Aust-Agder Nei til EU - Årsmøte 2023
Aust-Agder Nei til EU innkaller til årsmøte tirsdag 6. juni kl. 18.00 på Kokkeplassen, Vesterveien 134 på Hisøy.
Til alle medlemer i Aust-Agder nei til EU og Ungdom mot EU.
Innkalling til årsmøte i Aust-Agder nei til EU.
Det vert med dette kalla inn til fylkesårsmøte i Nei til EU i Aust-Agder, tysdag 6 juni
klokka 1800 på Kokkeplassen, Vesterveien 134, Hisøy, Arendal
Har du problem med å finne lokalet, er det berre å ringe 90963216.
Alle medlemer i Aust-Agder nei til EU, og ungdom mot EU, kan delta på årsmøtet med
tale, forslags, og røysterett.
Me får vitjing av leiaren for Nei til EU: Einar Frogner, og leiaren for Ungdom mot EU, Kim Hamre, som vil orientere om saker som desse organisasjonane arbeider med.
Årsmøtedukumenter kan du finne her:
Styret sitt forslag til sakliste:
1. Åpning.
2. Konstituering av møtet.
3. Leiarens tale.
4. Årsmelding for 2022.
5. Rekneskap for 2022 med revisjonsrapport
6. Innkomne saker.
7. Politiske uttalar.
8. Arbeidsplan for 2023.
9. Budsjett for 2023.
10.Val.
Saker som du ynskjer at skal handsamast på årsmøtet under sak 6. og sak 7. må vere fremja slik at dei er styret i hende innan tysdag 23 mai. Desse sakene skal sendast til: Olav Lidtveit Gardelene 242, 4745 Bygland. Email: olav @lidtveit.com
Med vennlig hilsen
Aust-Agder Nei til EU v/ styret