
Vellukka seminar om EU-medlemskap og EØS-avtalen. Bergen 13. august 2025.
Vellukka seminar med synspunkt frå både ja og nei-sida i spørsmålet om medlemskap i Den europeiske unionen, og om EØS-avtalen som grip meir og meir om seg. Politisk paneldebatt klargjorde, til ein viss grad, dei ulike stortingsparti sine synspunkt.

Onsdag 13. august 2025 arrangerte Hordaland Nei til EU i samarbeid med Bergen Nei til EU og Biblioteket i Bergen eit seminar der temaet var EU-medlemskap og EØS-avtalen. Me fann det nyttig å invitera innleiarar frå både ja og nei-sida. Jan Erik Grindheim, tidlegare leiar i Europabevegelsen, stilte for ja-sida. Hans viktigaste argument for medlemskap var at me må vera innanfor for å kunna påverka og delta i avgjerande politiske vedtak. Han understreka og at EØS-avtalen ikkje er nok, den har fordeler, men gjev ikkje medråderett. I tillegg poengterte han at me alt har mange ulike avtalar med EU, og at eit medlemskap ville gje ei heilskapleg deltaking. At landet vårt ville få ein til to prosent av dei folkevalde i EU-parlamentet, meinte han ville gje oss stor påverknad. Hovudbodskapen var at me må vera med der det skjer.
Morten Harper var noko meir konkret, han gjekk systematisk til verks og synte klare fakta. Han tok for seg ulike viktige politikk-område som pengepolitikk, velferd, miljø, solidaritet folkestyre, demokrati mm. Utviklinga i EU var og eit tema. Han kom og inn på tryggleikspolitikk, og viste til at EU pr i dag ikkje er noko alternativ til Nato. Det energipolitiske området var eit viktig tema, her fekk han fram at me ikkje har nok sjølvstende på dette området, og at EU er interessert i ressursane våre for eiga nytte.
Etter innleiingane vart det opna for spørsmål frå publikum. At dei to innleiarane var fundamentalt usamde kom ikkje som noka overrasking, det var likevel veldig nyttig å høyra begge sine synspunkt.
Seminaret held fram med politisk paneldebatt der alle partia som er representerte på Stortinget deltok med kvar sin lokale representant. Vegard Flatøy, redaktør i avisa Nordhordland, var debattleiar.
Raudt, SV og SP var veldig klare i sine synspunkt. Noko medlemsskapsdebatt er ikkje aktuelt for dei, og dei meiner og at EØS-avtalen må erstattast med ein normal handelsavtale.
Dei andre partia, då særleg Høgre, MDG og Venstre var klare i sine synspunkt om ja til medlemskap, men dei ser samstundes at det er eit solid fleirtal mot å fremja ein medlemskapskamp no. Mantraet frå desse tre og AP, KrF, FrP er at EØS-avtalen har tent oss godt. Korleis den har tent oss godt, og om ein handelsavtale ville vera like god, sa dei lite om.
Det kom gode spørsmål frå salen.
Seminaret runda av litt før kl 20. Det var over 60 påmeldte, diverre var det mange som ikkje dukka opp, men det var likevel særs godt oppmøte.
Takk til alle som deltok både som publikum og som aktive på scena. Me vil halda fram med å spreia informasjon om kampsakene våre, me ser at det er stort behov for det!
Presentasjonane til Grindheim og Harper vil verta publiserte på heimesida om litt.
