Gå til hovedinnhold
Toril Mongstad leiar i Hordaland Nei til EU

Kampen for ein normalt fungerande handelsavtale held fram. EØS-avtalen må vekk!

18. feb. 2026
EØS-avtalen viser seg meir og meir som ein politisk og overnasjonal styrande avtale som påverkar norsk politikk på store og viktige politikkområde. Det er nesten ikkje grenser for kva EU, gjennom EØS-avtalen, skal leggja seg opp i. Det gjeld og innverknad på norsk arbeidsliv.

Kampen for ein normalt fungerande handelsavtale held fram. EØS-avtalen må erstattast.

EØS-avtalen viser seg meir og meir som ein politisk og overnasjonal styrande avtale som påverkar norsk politikk på store og viktige politikkområde.  Det er nesten ikkje grenser for kva EU, gjennom EØS-avtalen, skal leggja seg opp i. Det gjeld og innverknad på norsk arbeidsliv.

Då eg nyleg deltok på Trondheimskonferansen, ein stor, årleg og viktig konferanse arrangert av LO i Trondheim, vart det heilt klart for meg at skal me vinna kampen om å få erstatta EØS-avtalen med ein normal handelsavtale, må me ha fagrørsla med oss. Dette kjem eg attende til.

Kvifor brukar eg orda normal handelsavtale? EØS-avtalen omhandlar og handel, og då den kom på 90-talet, skulle den erstatta handelsavtalen frå 1973.  Dei fire fridomane, traktatfesta i EU, ligg til grunn for handelen, marknadens fridom innan kapital, varer, tenester og arbeidskraft. All konkurransevridande aktivitet er forbode i den marknadsliberale politikken som ligg til grunn i EU sine traktatar. Denne politikken har me forplikta oss til å følgja gjennom EØS-avtalen. EU-lov skal ha forrang for norsk lov.

Ja, handel er framleis ein viktig ingrediens i avtalen, men måten denne avtalen grip inn i lov- og politikkutforminga i landet vårt på aukar i eit svært raskt tempo.

Når det gjeld arbeidslivet, ser me at fri etableringsrett og arbeidsinnvandring frå EU-land har ført til auke i arbeidslivskriminalitet, ein konkurranse om å tilby arbeidskrafta til lågast mogeleg timepris og mangel på arbeidskontraktar etter norsk modell. Me ser framveksten av eit arbeidsliv som i fleire og fleire bransjar brukar bemanningsbyrå heller enn å tilsetja folk i permanente stillingar. Me ser låg organisasjonstilknytting, noko som svekker det organiserte arbeidslivet og den norske modellen som den solide plattforma. I tillegg fører EØS-avtalens anbodsregime til at norsk industri ikkje kan favoriserast. Alle i EU-området konkurrerer om større oppdrag, og då er omsynet til norske arbeidsplassar eit ikkje-tema.

Rett nok er det no forbod mot bemanningsbyrå i visse bransjar i Oslo og Oslofjordområdet. Dette har vist seg å vera vellukka, men er så langt uavklart i høve ESA si handsaming av forbodet. Fagrørsla ønskjer eit forbod i heile landet, for alle bransjar. Er det mogeleg å oppnå innanfor EØS-avtalens rammeverk? Neppe.

Kva med støtte til norsk industri for å oppretthalda viktige industribedrifter i landet? Er det lov innanfor EØS-avtalen? Eit tydeleg eksempel her er straumstøtta, eller også Norgespris på straum. Slike ordningar kan ikkje tilbydast bedrifter, korkje små eller store. Det er subsidiar og vil skada konkurransekrafta. Norsk industri taper og oppdrag for utanlandske tilbydarar med utanlandsk arbeidskraft og ofte dårlegare arbeidsvilkår. 

EU-lov har forrang for norsk lov, det gjeld og norsk arbeidslovgjeving. Det må fagrørsla ta innover seg.

Når den viktige Industriaksjonen ikkje skal meina noko om EØS-avtalen, seier dette noko om sprengstoffet det er i denne avtalen. Framleis hevdar mange den slitne myten om at me ikkje for seld varene våre utan denne avtalen. Kva gjorde me då me hadde handelsavtalen frå 1973 og fram til EØS-avtalen? Kva gjorde me før 1973? Me selde varene våre! Land i EU og i resten av verda, handlar fordi dei har trong for varer og tenester.

Norge har mange verdfulle ressursar eigna for eksport. Varene våre er ettertrakta. Det er viktig å kunna eksportera til både Europa og til resten av verda. Og det er ikkje minst viktig å ha sjølvstendig råderett over desse ressursane. Nye direktiv kan rokka ved dette. 

Det er grunn til å spørja fagrørsla om suverenitet, sjølvstyre og demokrati er verdt å ofra for ein handel som me uansett vil få til med ein normal handelsavtale? Kor lenge skal fagrørsla  akseptera ein EØS-avtale som gjer oss handlingslamma på viktige samfunnspolitiske politikkområde?

EØS-avtalen er ei utfordring me ønskjer å ta saman med fagrørsla. Hordaland Nei til EU er klar!

Me seier ja til samarbeid, men nei til politisk overstyring frå Brussel.