ARRANGEMENT
Torsdag 09. mai 2019 kl. 18:00 - 20:00 Kantina Knarvik Rådhus

Stiftingsmøte Alver Nei til EU 9. mai

Velkomen til stiftingsmøte for Alver Nei til EU 9. mai kl 18 – 20 i kantina på Knarvik Rådhus. Alle medlemmer er velkomne, men kom også om du tenkjer på å melda deg inn i Nei til EU.

Saker til handsaming er: Formalitetar omkring samanslåing av tre lokallag (Meland, Lindås og Radøy), plan for det nye laget framover, vedtekter for laget, budsjett, val av styre og styreleiar, val av valkomité, eventuelt. Har du saker du ønskjer å ta opp, så er det fint om du melder det til interimsstyret v/ Toril Mongstad, toril.mongstad@online.no, 90026044.

Saksliste:

1.      Godkjenning av innkalling og dagsorden 

2.      Opprop – presentasjon av deltakarar 

3.      Konstituering

·       Val av ordstyrar

·       Val av referent

·       Val av to personar til å underskriva referatet 

4.      Kort orientering om oppstart av nytt lokallag

·       Kva må gjerast med eksisterande lag i Meland, Lindås og Radøy 

5.      Årsmelding. Det er ikkje utarbeidd årsmelding for Alver NtEU. Om dei tre lokallaga har noko her, så presenterer medlemmer frå dei tre lokallaga dette. 

6.      Rekneskap. Det er ikkje utarbeidd årsmelding for Alver NtEU. Om dei tre lokallaga har noko her, så presenterer medlemmer frå dei tre lokallaga dette. 

7.      Arbeidsplan for 2019 

8.      Budsjett for 2019 

9.      Vedtekter 

10.  Val

·       Val av styre og styreleiar

·       Val av revisor

·       Val av valnemnd 

11.  Eventuelt 

12.  Avslutning

Det er særs viktig at medlemmer som har hatt verv (det kan vera lenge sidan) i dei tidlegare lokallaga møter, eller sender informasjon til oss i forkant av møtet.

Velkommen

For interimsstyret
Toril Mongstad

reLATERT

Se alle arrangementer

Kommende arrangementer

arrangement
Tirsdag 27. jan. 2026 kl. 17:00 På nett

AU-møte 27. januar 2026

Møte i Nei til EUs arbeidsutvalg.
arrangement
Fredag 30. jan. 2026 kl. 10:00 - 15:00 Clarion Hotell Trondheim, Brattørkaia 11.

Formøte Trondheimskonferansen 2026

LO i Trondheim og omegn, LO i Oslo, Faglig utvalg i Nei til EU og Sør-Trøndelag Nei til EU arrangerer formøte på Trondheimskonferansen.
arrangement
Fredag 13. feb. 2026 - Søndag 15. feb. 2026 Nei til EU kontoret, Grønlandsleiret 31, Oslo

Styre- og stabssamling 13.–15. februar 2026

Fellesmøte mellom styret og sekretariatet i Nei til EU.
arrangement
Lørdag 14. feb. 2026 kl. 10:30 - 15:00 Folkets hus, Sandnes

Rogaland Nei til EU - årsmøte 2026

Velkommen til årsmøte!