsekvensar dette vil ha både for privat og offentleg bygningsmasse.

Norge har alt i dag i all hovudsak ikkje-fossil kraft til bruk i bygg. Me har lovverk som regulerer korleis bygg skal utformast for å vera i samsvar med dette regelverket. Dette er tilpassa norske tilhøve, norsk klima, byggjeskikk mm.  Kvifor skal norske styresmakter sjå bort frå dette og så totalt underleggja seg regelverk som vert påført oss frå ein union me ikkje eingong er medlem av?

Når det gjeld den politiske oppfølginga av direktivet, vert det stilt strenge krav som styresmaktene må oppfylla. Det vil krevja ressursar både kva gjeld personale og pengar. Det skal utarbeidast oversyn over eksisterande bygningsmasse og kva tilstand denne er i. Det skal gjerast greie for korleis denne tilstanden skal endrast for å nå dei fastsette krava, og det skal rapporterast til EU i 2030, 2040 og 2050 på nasjonale mål. Kvar femte år skal landa utarbeida nasjonal plan for renovering, dette skal leggjast fram Kommisjonen.

Ein må ha lov til å undra seg over at norske parti som fører ein dagleg kamp mot byråkratisering i Norge, og som attpå til er svært så venleg stilt ovanfor EU, ikkje reagerer på dette, men heller ivrar for at landet vårt skal godta det som kjem frå unionen.

Det må nemnast at direktivet har nokre område som er unnatekne, som hytter, historiske og religiøse bygg, dette vil ikkje verta vidare kommentert i denne høyringa.

Regjeringa gjer sitt beste for å redusera kritikken som har kome mot dette direktivet, og for å attendevisa at direktivet vil påføra privatpersonar kostnader og ekstraarbeid. Direktivet er tydeleg på dette, krav om utbetring og oppgradering til den kravde standarden vil påføra ekstra kostnader, å seia noko anna vil vera å føra folk bak lyset, eller rettare sagt, undervurdera folk si eiga evne til å tenkja og forstå. Diverre er det slik rettsakt etter rettsakt vert omtala og handsama frå styresmaktene si side, bagatellisering, nedsnakking av kritiske stemmer, bortforklaringar osv.

Det er synd, og det saman med den totale neglisjeringa av folk sin vilje uttrykt i 1972, 1994 og gjennom meiningsmålingar, er med på å auka politikarforakt og redusera tillit til styresmaktene.

Når det gjeld direktivet som dette høyringssvaret omfattar, kan det visast til kva Den europeiske unionen seier om straffetiltak (artikkel 34):

«Medlemsstatene skal fastsette regler for sanksjoner mot overtredelser av de nasjonale bestemmelsene som er vedtatt i henhold til dette direktivet, og treffe alle nødvendige tiltak for å sikre at de gjennomføres. De fastsatte sanksjonene skal være virkningsfulle, stå i forhold til overtredelsen og virke avskrekkende. Medlemsstatene skal omgående underrette Kommisjonen om disse reglene og tiltakene og om eventuelle senere endringer som berører dem».

Korleis vil norske politikarar handheva desse straffetiltaka ovanfor privatpersonar, kommunar og fylkeskommunar?  Vil desse verknadsfulle og avskrekkande tiltaka innebera bøter som den aktuelle huseigar må betala i tillegg til alt påførte ekstrakostnader? Det seier ikkje styresmaktene noko om. Men det dei seier noko om, er følgjande:

«Det er ikke aktuelt for regjeringen å pålegge huseiere å energieffektivisere boligene sine. Regjeringen vil bruke virkemidler som gir mening for norske forhold, som for eksempel støtteordninger som Enova og Husbanken, og god veiledning om smarte energitiltak når man av andre grunner vil pusse opp boligen».

Det får vera opp til kvar einskilt å tolka dette, vårt syn er at det ikkje er særleg truverdig, og at det regjeringa seier står i sterk motstrid til artikkel 34, som det er vist til ovanfor.

Det kan henda at byråkratane i EU ikkje forstår at landa som dette direktivet omfattar ikkje er like og at direktivet ikkje på langt nær høver for alle.

Men det må forventast at norske styresmakter innser og forstår dette, og at dei står på for norske interesser. Det er og å forventa at lojaliteten ligg hos dei som har vald dei og ikkje hos byråkratane i Brussel. Som ein konsekvens av dette, må styresmaktene ikkje handheva dette direktivet, men kjempa for at norske lover og reglar på området er det som skal gjelda. Om ikkje dette skjer, vil me nok ein gong kunna konstatera at me held oss med folkevalde som ikkje lyttar til folket, og som utan nøling spelar bort både suverenitet, folkestyre og tillit.