Kven skal styra Norge, EU eller eigne folkevalde?

Den europeiske unioen kan ikkje lenger overstyra landet vårt. EØS-avtalen må opp til debatt i NtEU.

 

EU-debatten er i gong trass i at regjeringa nektar for det.

Me skal ikkje ha ein debatt om tilknytingsform til EU. Dette slår regjeringa med statsminister og utanriksminister i spissen fast gong på gong samstundes som dei snakkar om EU og EØS-avtalen på inn- og utpust. Frekvensen av reisene til Brussel aukar, dei skal ta vare på norske interesser, men dei når ikkje fram. Det er EU som bestemmer. Medlemskapsdebatten vil dei ikkje ta, det gjeld for fleire av ja-politikarane. Det er forståeleg. Motstanden mot eit EU-medlemskap aukar i folket. Skepsisen mot EØS-avtalen aukar. Det er og forståeleg. Talet på rettsakter frå EU som er EØS-relevante aukar. EUs politikk vert norsk politikk på fleire og fleire viktige samfunnsområde. Politikkområde som norske folkevalde skulle ha eigne meiningar om, men som dei i aukande grad overlet til EU å meina noko om. EØS-avtalen, som mange tenkjer på som ein handelsavtale, er meir og meir ein politisk overstyrande avtale, og det som uroar EU-tilhengjarane mest, er at Norge ikkje innfører EU-lover fort nok. Skremselspropagandaen er den same som i 1972 og 1994, like lite dokumentert no som den gong.

Korleis har landet vårt kunna hamna i ein situasjon der altfor mange av dei viktige (og uviktige) politiske avgjerdene vert gjort i Brussel? Dersom dette var meininga då EØS-avtalen vart innført, er det på høg tid å sjå kritisk på denne. Mantraet frå ja-folka er at avtalen har tent oss godt på handel, men er det ein pris me vil betala for å mista suverenitet og folkestyre? Det er i alle høve det som er realiteten, og me som er imot medlemskap og som vil ha EØS-avtalen bytt ut med ein normal handelsavtale, må førebu oss på kamp. Korleis skal me få fleire med oss i denne kampen? Nøkkelordet er kunnskap. Kunnskap om kva EØS-avtalen har ført oss inn i, ein union som me sa nei til, men som no dominerer all norsk politikk. Kor ofte høyrer me ikkje at me må rådføra oss med EU dersom me tek viktige avgjerder her i landet? Og når me vågar oss til sjølvstendig politikk, som i jernbanepolitikken, vert det ei sak i ESA, me har ikkje vore lydige nok.

Det er påfallande å sjå kor servile og audmjuke EU- tilhengjarane blant ei folke valde er. Me må ikkje gjera noko som irriterer EU, heller ikkje koma med krav eller motkrav. Tollsaka om ferrolegeringar synte dette tydeleg. Mottiltak var ikkje eit tema. Hald fast på lua i handa, og godta det som vert servert. Me har gode kort på hand, me er både rike og ressursrike, men nei, me må vera smålåtne og ikkje snakka med utestemme.

Når me har inngått ein avtale som viser seg å vera til dei grader inngripande i norsk politikk, er det på høg tid å stille spørsmål om me vil ha denne avtalen slik den er i dag. Eg meinar nei!

Og om nokon skulle vera i tvil: medlemskap er ikkje ein utveg, det ville ha ført til total underkasting. Det vil ikkje me som set suverenitet og folkestyre høgt.