Gå til hovedinnhold
Toril Mongstad leiar i Hordaland Nei til EU

Vellukka Haustkonferanse i Oslo 26. og 27. september 2026

12. okt. 2026
26. og 27. september 2026 var det ein viktig, interessant og litt annleis konferanse om EU på Litteraturhuset i Oslo. Les meir i det følgjande:

Kvifor seier eg at arrangementet var annleis? Nettopp fordi me som arrangerte konferansen ønskte å gje folk kunnskap og informasjon om dagens realitetar i EU ut frå ein noko annan synsvinkel enn det me ser i dagens presse- og mediabilete. Diverre er desse viktige temaene heller ikkje nok framme i nei-sidas argumentasjon mot unionen.

Lukkast me med det? Svaret er JA! Det har kome mange og gode attendemeldingar frå både deltakarar i salen, innleiarane og dei som deltok i paneldebattane. Eg tar ikkje for meg heile programmet her, men plukkar ut noko av det som det vart sett søkjelyset på.  Du vil finna meir og fullstendig informasjon på www.geopolitisk-forum.no

Til deg som ikkje var på konferansen: no kan du likevel få den med deg ved å gå inn på denne nettsida.

Sanksjonar:

Visste du at EU sanksjonerer einskildpersonar som markerer seg med usemje i EUs uttalte politikk på ein del viktige politikkområde som t.d. krigen i Ukraina og konflikta i Midt-Austen?

Alexandra Hofer opna konferansen laurdag via videolink, og ho gav eit skremande bilete av eit fenomen dei færraste i salen var merksame på. Einskildpersonar opplever å verta fråtekne sjøvsagte rettar som å ha bankkonto, kunna reisa kvar ein vil, og kunna ytra seg som ein vil utan konsekvensar. Ho hadde solid dokumentasjon for dette, og ho nemnde namn på personar som har vorte offer for slik sanksjonering. Dei opplever ingen rettar til å kunna anka på avgjerder, avgjerder som oftast vert tekne av Kommisjonen. Konsekvensane for den einskilde er dramatiske.

Lobbyisme:

Visste du at at minst 25.000 personar arbeider i lobbyverksemd i Brussel, og at det vert brukt om lag 382 millionar euro på lobbyverksemd i 2026, og at dette talet har auka med 50% sidan 2020?

Dette og mykje meir fekk me innsikt i då Kenneth Haar som arbeider i Corporate Europe Obervatory (CEO) hadde sine to innleiingar, i tillegg til at han og deltok i ein av panelsamtalane. CEO er ein uavhengig organisasjon med kontor i Brussel, og som ser på kva makt lobbyistar har, og korleis dei direkte påverkar utforminga av lov- og regelverk i Den europeiske unionen. Og den påverknaden er ikkje liten. Lobbyistar er ofte firma og personar med stor pengemakt, dei har stor påverknad og deira makt vert brukt til å forma mykje av den langsiktige politikken EU. EU forsvarer dette ofte sjølv med at dei rådfører seg med ekspertisen desse lobbyistane har. Korleis kan slik makt utvikla korrupsjon? Her er me i grenseland, noko Haar også var inne på. Og slik bruk at makt hos ikkje-demokratisk valde påverkarar, styrker påstandane til nei-sida om at demokratiet i EU er svekka.

Maktkonsentrasjon og demokratisk underskot.

Morten Harper, jurist og utgreiingsleiar i Nei til EU, tok for seg eit sentralt og viktig tema, den aukande maktkonsentrasjonen i EU, der ikkje-folkevalde både får og tar meir makt på kostnad av folkevalde organ. Han viste korleis dette fører til demokratisk underskot i unionen, eit underskot som Norge vil verta ein del av om me skulle verta medlemer, og som me til ein viss grad alt er ein del av gjennom EØS-avtalen. Folka i Kommisjonen som det øvste styringsorganet, Ministerrådet og Domstolane er ikkje direkte folkevalde, og det gjer det vanskeleg og i praksis umogeleg for veljarane å halde makthavarane ansvarlege og å endre den politiske kursen gjennom val.

Sjølv om det finst ordningar for demokratisk kontroll, er ansvaret spreidd mellom fleire institusjonar. Det kan gjere det vanskeleg for veljarane å halde makthavarane ansvarlege og å endre den politiske kursen gjennom val.  Noverande EU-president Ursula von der Leyen viser vegen for aukande maktkonsentrasjon.

Dette er eit svært viktig tema, ikkje minst for oss i nei-rørsla. Frå ja-sida vert dette ofte bagatellisert, noko som kom tydeleg fram i nokre av paneldebattane som var viktige programpostar i konferansen.

Andre tema.

Mykje av konferansen handla om endringar i EUs politikk dei seinare åra. Idar Helle, historikar, tok oss gjennom viktige hendingar som har sett preg på utviklinga. Både han og andre innleiarar som Rune Skarstein og Arne Overein såg nærare på tema som avindustrialisering, oppbygging av militærmakt og nedbygging av velferdsstaten. Helene Bank såg på EUs handelspolitikk og kampen om råvarene. 

Kenneth Haar hadde og ei innleiing om Draghi-rapporten og om den avreguleringa som finn stad i EU for å auka konkurransestaten. Dette er avreguleringar som kan gå utover arbeidsfolks rettar, velferdsgoder, klima mm. Målet er å fjerna ei kvar hindring, lita eller stor, som står i vegen for at marknaden skal styra, fritt og utan reguleringar.

Panelsamtalane.

Desse samtalane var leia av Ingunn Gjerstad, leiar i Oslo LO, laurdag og Atle Forfang, forbundssekretær Styrke LO, søndag. Eg vil gje ros til begge for at de var særs godt førebudde, og for måten dei styrte debattane på.

Ikkje uventa vart motsetnadene mellom nei- og ja-sida tydeleg i desse debattane, særleg i dei som gjekk føre seg laurdagen. Eg lærte eit nytt ord: ja-sida gjekk ikkje med på at EU held på med avreguleringar, nei det var meir re-reguleringar (kva no det måtte tyda).

Søndagens panelsamtale var av ein litt annan karakter, her var merksemda retta mot EU som militærstat, korleis nasjonalstatane ser på opprustinga, korleis oppbygging av forsvarsindustrien kan gå ut over velferdsstaten, skattenivået (eller finansierast med lån) og ikkje minst motsetnader mellom nasjonalstatane i unionen.

Avsluttande kommentarar frå mi side:

Som nemnd innleiingsvis kan ikkje denne artikkelen på heimesida vår ta for seg heile programmet.

Det eg vil ta opp avslutningsvis er følgjande:

  • Korleis skal me få presse og media til å interessera seg meir for desse høgst aktuelle teamene som denne konferansen tok opp?
  • Korleis skal me få meir politisk debatt om desse sidene ved EUs utvikling? Så langt er det nesten eit ikkje-tema.
  • Korleis skal me i nei-rørsla sjølve ha meir fokus på den reelle situasjonen i dagens EU,  og slik sikra kunnskap og informasjon ut til folket om den utviklinga i EU som denne konferansen har sett søkjelyset på? Heller ikkje nei-rørsla har prioritert å setja desse tilhøva nok på dagsorden, her har me definitivt ein veg å gå.
  • Ja-rørsla etterlyser ein kunnskapsbasert debatt. Meiner dei det? Det er me undring me såg at det var svært vanskeleg å få ja-folk til å stilla i konferansen, me kontakta Europabevegelsen, alle ja-partia, NHO og mange andre som har markert seg på ja-sida. Litt merkeleg at alle skulle vera opptekne denne helga…

Konferansen vart til gjennom eit langt og grundig samarbeid mellom 6 av Nei til EUs fylkeslag: Akershus, Hordaland, Oslo, Sør-Trøndelag, Vest Agder og Østfold.

Eg vil på vegne av meg sjølv og fylkeslaget mitt, Hordaland Nei til EU, takka for eit særs godt, interessant og ikkje minst kjekt samarbeid. Det har vore veldig flott med samarbeid på tvers av fylkesgrensene, me har vorte betre kjente med kvarandre og me har skaffa oss ei solid nettverk som kan nyttast ved seinare høve. Saman får me meir til!

Særleg takk til Ole Kristian Setnes, leiar i Oslo Nei til EU, som tok initiativet til konferansen, hadde ideane til programmet og som inspirerte oss andre til å delta aktivt i arbeidet. Me treng slike strategar som tenkjer langsiktig i Nei til EU, som engasjerer og som får folk med seg!