
Kvifor underslår Barth Eide viktige konsekvensar?
Morten Harper, jurist og utgreiingsleiar i Nei til EU, har nok ein tankevekkjande artikkel i Klassekampen laurdag 14. juni
Han set søkjelyset på ei felles erklæring signert av EU og Noreg på det utanrikspolitiske området, eit område me så langt har stått fritt i når det gjeld EU/EØS. Som alltid vert slike avtalar bagatelliserte av styresmaktene, denne gongen ved utanriksminister Espen Barth Eide. Same dag som avtalen vart inngått, skreiv utanriksdepartementet om erklæringa at «den pålegger ikke Norge nye forpliktelser, men åpner for samarbeid med EU på nye områder».
Harper skriv at erklæringa ikkje er rettsleg forpliktande, men Barth Eide har signert på at Noreg utan atterhald vil vera på linje med «EUs uttalelser, erklæringer og sanksjoner». Han skriv vidare at erklæringar er problematisk av fleire årsaker. Dette er ei einsidig tilpassing til EUS politikk. Kan dette føra til at Noregs sjølvstendige rolle i utanrikspolitiske spørsmål no er over? Og korleis vil EU reagera om me ikkje er på linje med EU på dette viktige politikkområdet? Erklæringa seier heller ikkje noko om framtidige utfordringar, slik sett vert den like dynamisk som EØS-avtalen, det som måtte i koma i framtida skal og gjelda for landet vårt.
Og kva med EU sin politikk ovafor det globale sør? Dei handelsavtalane EU inngår med mange av desse landa ber framleis preg av at større land i EU har ein historie som kolonimakt. Det er grunn til å tru at det er EU som tener mest på slike avtalar og at det andre landet ikkje får noko draghjelp i utviklinga av eigen økonomi og samfunn.
Morten Harper meiner at erklæringa er ei prinsipiell endring i norsk utanrikspolitikk. Likevel har orienteringa til Stortinget vore mangelfull. 6. mai var det utanrikspolitisk utgreiing for Stortingen om EU- og EØS-saker. Ingen ting vart sagt om erklæringa. Saka var heller ikkje på dagsorden for møte i Europautvalet same dag.
Det er inngått avtalar med EU på mange andre politikkområde utan at me har vore pålagt dette med grunnlag i EØS-avtalen. Klimaarbeidet er eit område. Det helsepolitiske eit anna. Når det gjeld det siste, vil styresmaktene helst at me slutta oss til EUs helseunion.
Det er gale nok med alt me må innretta oss etter og finna oss i etter EØS-avtalen, treng me verkeleg arbeida aktivt for å verta endå meir i unionen?
Har norske styresmakter, dei folkevalde, gløymd kven dei er valde av og kven dei skal utøva folkestyret på vegne av? Og – har dei heilt gløymd at det norske folket har sagt nei til Den europeiske unionen 2 gonger, og at det framleis er fleirtal for nei til EU-medlemskap i folket?
Bit for bit ser me at suvereniteten vårt vert svekka og folkestyret forvitrar.
Det er val til hausten. Det kan vera ein stor fordel å orientera seg grundig i det politiske landskapet. Om du vil at Noreg skal halda fram som eit suverent og sjølvstendig land i samarbeid med andre, men ikkje underlagt andre lands / unionars politikk, bør du halda deg til dei partia som nettopp kjempar for dette.
Toril Mongstad, fylkesleiar, toril.mongstad@online.no
Lenke til artikkel i Klassekampen laurdag 14. juni: https://www.e-pages.dk/klassekampen/14960/
Stort bilde i toppen: Utenriksminister Espen Barth Eide. (Foto: Stuedal / Utenriksdepartementet)