Gå til hovedinnhold
Toril Mongstad leiar i Hordaland Nei til EU

Island sa NEI

05. sep. 2026
Ja-sidas problematiske forhold til Islands NEI. Det islandske folket var klar i sin tale 29. august 2026: 52,8% ønskte ikkje at Island skulle ta opp att forhandlingar med Den europeiske unionen. I realiteten er det også eit nei til medlemskap, sjølv om det ikkje var sjølve medlemskapsspørsmålet islendingane gjekk til val på denne dagen i august. Det var rekordhøg deltaking i valet, 82,5%.

Kvifor er det så vanskeleg for den norske ja-sida å akseptera folkets vilje i Island?

EU-tilhengjarane i Norge hadde eigentleg innkassert ja-sigeren i forkant av sjølve røystingsdagen, og det mangla ikkje på kva som då ville ramma landet vårt:

Me ville verta endå meir isolerte og åleine. Status som utanforlandet ville verta forsterka. EØS-avtalen ville stå i fare og presset frå EU ville auka. Sett litt på spissen: kunne me i det heile overleva eit ja frå Island?

Tenk det! – og så sa det islandske folket nei.

Men det vart ikkje slutt på ja-folka sine dystre spådomar av den grunn. No kom EU til å straffa både oss og Island. Ifølgje EU-tilhengjarane er visst det ein metode EU kan nytta når eit land går imot EUs uttalte politikk. Berre det å tenkja straff i ein slik situasjon seier litt om maktforholdet mellom nasjonalstatatane og Den europeiske unionen. Ein ubalanse me som nei-folk påpeikar heile tida.

Det som ikkje så direkte vert uttalt, men som heile tida ligg under ein kvar argumentasjon frå ja-sida, er at nei-folket eigentleg ikkje er kompetente til å uttala seg i denne komplekse saka. Me er kunnskapslause og me veit ikkje kva me snakkar om. Me er styrte av kjensler, me heng fast i 1972 og 1994-resultatet, og me ser ikkje den store heilskapen. I Norge har dette vore tydeleg hevda av mellom anna professor Janne Haaland Matlary. Ho tar til og med til orde for at medlemskapsspørsmålet ikkje må avgjerast ved folkerøysting, folket er rett og slett ikkje i stand til å ta eit velgrunna standpunkt. Til det veit dei for lite om kva saka handlar om.

Ja-sida hevdar og at utan EU-medlemskap, seier me og nei til eit kvart samarbeid. Men medlemskap er ikkje ein føresetnad for samarbeid, like lite som mangel på medlemskap vil hindra samarbeid. Island og Norge samarbeider godt både med EU, resten av Europa og verda, og det skal me både halda fram med og vidareutvikla.

Det islandske folket sa nei. Dei ville som oss halda fram som ein sjølvstendig nasjon der folkestyre og suverenitet er rådande verdiar. Dette er inspirerande for oss på nei-sida i Norge, og me både gratulerer Island og takkar dei for at dei sto opp mot overmakta!

Tor Sander, leiar i Bergen Nei til EU, har lagt mykje stoff ut på facebook-sida:

https://www.facebook.com/bergenneitileu

Eg oppmodar alle til å følgja denne sida, og å lika den! Det same gjeld fylkets facebook-side: https://www.facebook.com/HordalandNtEU/

Kunnskapsformidling og informasjon er viktig for å få fleire med oss i kampen mot medlemskap og for å bytta ut EØS-avtalen med ein maktbalansert og likeverdig handelsavtale.