Gå til hovedinnhold
Toril Mongstad leiar i Hordaland Nei til EU

Det vert arrangert folkemøte i Bergen med tema: Kontroll over krafta. Thon hotell Rosenkrantz, Bergen, måndag 2. november 2026, kl 17.30 – 20.00

14. okt. 2026
Viktig og interessant folkemøte om kraftpolitikken. Er det mogeleg å ha nasjonal kontroll, eller skal det vera EU og marknadskreftene som avgjer nasjonal politikk på dette viktige området? Terje Kollbotn, Rødt, vara til Stortinget for Sofie Marhaug, svarar ut desse viktige spørsmåla. Les meir i det følgjande:

Hovudinnleiar er Terje Kollbotn, Rødt, vara til Stortinget for Sofie Marhaug.

Elin Askeland, leiar i Motvind Vest, vil og innleia frå sin ståstad, og fylkesleiar Toril Mongstad vil gje ei kort orientering om RePowerEU, Den europeiske unionens overordna og styrande plan for energi- og ressursbruk.

Det vert høve til spørsmål frå publikum, og det vert panelsamtale der fleire energipolitiske talspersonar vil delta.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Hordaland Nei til EU og lokallaga Bergen Nei til EU og Alver Nei til EU.

Det er på høg tid å setja den dysfunksjonelle kraftpolitikken på dagsorden. Straumprisane lever sitt eige liv, dei svingar frå dag til dag, ja faktisk time for time. Dette er det inga meining i. Me meiner at straum skal vera eit infrastrukturelt gode. Produksjonsprisen er ca 13 øre pr kilowatt. Dette burde vera eit godt utgangspunkt for ein føreseieleg og låg pris både til private husstandar, verksemder og industri.

Slik er det ikkje, den politiske kontrollen over krafta er lik null. Og for å bøta på dette må staten til med hjelpetiltak, straumstøtte og Noregspris. Men desse hjelpetiltaka kjem berre privatkundar til gode, og knapt nok det. Ulike buformer som burettslag, studentbustader m.fl. har så langt ikkje kunna nytta ordninga.

Det mest alarmerande er likevel at slike ordningar ikkje kan nyttast av næringsverksemd og industri. Dette set EØS-avtalen ein effektiv stoppar for.

Norge med all sin reine energi, har gjennom EØS-avtalen og andre avtalar, akseptert at straumprisen vert fastsett på den europeiske marknaden, etter prisen på gass til ei kvar tid.

Kan det vera meining i slikt? Er handlingslamminga blant våre folkevalde total? Er me i ferd med å verta ein usjølvstendig nasjon som står med lua i handa for overmakta i Brussel?

Dette om mykje meir vil verta tema på folkemøtet som me no arrangerer 2. november. Gå ikkje glipp av dette. Meld deg på til fylkesleiar Toril Mongstad, toril.mongstad@gmail.com, eller med sms til 90026044.

Stort bilde i toppen: Strømmer sørover: Eksempel på kraftflyten i Norden 26. februar 2025.