
Aktiv europapolitikk
Espen Barth Eide vil ha mer glidemiddel i EØS. Han burde heller finne frem kyskhetsbeltet.

Sei nei til Acer
Acer er EU sin energiunion. Kampen om krafta vår er i gang. Skal vi styre vasskrafta vår sjølve, eller gi frå oss styringa over den største og evigvarande konkurransefordelen vår åt EU? Nei til EU har gode og lettfattelege videoar, som syner kor viktig vasskrafta vår er og har vore for industrien og folket i det langstrakte landet vårt i nord.
Saka skal opp i Stortinget 16. mars i år. Da blir det avgjort om vi fortsatt skal ha styringa sjølve, eller om vi frivilleg gir frå oss styringsretten over krafta vår åt andre. Må minne om at Noreg ikkje er med i EU! Eg meiner vi fortsatt må vera eit industriland, og ikkje eit råvarelager for andre, og såleis bli eit u-land.
Håpar at EØS-partia Ap, H, Frp, V og Krf snur i tide. Håpar at så mange som mogleg kan bidra med å få dei til å snu, iallfall i denne uhyre viktige saka!
Kari Jægersletten
Kari Jægersletten er fra Nord-Fron og er tidligere styremedlem i Oppland Nei til EU

Espen Barth Eide vil ha mer glidemiddel i EØS. Han burde heller finne frem kyskhetsbeltet.

Innføring av EUs fornybardirektiv krevde ikke regelendringer for omstridt tidsfrist for konsesjonsbehandling, sa regjeringen. Nå vil den likevel fastsette krav om to års frist for både kraft- og nettutbygging.

Vi har ikke grunnlag for å si at Norge håver inn på kraft.