Gå til hovedinnhold
Toril Mongstad, fylkesleiar Hordaland Nei til EU

Kvifor får ikkje NtEU meir plass i presse og media?

03. juli 2026
Norsk EU-debatt
Igjen og igjen opplever me at meiningane våre vert kasta vrak på både i presse og media. Styret i Hordaland Nei til EU har mange medlemer som er glade i å ytra seg om kampsakene våre. Me sender lesarinnlegg både som sjølvstendige innlegg og som svar på andre sine innlegg. Me sender fakta der ja-sida har servert udokumenterte påstandar. T.d. i saker som omhandlar Brexit, peikar me på manglande dokumentasjon frå ja-sida, og me tilbyr nettopp det, faktabasert informasjon. Me kan lura på kvifor presse og media synes å vera interesserte i å støtta opp under feil-informasjon. I BT 29.6.26 kjem Morten Myksvoll med eit innlegg som osar av skremselspropaganda. Me er nær undergangen om me ikkje tenkjer medlemskap i samband med at Island vurderer dette. Me står utanfor, me er ein stat utan makt, me er utrygge osv. Det er ikkje måte på kva som vil henda oss om me no ikkje går inn i unionen. Eit svarinnlegg på dette var det ikkje plass til i BT. Då eg la innlegget ut som ein kommentar, ser eg at moderator har fjerna det. Er den frie pressa ein myte? Skal det vera slik at meiningsytringar som ikkje fell i smak hos redaktøren, berre skal neglisjerast? Eg publiserer her innlegget mitt, eit innlegg som haltar litt fordi Myksvoll sitt innlegg ikkje vert publisert samstundes. Dette kan ein sjå ved å gå inn på bt.no.

Går Norge under som nasjon ved å stå utanfor EU?

I BT 29. juni har Morten Myksvoll ein kommentar, og der utøver han det som ja-sida i norsk EU-debatt er best på, nemleg å spreia skremselspropaganda. Det er nærast dommedagsprofetiar denne mannen kjem med, og no handlar det om det han legg ut som eit skjebnesvangert val i Island, og kva enorme konsekvensar dette kan få for Norge.

Skremselen er tydeleg, det er verre med dokumentasjon og fakta. Dette er også typisk for unionistane.

Myksvoll nemner tryggleik. For Norge er det og vert det i uoverskodeleg tid framover, NATO som representerer tryggleik. Det veit alle. Det er verdt å minna om at EU-landa Sverige og Finland nyleg valde å verta NATO-medlemer.

Myksvoll nemner EØS-avtalen, den kan stå i fare. Det Myksvoll skriv om avtalen viser ein avtale med ein stor ubalanse, ein avtale som slettes ikkje er mellom likeverdige partar, men der den store parten EU dikterer. Avtalen representerer mykje, mykje meir enn handel. Den fører til konstant suverenitetslekkasje, det er snart ikkje ei politisk avgjerd Norge kan ta på sjølvstendig grunnlag.

Og tenkjer Myksvoll som så mange andre ja-folk at EU handlar med oss av rein velgjerd? Eller skal me væra ærlege å seia det som det er, at EU handlar med oss fordi dei treng varene våre?

Myksvoll nemner fisk i samband med eit eventuelt EU-medlemskap for Island. Alt no ser me at kommisæren for fisk i EU, Costas Kadis, lokkar med særordningar på fiskeriområdet. Kan islandske styresmakter stola på slik lokkemat og at ei særordning no vert ei varig løysing? Svaret er nei.

Den mektige kommisjonen i Den europeiske unionen har eksklusiv kompetanse på fisk, dvs at dei er einerådande på det fiskeripolitiske området. Rett nok skal både ministerrådet og parlamentet høyrast, men realitet kan likevel ikkje bortforklarast. Den eksklusive kompetansen viser kvar politiske avgjerder vert tekne.

Denne eksklusiviteten inneber at det er kommisjonen som skal forhandla om islandske fiskeressursar om Island vert medlem. Det samme vil vera gjeldande om Norge vert medlem.

Då må islendingane, så vel som det norske folket, spørja seg: Er det slik me vil ha det? Vil me at forvaltninga av ein av dei viktigaste ressursane me har skal overlatast til EU-kommisjonen? Berre ihuga unionistar kan svara ja på dette.

Kan Island stola på kommisær Kadis i dette spørsmålet? Lat oss sjå kva som skjedde med Irland. For Irland var det viktig med særordningar på området, noko dei og fekk. Men i desember i fjor reduserte EUs ministerråd dei irske kvotane med om lag ein tredjedel, noko som av irske fiskeprodusentar vart karakterisert som katastrofalt. Avtalar inngått då Irland vart medlem av EU i 1973, og ikkje minst avtalen som vart inngått tre år deretter (Haag-preferansen), vart kasta over bord då fastsetjing av kvotar vart vedteke i desember i fjor.

I Irland vert dette kalla eit svik.

Myksvoll framstiller det som om Norge er meir eller mindre isolert i verda, og at me sjølve har vald denne situasjonen. Eg må minna om at Norge er medlem i svært mange internasjonale organisasjonar, og at me i mange av desse både vert høyrde, spurde og rekna med.

Me skal halda fram det internasjonale samarbeidet, også med EU. Verda er større enn EU. Ja til samarbeid, nei til union!